Den kalde krigen i Europa

I denne oppgåva har eg tatt føre meg den kalde krigen i Europa, "jernteppet" som delte Europa og litt om NATO. Grunnlaget for den kalde krigen vart lagt allereie i 1917 då kommunistane tok makta i Sovjetunionen og åra fram til 1941. Sovjetunionen vart sett på som eit føredøme av arbeidarar i mange land, bl.a. fordi kommunistpartiet støtta kommunistparti i andre land og arbeidde for ein verdsrevolusjon. Dermed blei det aust mot vest. Kommunismen mot kapitalismen. Sovjetunionen støtta aust medan USA støtta vest. Under andre verdskrig kjempa Sovjet og USA på same side frå 1941 trass i motsetnadene, men dei gamle motsetnadene dukka opp med ein gong tyskarane vart slått.

Jernteppet deler Europa

"Dei tre store", Storbritannias statsminister Winston Churchill, USAs president Franklin D. Roosevelt og Sovjetunionen sin partisjef Josef Stalin møttest i Jalta på Krim, til den såkalla Jaltakonferansen i feb. 1945.

Føremålet med Jaltakonferansen var mellom anna å sørgje for at Tyskland aldri meir kunne truge freden i Europa. Sidan Sovjetunionen hadde lidd mest under andre verdskrig, blei sigerherrane samde om at Sovjetunionen skulle få meir å seie i Aust-Europa. Polen måtte t.d. gi frå seg område i aust til Sovjetunionen. Seinare ville Sovjet at alle dei austeuropeiske statane skulle bli kommunistiske. Stalin hadde over 6 millionar soldatar ståande i Aust-Europa. Dermed hadde han makt til å gjere kva han ville.

Under ein tale i 1946, brukte Winston Churchill, leiaren i Storbritannia ordet" Jernteppet" for første gang for å skildre kva som var i ferd med å skje i Europa. Det gjekk brått eit jernteppe gjennom Europa, og delte Europa i vest og aust. Kapitalisme mot kommunisme. Landa som var under kommunistisk kontroll var: Aust-Tyskland, Tsjekkoslovakia, Polen, Ungarn, Romania, Bulgaria og Albania. I vest var dei redde for at kommunistane skulle overta landa der og. Viss Sovjetunionen fekk overta ein stat/ gjere han kommunistisk, ville det skape ein dominoeffekt. I USA meinte ein at viss ingen greip inn ville denne dominoteorien slå an, derfor skulle Truman-doktrinen og Marshall-hjelpa stoppe dette. Trumandoktrinen slo fast at USA ville hjelpe Hellas og Tyrkia, og støtte alle folk som følte seg truga av kommunistane.

Marshallplanen hjelper Vest-Europa

Etter krigen vart det vanskeleg å få i gang næringslivet att. Mange var huslause, og det var mangel på mat. Under slike høve hadde kommunismen stor appell. Marshall, den amerikanske utanriksministeren, ville motverke dette og la fram ein plan for å byggje opp igjen Europa. Alle landa fekk dette tilbodet til og med Sovjetunionen. Vilkåret for å få hjelp, var at alle landa skulle gå inn i ein økonomisk organisasjon og samarbeide. Sovjetunionen ville ikkje gå med på dette. Styresmaktene i Sovjetunionen nekta landa bak jernteppet å ta imot hjelpa, dermed forsterka Marshall- hjelpa delinga av Europa. På fire år gav USA til sammen 13 milliarder dollar til 16 europeiske land. Først kjøpte dei matvarer, dyrefor, kunstgjødsel osv, så kjøpte dei transportutstyr. Slik hjelpte dei landa mot kommunismen, og dei fekk ein marknad for amerikanske varer.


Sovjetunionen hindrar forsyningar til Berlin

Tyskland blei delt opp i fire okkupasjonssoner i 1945. Amerikanske, britiske, franske og sovjetiske tropper kontrollerte kvar si sone. For at vestmaktene skulle få frakte forsyningar til desse sonene måtte dei gjere det via Berlin som var i sovjetisk sone.

I vest ( i den amerikanske, britiske og franske sona) hjelpte dei til med å få i gong næringslivet att, men i aust flytta dei fabrikkar, landbruksmaskiner og jernbaneutstyr austover for å bygge opp Sovjetunionen. Det var derfor mykje betre å bu i Vest-Berlin enn i Aust-Berlin.

Blokaden sette ein stoppar for forsyningane til vestberlinarane. Vestmaktene fann ei løysing på dette, Dei oppretta ei luftbru til Berlin. Dei var redde for at dette ville føre til krig, men dei prøvde likevel på det. Dei skulle bl.a. frakte kol til to millionar menneske med fly, og med streng rasjonering greidde luftbrua å forsyne vestberlinarne. Stalin kunne ha forhindra forsyningane ved å skyte ned flya, men han var redd for at det ville bryte ut krig, og etter 318 dager innsåg han at slaget var tapt. Dermed oppheva han blokaden.


NATO blir oppretta, og Tyskland blir delt

Berlinblokaden var ein av grunnane til at landa i vest gjekk saman i ein militær allianse. USA, Canada og ti vesteuropeiske land skreiv under NATO traktaten i 1949. Den slo fast at viss eit av desse landa vart angripne, ville det vere som eit angrep på alle. Etter traktaten starta kappløpet om å lage dei beste våpna. I I 1949 slo vestmaktene saman okkupasjonsområdene sine og oppretta ein ny tysk stat: Sambandsrepublikken Tyskland. Vest-Berlin tilhørte denne staten. Sovjetunionen gjorde straks det same og danna Aust-Tyskland om til Den tyske demokratiske republikken. Seks år etter at NATO blei oppretta, kom Vest-Tyskland med i forsvarsalliansen, i 1955. Som motvekt til NATO skipa Sovjetunionen sin eigen militær allianse, Warszawapakta, for landa i Aust-Europa.

 


Den raude linja viser jernteppet som delte Europa.