Hjørundfjord sogelag
Årsskrift 27
Årsskrift 26
Den store hesteferda
Årsskrift 25
Dei gamle orda innst i "Hjørundfjåra"
Kulturvandring - 03
Årsskrift 24
Årsskrift 23
Årsskrift 22
Alle årsskrifta
Den historiske kvervelvind
Bildeprosjekt
Om sogelaget
Kontakt

 

Føreord
Føreord

Frå Hjørundfjord er utgjeve av Hjørundfjord sogelag. Det er eit årsskrift som kjem ut i desember kvart år. Vi ønskjer med skriftet å knyte band mellom fastbuande og utflytta hjørundfjordingar ved å presentere tradisjonsstoff som synleggjer vår felles arv. Vi er stolte av røtene våre og ønskjer at fjorden også i framtida skal gje levebrød og livskvalitet for komande generasjonar. Derfor er det skriftstyret sitt største ønskje å skape heimlengt for såleis å bidra til at det atter vert ljos frå glasa i fråflytta hus og at nye barnekull kan gå på eventyrvandring i ein overdådig natur.

Tradisjonen tru er det også dette året lagt opp til eit årsskrift med hovudtema. Denne gongen er det ungdomslagsrørsla som er sett i fokus. Det starta opp med kristelege ungdomslag, seinare kom dei frilynde ungdomslaga til. Ikkje alltid var det semje mellom dei to åndsretningane. Ungdomslaget var ein møteplass for kulturarbeid og leik. Her lærde ungdomen for livet - om formell lagsverksemd og eigne talent.
Dagbokstoffet har alltid vore eit særleg kjærkome innslag i årsskrifta våre.

Vi kjem nær menneska og livet dei lever, og vi får levande tidsbilete som stundom fortel meir enn lange beskrivande prosatekster. Denne gongen er vi på Holane på Kvistad i Bondalen i 1913, altså for 90 år sidan, og vi møter først Andreas Kvistad (1846-1936) og seinare same året tek sonen, Johan Br. Kvistad (1880-1959) over. Han har vi møtt tidlegare i Frå Hjørundfjord.

Dei tradisjonelle gjengangarane i årsskriftet er sjølvsagt med, og som sist ruvar livsminneartikkelen til Egil J. Nordang. Han har med eit vake auge for dei minste detaljar gitt eit sjeldant levande tidsbilete frå oppveksten sin på Moane tidleg på 1900-talet. Denne gongen møter vi skulen og lærarane - og ikkje minst jula. Vi følgjer også Egil med sambygdingar på vegen vidare og ut i verda til trandamping i Svolvær.

Korrekturarbeidet har vorte utført på vanleg måte. Kvar artikkel vert vurdert for seg sjølv, og skriftstyret har stor sans for dialektnær uttrykksmåte. Mange artiklar dukkar no opp den elektroniske vegen, og ein kan trygt slå fast at mangt faktisk no er lettare enn før. Likevel skal det eit stort fellesløft til for å føre det årlege årsskriftproduktet fram til endeleg realisering. Mange er med, og gledeleg er det at det mest kvar gong dukkar opp nye artikkelskribentar.

Det har vore tradisjon dei siste åra å antyde tema for neste års dugnadsprosjekt, og slik får det verte denne gongen også. Dette årsskriftet har opna auga for at det hastar med å ta vare på fakta om anna lagsverksemd i fjorden. Dei mange idealistane i dei mange misjonsforeiningane har si soge å fortelje. Bondelaga og bondekvinnelaga og losjelaga i fjorden skal heller ikkje gløymast. Og som før er vi avhengige av at dei som sit inne med stoff og bilete om aktuelle emne, tek kontakt. Også gode idéar vert mottekne med stor takk.

Skriftstyret vil til slutt takke alle som på ein eller annan måte er med; som artikkelskribentar, bileteinnsamlarar, illustratørar, munnlege kjelder, dei som sel- og ikkje minst alle kjøparar av årsskriftet. Dei gjev kveik til ny innsats!
For skriftstyret
Jarle Walseth, redaktør

Ansvarleg for sidene er: Johs. Halland