Hjørundfjord sogelag
Årsskrift 27
Årsskrift 26
Den store hesteferda
Årsskrift 25
Dei gamle orda innst i "Hjørundfjåra"
Kulturvandring - 03
Årsskrift 24
Årsskrift 23
Årsskrift 22
Alle årsskrifta
Den historiske kvervelvind
Bildeprosjekt
Om sogelaget
Kontakt

 

Føreord

Føreord

Frå Hjørundfjord
er utgjeve av Hjørundfjord sogelag. Det er eit årsskrift som kjem ut i desember kvart år. Sogelaget ønskjer å fortelje om folkelivet i Hjørundfjord i tidlegare tider med mål å skape interesse for vår felles historie, slik at ein knyter band mellom folket før og no. Vi er også særleg opptekne av å nå i utflytte hjørundfjordingar med årsskriftet vårt. Hardt slit for det daglege brød på tungdrivne småbruk var ofte den kvardagslege realitet, men i solskin og svartestille kunne ein kvile auga og sinnet med dei vakraste naturbilete. Årsskriftet skal vere ein tur heim i juletida til ettertanke. Hjørundfjordingen er stolt av røtene sine, og sogelaget ønskjer å stimulere til heimlengt. Vona er at nye generasjonar skal finne arbeid og livskvalitet i vår mektige natur. Filosofen Rousseau lanserte på slutten av 1700-talet slagordet "tilbake til naturen". Vi ønskjer som han attendeflytting, og at ljos atter skal lyse frå fråflytta tun. Hjørundfjorden er den vakraste fjord!
Denne gongen er det småindustrien som er hovudtema i årsskriftet. Rundt om i bygdene var det mange handverkarar som starta opp med småindustri. Nokre få dreiv relativt stort og sikra arbeidsplassar til fleire, andre skaffa seg sjølv ei inntekt til å føde ein familie. Nokre trong ei biinntekt å skøyte på ein liten gard for såleis å skaffe seg eit levebrød. Det viste seg raskt at vi her har ei stoffmengde som gjer det umogleg å få med alt i eitt tidsskrift. Fleire artiklar om temaet ligg derfor ferdiggjorde på vent til neste årsskrift.
To andre tema var det også naturleg å gje ei meir omfattande dekning dette året. Unionsoppløysinga i 1905 var eit nervepirrande politisk oppgjer mellom grannar. Denne saka vekte eit sterkt nasjonalistisk fellesskap også i Hjørundfjorden. Gunnar Ellingsen har skrive ein artikkel om dette storhendet, Ola Skylstad eit dikt. Tradisjonen tru har Ellingsen også funne fram fakta frå livet elles i Hjørundfjord kommune for hundre år sidan.
Hjørundfjord kyrkje har 125-årsjubileum i 2005. Oddbjørg Tvergrov har skrive eit attersyn over dei siste 25 åra i den lokale kyrkjesoga. Fløydørene til alterskapet har fått ein eigen artikkel. Jakob E. Øye har skrive ein prolog om Hjørundfjord kyrkje til Frå Hjørundfjord. Elles har ein med artiklar om stoff som har runde år. Arnold Hustad fortel om forsvinningsgåta på Risestøylen i 1905. På 7-årsdagen sin vart Ingeborg Riise frå Pegarden sporlaust borte. Elles døydde Jørgen Hustadnes 9. januar i år. Han har gledd mange med dagboksnotatane sine frå 1937-1947. Det viser seg at han har følgt godt med kva som skjedde i hans kjære Hjørundfjord også etter at han flytta til Oslo i 1947. Vi tek med utdrag frå dagbøkene hans for 1954 og 1955.Ein artikkel med hovudvekt på det politiske livet i Hjørundfjord er også med.
Elles finn ein nokre artiklar med fritt valde emne til slutt i årsskriftet. Torbjørn Urke tek oss med på kulturvandringa til Molaupen og Trandal - ei ugløymande oppleving for dei fleste som deltok. Årsrevyen som vart introdusert i førre årsskriftet, vert ein årleg tradisjon.
Skriftstyret vurderer kvar artikkel for seg sjølv og har mellom anna stor sans for ein dialektnær uttrykksmåte. Det er svært gledeleg å kunne fortelje at stofftilgangen berre ser ut til å auke, og nye skribentar dukkar stadig opp. Denne gongen er det sjølvsagt at årsskrift for 2006 må ha same hovudtema som dette. Vi har mellom anna fleire snikkarverkstadar og smier som står for tur. Like eins bør også anna næringsverksemd som t.d. pelsdyroppdrett, gartneri og handel få plass i vår lokale soge. Det er viktig at lesarane kjem med idéar og tips om aktuelt stoff. Gode bilete er vi også svært interesserte i.
Skriftstyret vil til slutt rette ei stor takk til alle som deltek i dugnadsarbeidet som fører til nye nummer av Frå Hjørundfjord. Takk til artikkelskribentar, bileteinnsamlarar, illustratørar, alle kjelder -og alle som deltek i salsapparatet. Vi gløymer sjølvsagt ikkje alle kjøparar som er det nødvendige økonomiske grunnlaget for å realisere komande årsskrift.

For skriftstyret
Jarle Walseth, redaktør

Ansvarleg for sidene er: Johs. Halland