Hjørundfjord sogelag
Årsskrift 27
Årsskrift 26
Den store hesteferda
Årsskrift 25
Dei gamle orda innst i "Hjørundfjåra"
Kulturvandring - 03
Årsskrift 24
Årsskrift 23
Årsskrift 22
Alle årsskrifta
Den historiske kvervelvind
Bildeprosjekt
Om sogelaget
Kontakt

 

Om sogelaget

Hjørundfjord sogelag vart skipa 11.januar 1978 og hadde såleis 25-årsjubileum i 2003. I mars månad var det stor høgtiding av dette jubileet på Bondalen Grendahus. "Laget skal arbeide for å ta vare på minne om folkelivet i farne tider. Eit vidare mål for laget er å skape interesse for fortida og knyte band mellom folket før og no, og vidare til komande slekter". Denne målsetjinga har medlemane i fellesskap arbeidd for å nå.

Første storprosjektet til sogelaget var Hjørundfjordutstillinga i juni 1979. Kring 1200 eldre ting var utstilte på Sæbø skule. 3700 vitja utstillinga- eit økonomisk grunnlag var lagt - nye tiltak kunne realiserast.

Første kulturvernprosjektet vart Strandabøen, seinare har sogelaget vore særleg aktive med vernearbeid i Storfjordområdet. Både Tue- og Tingstova, og siste året, Jod-buda på Bjørke har vore særleg viktige prosjekt for sogelaget. Våren 2003 vart restaureringa av Jod-buda med torvtak vere avslutta.

Elles må vel arbeidet med årsskrifta nemnast. Lista over årsskrifta viser at fleire vesentlege emne er handsama. Innhaldsregistera i årsskrifta viser ei uvanleg breidde med omsyn til artikkelskribentar. Hjørundfjordingane har til fullnad vist at dei er skriveføre, og det må vere rett å seie at utruleg mange har vore med i arbeidet som ligg bak 25årsskrift på til saman 4536 sider.

Mykje verdfullt tradisjonsstoff frå Hjørundfjorden er dermed sikra for komande generasjonar, og breidda i stofftilfanget er stor;vi får høyre om glede og sorg, spaning og slit, kvardagsliv og høgtid , fiske og fangst. Vi møter fjorden i solskin og svartestille, men også i eit einaste rok opp-piska av rasande tynnaknutar medan snøfonnene buldrar i fjellsidene.

Ofte kjem vi nær menneska som kavar og slit for levebrødet i denne mektige, men krevande naturen. Vi møter dei kippskodde i guthelgdansen på sætra, men også i dramatisk kamp for sitt bare liv under snøfonna.

Alle med slekt og/eller interesse for Hjørundfjorden må kike grundig gjennom innhaldsregistera til årsskrifta! Mange av årsskrifta er vi i ferd med å bli utselde, så det hastar for dei som vil sikre seg dette stoffet!

Ansvarleg for sidene er: Johs. Halland