norangsfjorden1

x-Kart-ikonNorangsfjorden er namnet på fjordarmen som knekk inn mot aust frå sjølve Hjørundfjorden. Den omfattar Lekneset, Urke, Urkegjerde, Klokk, Håndlykken, Maude, Øye, Skylstad, Norangshol, Norang og Stenes. Fjorden var bindeledd mellom gardene heilt fram mot 1950.

Norangsfjorden, Øye og Norangsdalen er historisk kjende namn innan turisme. I sommersesongen kom store turistskip og sette i land turistar på Øye. Skysslag for transport over til Hellesylt vart ei kjerkoma ekstra inntektskilde for mange. Det kunne vere meir enn 70 skysskarer som stillte opp då drifta var på sitt beste framover mot 1930-talet. Så stilna det heile av...

Så rundt rekna siste ti åra har det heile igjen skote fart. Området vekjer på ny internasjonal interesse. Vi har hatt mange kjende ansikt innom, blant anna mange frå det europeiske kongehuset.

Geitehald og oppdrett på både land (rev og mink) og i fjorden (laks) har vore næringsveg her inne. Lenge stod gartneriverksemda i ei særstilling. I dag har nokre jordbruk i kombinasjon med turisme på somarstid som inntektsgrunnlag.

Mange dag- eller vekependlar til arbeid på Sæbø, til Ørsta eller nabokommunane Stranda og Sunnylven. Det er barneskule på Øye. Dit må også ungdomsskuleelevane om rasfaren er for stor til å reise til Sæbø.



 

 
Hotel Union Øye (Gammalt foto)
Hotel Union Øye



Turisme i Norangsfjorden

Fra 1886 vart det opna sommarrute med dambåt Hellesylt, Geiranger, Ørskog til Hjørundfjord. Fram til då hadde det vore ein strabasiøs tur å kome hit. No kunne turismen settast i system.

Engelskmenn kom tidleg til Øye, Norangsdalen og Hjørundfjorden, andre turistar etter. Dei måtte ha overnatting og mat, og dette ga grunnlaget for hotelldrift.


I beste tida frå ca 1890 til 1940, låg det ei tid heile fire hotell frå Øye og opp Norangsdalen:

  • Hotell Fønix bygd 1883 på markane rett opp fra nausta nede ved fjorden, men blåste ned etter nokre år. Nytt hotell Fønix vart bygd på ei tomt tvers over vegen for der Hotel Union ligg i dag. Dette var ei tømmerbygning på to etasje med kjellar. I 1942 braut det ut brann som slo over til to nabohus som også brann ned til grunnen. Husa vart bygd opp igjen, men Fønix som hotell var historie.
  • Hotel Norangdal etablert på Fivelstadhaugen og teke i bruk i 1885.
    Garden hadde tidlegare fungert som skysstasjon og utvida no til hotelldrift. Etter påbygning kunne femten til tjue gjestar overnatte rundt 1925.
    I dag fremstår hotellet med ny glans - no også som selskapslokale: Villa Norangdal.
  • Hotell Retiro (1890) hadde tjue gjesterom og låg på Norang. Det låg høgt og fritt med utsikt over fjorden. Etter drift i berre tre år gjekk det konkurs.
    Hotellet vart demontert og vart frakta til Askøy utanfor Bergen.
  • Hotel Union vart bygd i 1881 som ei moderne prangande bygning på tre etasjer. Hotellet kom tvers over vegen av hotel Fønix, og vart nok ein tøff konkurrent. Det nye hotellet gjekk rett nok konkurs alt etter første sesong, men kom i gang att gjennom eit aksjelag. Hotellet fikk så ei glansperiode med både mykje fint folk innom dørene heilt til fram til start av 2. verdskrig.
    Så kom nedgongstider for hotellet. I etterkrigsåra går Hotel Union Øye meir eller mindre inn i gløymsel, før det vart ”oppdaga” på ny tidleg på 1990-tallet. Då går idealistar i gang med å få hotellet tilbake til tidlegare glans. Dei neste 8 åra vert så hotellet restaurert. Det vert kjøpt inn tidsrett inventar, og ny marknadsføring kjem på plass.  I 2001 var hotellet 110 år gammalt og nyrestaurert som eit romantisk “fjordslott” i sveitserstil. www.unionoye.no

 


Sogelagsbøker

Her kan vere fleire feil. Sei frå om du ser nåke som må rettast opp!

Kjelde: I hovudsak 
Hjørundfjord sogelag
sine bøker & Ragnar Standal sine bøker
Dei bør du få med deg om du er interessert i fjorden her!