Hjørundfjord sogelag
Årsskrift 27
Årsskrift 26
Den store hesteferda
Årsskrift 25
Dei gamle orda innst i "Hjørundfjåra"
Kulturvandring - 03
Årsskrift 24
Årsskrift 23
Årsskrift 22
Alle årsskrifta
Den historiske kvervelvind
Bildeprosjekt
Om sogelaget
Kontakt

 

Føreord

Føreord

Frå Hjørundfjord er utgjeve av Hjørundfjord sogelag. Det er eit årsskrift som kjem ut i desember kvart år. Eit viktig mål for sogelaget er å ta vare på minne om folkelivet i farne tider, skape interesse for fortida og knyte band mellom folket før og no. Skriftstyret ønskjer at utflytta hjørundfjordingar kvart år i førjulstida skal få seg ein god tur heim. Det er godt å ha røter, og det er viktig å hugse på dei som gjekk før oss og deira slit på tungdrivne småbruk for å skaffe utkome til seg og sine.

Dette årsskriftet har misjonsverksemd som hovudtema. Rundt om i Hjørundfjorden grodde det fram mange misjonsforeiningar. Strevsame fingrar under varme hjarte arbeidde fram gevinstar. Høgdepunktet var basaren, ein sosial møtestad der fellesskap og samhandling ga inntekter til dei langt ute i verda som trong hjelp både til åndeleg og verdsleg føde. Eit anna tema har også fått brei dekning i skriftet - nemleg minne etter tatarane, eller "splinten", som vi oftast kalla dei. Det hastar med å skrive ned minna om dette eksotiske folkeslaget som reiste rundt i fjorden og budde mellom oss i periodar.. Dette årsskriftet skil seg såleis litt frå det tradisjonelle opplegget med berre eitt hovudtema.

Artikkelserien "Kai-kulturen i Hjørundfjord" nærmar seg slutten. Denne gongen har artikkelforfattar Torbjørn Urke kome til sjølve hovudknutepunktet i Hjørundfjord, Sæbø kai. Dagbokstoffet har alltid vore populære innslag i årsskrifta våre. Vi møter igjen Johan B. Kvistad i helg og yrke det året 1.verdskrigen braut ut. Vi er med i kvardagsslit på Holane og på lange, kalde og hustrige fangstdagar under torskefisket med vekslande lukke. Dette året vart det eit godt vintersfiske. Andreas Kvistad drog på langtur i Norge. Elles av tradisjonelle innslag må nemnast at Gunnar Ellingsen atter ein gong har funne fram fakta frå livet i Hjørundfjord for 100 år sidan. Årsskriftet har også med artiklar om stoff som har runde år, og dette året har vi med fleire artiklar med fritt valde tema. Skriftstyret har også funne fram tidlegare prenta artiklar frå aviser, tidsskrift og blad som absolutt fortener ei ny opptrykking.

Denne gongen har skriftstyret også funne rom for ein årsrevy. Journalist Rune Sæbønes i Møre-Nytt har leitt fram vesentlege og kuriøse innslag frå året som gjekk. Dette vil fungere som nødvendig oppdatert samtidshistorie for utflytta hjørundfjordingar, samtidig som det vil vere interessant historisk dokumentasjon om få år også for fastbuande. Enok Kippersund ser på Hjørundfjorden og hjørundfjordingen frå ein innflyttar sitt perspektiv.
I korrekturarbeidet tek skriftstyret sikte på å føre inn konsekvens i språkføringa, men kvar artikkel vert vurdert for seg sjølv. Elles registrerer underteikna med glede at stadig nye artikkelskribentar dukkar opp. Arbeidet går på mange måtar lettare med digitale hjelpemiddel, og særleg ser det ut til at det dukkar opp nye og spanande bilete frå nye kjelder. Tenk alle bilete som ligg i USA etter utvandra hjørundfjordingar som har vitja heimbygda! Den store draumen må vere å finne fram eit bilete frå garden i Høydalen (mellom Sæbø og Standal) som vart fråflytta i 1892.

Heilt til slutt må vi vende blikket framover mot nytt prosjekt , Frå Hjørundfjord nr 27.Gardane ga ikkje arbeid til alle som ønskte å slå seg ned i fjorden. Rundt om i bygdene dukka det opp driftige handverkarar med interesse for å skape seg eit levebrød. Denne gongen står småindustrien for tur. Igjen vil eg oppmode til skrivedugnad. Det er lite att av slik næringsverksemd i dag, men vi pliktar å skrive historia til dei som fødde familiane sine på snikkarverkstaden, møbelbedrifta og smia, oftast plassert i kjellaren.

Skriftstyret vil atter ein gong takke alle dei som på ein eller annan måte har vore med på Frå Hjørundfjord nr 26 ; som skribentar, bileteinnsamlarar, illustratørar og seljarar. Ein ekstra honnør til alle kjøparane av årsskriftet; dei inspirerer til ny innsats.

Ansvarleg for sidene er: Johs. Halland