Hjørundfjord sogelag vart skipa 11.januar 1978 og
hadde såleis 25-årsjubileum i 2003. "Laget
skal arbeide for å ta vare på minne om folkelivet
i farne tider. Eit vidare mål for laget er å skape
interesse for fortida og knyte band mellom folket før
og no, og vidare til komande slekter". Denne målsetjinga
har medlemane i fellesskap arbeidd for å nå.
Arbeidet med årsskrifta må nemnast spesielt.
Lista over årsskrifta viser at fleire vesentlege emne
er handsama. Innhaldsregistera i årsskrifta viser ei
uvanleg breidde med omsyn til artikkelskribentar. Hjørundfjordingane
har til fullnad vist at dei er skriveføre, og det må
vere rett å seie at utruleg mange har vore med i arbeidet
som ligg bak 25årsskrift på til saman 4536 sider.
Jarle Walseth
|