Hjørundfjord sogelag
Årsskrift 27
Årsskrift 26
Den store hesteferda
Årsskrift 25
Dei gamle orda innst i "Hjørundfjåra"
Kulturvandring - 03
Årsskrift 24
Årsskrift 23
Årsskrift 22
Alle årsskrifta
Den historiske kvervelvind
Bildeprosjekt
Om sogelaget
Kontakt

 

Den store hesteferda

Laurdag 28.august starta " Den store hesteferda". Detter er eit samarbeidsprosjekt mellom mange sogelag frå Hjørundfjord til Åndalsnes. Bakgrunnen for prosjektet er bøkene "Veger før vegar var" av Ragnar Standal som fortel om ferdselsveier i gamle dagar. Romsdalsmarknaden på Devold gard ved Åndalsnes var eit viktig mål for bønder, fiskarar og hestehandlarar på 1700 og 1800 talet.

Det var ein lang veg å gå for mange. Ein veg med fleire fjordkryssingar og høge fjellovergangar. Det er nett denne vegen til Romsdalsmarknaden som skal gåast oppatt no i 2004. Særleg spennande er det at heile ferda skal filmast av NRK. Til jul vil dei vise ein 45 minutts lang film frå hesteferda.

Hjørundfjord sogelag hadde ansvar for tilrettelegging av scener, innøving av replikkar og ikkje minst kostymer for filminga på laurdag og søndag. Bileta under viser klipp frå filminga av fjordkryssinga frå Sæbø til Urke. I tillegg vart det filma i Norangsdalen og på Haukåssetra. Mange amatørar vart hyra inn i dei ymse rollane. Rokarar, budeier, gjetargutar, hestekarar og eit heilt taterfølgje.

Johs. Halland

   
Ansvarleg for sidene er: Johs. Halland