Hjørundfjord sogelag
Årsskrift 27
Årsskrift 26
Den store hesteferda
Årsskrift 25
Dei gamle orda innst i "Hjørundfjåra"
Kulturvandring - 03
Årsskrift 24
Årsskrift 23
Årsskrift 22
Alle årsskrifta
Den historiske kvervelvind
Bildeprosjekt
Om sogelaget
Kontakt

 

Minne frå Hjørundfjord

Minne frå Hjørundfjord
Av doktor Kjell-Einar Ljones.

Det kom eit hyggeleg brev for ei tid sidan. Hjørundfjord sogelag skulle dette året skrive om helsestellet i farne år, og i det høvet fekk eg spørsmål om å skrive litt om tida i Hjørundfjorden. Det var også eit spørsmål om eg kunne ta med litt om Rise-ulukka i 1968 slik eg opplevde den.Så har eg site nokre kveldar og tenkt tilbake. Minne renn meg i hugen, det er så mangt eg ville få med. Så blir det nokre spreidde glimt.

Då eg kom til Sæbø i 1966, var det planar om ny bustad og nye kontor, og bygget stod ferdig tidleg på hausten 1967. Den tida var det også tre utekontor; Bjørke, Urke og Øye.

Det kunne vere mangt å skrive om dette, men av plassomsyn let eg det ligge. Likevel må eg nemne kontoret på Bjørke der stram lukt av tang og tare blanda seg med songen frå bårene som skvulpa under huset.
Eg må ta med nokre minne:

I det gamle kaihuset fann eg mykje papir og gamle protokollar som neppe var arkivert i samsvar med gjeldande reglar! Eg tok vare på alt dette då vi flytta inn i nyehuset i 1967, og eg vonar det framleis finst der. Litt frå ein gamal protokoll må eg ta med, og sjølv om eg skriv etter minnet, trur eg det er rett. Det var ein "Protokol for Storfjordens Jordmoderembede" frå hundreårsskiftet. På første blanke sida hadde jordmora skrive med sirleg handskrift: "Næst efter Gudfryktighed er Renslighed den største Dyd." Litt av eit motto for ei jordmor.

Så kom alt det som hadde hendt i løpet av året i hennar arbeid, og protokollen vart send til Voldens distriktlæge for godkjenning. Han godkjende den med eit par små merknader, og så kom det eit PS: "At De kan tillade Dem at ruble uvedkommende ting i en offentlig protokol, må jeg på det sterkest påtale."
Ja, ja, det var ei tid!

Eit par små pasientminne må også med. Skulle nokon dra kjensel på dette, vil eg ikkje tru det er noko alvorleg brot på teielovnaden.
Like etter at eg kom til Sæbø, fekk eg besøk av ein original som møtte meg med fylgjande: "Eg er så sår i halsen." Eg undersøkte han slik eg hadde lært på doktorskulen og meinte det måtte vere ein kronisk halsirritasjon. Ut frå dette gav eg dei vanlege råda. Så kom det: "Ja, det seier alle legane, og de har vel ikkje så mykje greie på det. Men veit du kva eg brukar? Jau, eg har ein bit av eit gamalt katteskinn. Eg festar ein hyssing i det, svel det ned i halsen og dreg det opp og ned nokre gongar. Det skal eg seie reinsar opp." Om eg skal tilrå denne behandlinga, er eit anna spørsmål.

Så litt om gamlefar. Han var over 90 år, og eg hadde mang ein fin samtale med han. Han fortalde m.a. at han etter ein stygg skade med øks hadde sydd såret sjølv med vanleg tråd, så han var nok ein hardhaus. Så bar det slik til at han måtte til ein spesialist i Ålesund som øyeblikkeleg hjelp, og vedkomande var kjend for å vere litt morsk og svært hardhendt. Etter ei tid kom plagene att, og eg nemnde at han kanskje måtte ein ny tur. Då kom tårene, gamlefar tok handa mi i begge sine og sa:" Nei, kjære doktor. Lat meg heller få døy her, for det var ikkje menneskeleg behandling eg fekk". Dette er faktisk berre vel 30 år sidan, men det eksisterte ikkje pasientombod og klagerett den gongen.

Sjølv om artikkelen blir litt lang, må eg ta med ein livslagnad som fortel litt om tilhøva før århundreskiftet. Det var gamle Berte Marie Rønning som fortalde meg soga ein kveld eg sat i den vesle, lune stova hennar. Når eg tenkjer på henne, kjem eg i hug Blix si vakre hylling til barndomsheimen; "Eg kjende så vel kor det anda Guds fred." Det er ikkje direkte pasientopplysningar, men eit minne til ettertanke og ein grunn til takksemd for helsestellet vi har i dag. Diverre vart ikkje dette skrive ned, så eg må ta det etter minnet:

Berte Marie var fødd i 1887 i Sledalen. Ho hadde to eldre brør, og foreldra hadde berre fått desse to borna. Dei hadde også dreng . Så kom det skarlagensfeber i garden, og drengen døde. Då faren skulle lage kista, hadde mora sagt: "Eg trur du må lage den større." Det gjekk som mora ottast, også dei to små døde. Den felles kista vart sett på ein haug oppom huset for at vinden skulle blåse den rein. Nokre naboar henta kista og førde den til gravstaden, foreldra fekk ikkje vere med i otte for smitte. "Men kvar vår," sa Berte Marie, "på den tida då dei små døde, gjekk ho mor opp på haugen der ho sat og gret."


Arill Riise i samtale med dåverande kronprins Harald. Bak Arill står doktor Kjell Einar Ljones. Foto: Anders Hustadnes, 1968.

Det som likevel vil leve lengst i minne, er dei dramatiske sekund og timar måndag morgon 19. februar 1968. Vi veit både av erfaring og frå forskning at svært sterke inntrykk og panikkarta opplevingar har lett for å bli hugsa annleis enn dei eigentleg var. Difor har det vore noko ulike meiningar om kva som eigentleg hende. Eg skreiv ned det meste, og eg har også ein serie med lysbilete eg tok nokre dagar etter ulukka.

Hausten 1967 var vel som vanleg, men like før jul kom det mildvèr heilt opp til dei snødekte toppane. Med etterfylgjande frost vart det hard skare, og på nyåret starta det å snø. Fjomlett mjellsnø frå nord og nordvest, dag etter dag og veke etter veke. Midt i februar var klestativet i bakgarden berre ein liten haug, og det var vel over halvannan meter snø nede på Sæbø. Dei gamle ottast det verste. Eg hadde legevakt søndag 18. februar, og då kom eg i prat med gamle Rasmus Riise. Han såg opp mot fjella og snøen, og så kom det med ein viss otte i røysta: "Dette blir ei skadenatt i Hjørundfjorden." Han tenkte vel neppe på Risegardane. På eit av våre mange og trivelege besøk i lensmannsgarden var også fonner og fonnfare eit samtaleemne. Då siterte John Riise faren sin som skulle ha sagt omlag slik: "På Rise sit vi trygt som i ei borg."

Om kvelden denne søndagen var snøvèret ekstra ille. Eg kom att frå mitt siste sjukebesøk i Ørsta omlag kl 23.30, og då var det så mykje nysnø på vegen at det fauk opp på bilpanseret. Ukjend som eg var med snøras og fonnfare, hadde eg også sjølv ei viss uhyggekjensle, og det var nok ikkje berre vakta som gjorde at søvnen var uroleg den natta.

Om morgonen vakna eg litt før sju av telefonen, det var røysta til Brit Eide: "Du må kome fram til Rise, heile tunet er teke av fonna. Alle telefonliner ut frå Sæbø er øydelagde i natt, så vi kjem ikkje ut med beskjed." I same minutt ringde det på kontordøra, og då eg åpna døra, ramla Knut Riise utmatta innover golvet med eit naudrop: "Heile Rise er teke av fonna. Lensmanngarden og Årsethuset er heilt smadra. Eg høyrde mor rope då eg for, så der er nokre i live." Like etter starta også brannsirena opp og gjorde uhyggestemninga enno sterkare.

Eg raska opp i ein sekk litt reiskap og det viktigaste av medisin og for ned på vegen. Det var kome ein del folk, og to unge menn, Birger Wille og Sigbjørn Kvistad, vart sende med brannbilen for å nå i telefon og varsle. Vi vart frårådde å gå langs riksvegen, alle ottast at Skondalsfonna skulle kome med full tyngde. Vi byttast om å gå først med ski opp langs elvebarden, og på den første nådde snøen til midt på livet. Brått var det fast, mest steinhard snø. Det var fonnvinden som hadde pakka snøen saman.

Mange hadde kome seg fri med eiga hjelp, og til all lukke høyrde vi lensmannen rope nede i fonna. Det var langt frå der huset hadde stått, og hadde ikkje han vore medviten, hadde vi neppe greidd å berge så mange. Vi grov oss ned gjennom mykje knust materiale og fann først Ragna, kona til lensmannen. Til all lukke var huset i Pe-garden uskada, og dei hadde fyrt opp i omnen. Utan denne kjærkomne stasjonen for førstehjelp, hadde det nok ikkje gått så bra. Eg kan ikkje ta med for mange detaljer, bilete etter bilete flimrar for mitt indre, så tårene kjem. Der kjem dei inn med Arill. Han viste livsteikn då dei fann han, men brått fekk han respirasjons- og hjartestans. Grunnen er uviss, kanskje brå endring av temperatur og trykk. Til all lukke var der ein sjukepleiar til stades, og saman fekk vi han til live igjen.

Kjære Arill, skulle de lese dette, så vit at du har ein stor plass i hjartet mitt enno i dag. Så vesle solstrålen Ivar, jamngamal med vår eldste Bodil. Eg ser for meg den vesle gullguten, så ivrig som han var på søndagsskulen. Han skulle ikkje kome lenger. Eg prøvde alt eg hadde lært, men han var død då vi fann han.

Eg ser dykk for meg alle: Ansgar Urkegjerde og sonen Bjørn som overnatta på Rise fordi der var trygt. Bjørn som vi fann sist, og som så vidt overlevde. Anne-Berit, medvitslaus langt nede i ruinane på loftsdelen på huset som flytta seg minst 50-60 meter.

Vi fann dei to siste omkomne, Hjørdis og Torstein Årset, like før hjelpemannskapa kom. Kistene til dei omkomne vart sette på helsesøsterkontoret. Kyrkja sto utsett til for ras. Kona mi fortel at ho aldri vil gløyme kor sterkt det var først å legge våre 3 små om kvelden, for så gå inn for å stelle vesle Ivar til hans siste kvilestad...

Og det gjekk som gamle Rasmus Riise spådde. Kjerringekjeften på Finnes tømde seg med villskap over den vesle grenda, heile fjellsida i Stålberget kom over Stennes, og raset frå Skårasalen feia over heile marka på Skår. Inst i Sledalen øydela fonna ein del av huset, men folket var i den delen av huset som var uskada. Vegen mellom Urke og Øye og langs stranda frå Standal var berre ras i ras. Einar Frøland som førde doktobåten sa til meg: "Etter det er mørkt, kan vi kun gå når det står om liv, fjorden er full av skog og vrakgods."

Eit par dagar etter letta det opp. Det var trolsk vakkert. Sola var komen så høgt at den gylte dei kvite tindane, og nysnøen dekka litt av all den øydelgginga vi hadde vore vitne til. Det kom eit ekstrafly med journalistar, mellom dei ein frå Sverige. Han intervjua meg der vi sto framme på ruinane av Risetunet, og så kom det: "At nogot så vakkert kan vara så farligt!" Det fekk eg i sanning røyne.

Eit lite minne til; litt ut på seinvinteren var det NM i alpint på Bondalseidet. Dåverande kronprins Harald var gjest, og han vitja Sæbø for å høyre om ulukka og vise si medkjensle. Eg skulle orientere om redningsarbeidet og hadde sjølvsagt kledd meg fint for å møte slikt storfolk. Kronprinsen hadde sportsantrekk. Då eg beklaga at det var så vanskeleg å gå mellom alt vrakgodset, sa han på sin lune måte: "Jeg er nok bedre kledd jeg enn Dem til å gå her."

Eg må avslutte her, sjølv om eg kjenner at eg berre har fått med nokre spreidde glimt frå ei rik og utfordrande tid for ein ung lege.
Til slutt tek eg med litt om ei vanskeleg og samtidig kjær oppgåve eg fekk. På gravferddagen skulle eg legge ein krans på bårene frå folket på Sæbø. Eg veit ikkje kva som vart sagt, ord til trøyst blir så fattige og spørsmåla utan svar så mange i ei slik stund. Men eg prøvde å peike på ein evig Far som har omsorg for oss alle og eit namn som skal leva til evig tid.
Kjære dykk alle i Hjørundfjord. Det er mange vakre og glitrande perle i min minnekrans som knyter seg til dei gode åra vi hadde der inne.
Hareid medio, september 2000

Ansvarleg for sidene er: Johs. Halland