Fulle
av forventning starta elleve elevar frå 10.kl., to lærarar,
seks foreldre og to besteforeldre turen med nattbuss fredag
12.september 2003. Morgonen etter møtte vi resten av
reisefølgjet vårt ved Tangenåsen skule på
Nesodden, og deretter starta den lange bussturen mot Polen.
Ein tur med Aktive Fredsreiser er ei litt annleis reise:
Ei reise for å lære om den andre verdskrig og dei
lidingar menneska i konsentrasjonsleirane blei utsette for.
Ei reise for å skape forståing for kor viktig det
er å motarbeide haldningar som ikkje er basert på
respekt for dei grunnleggjande menneskerettane.
Ei reise for å oppleve andre byar og land.
Ei reise for å møte menneske og kulturar, språk
og historie.
Vi reiste
ikkje ut i Europa berre for å bli kjent med menneska
sine destruktive krefter. Det er også viktig å
ha fokus på kultur og kreativitet, vise menneska sin
skaparevne - fredsvilje og evne til glede.
Ei reise med Aktive Fredsreiser er ei reise for livet!
Etter
at vi kom heim har vi brukt reisa som utgangspunkt for eit
tverrfagleg prosjekt,
der elevane har jobba med ulike tema. På desse nettsidene
kan du lese om resultatet av prosjektet.
|