Hjørundfjord sogelag
Årsskrift 27
Årsskrift 26
Den store hesteferda
Årsskrift 25
Dei gamle orda innst i "Hjørundfjåra"
Kulturvandring - 03
Årsskrift 24
Årsskrift 23
Årsskrift 22
Alle årsskrifta
Den historiske kvervelvind
Bildeprosjekt
Om sogelaget
Kontakt

 

Føreord
Føreord

Frå Hjørundfjord er utgjeve av Hjørundfjord sogelag. Det er eit årsskrift som kjem ut i desember kvart år. Viktige mål for sogelaget er å knyte band mellom hjørundfjordingar før og no, gje røter og identitet og oppretthalde samt skape kontakt mellom folket ute og heime. Det hadde elles slett ikkje vore av vegen om årsskriftet styrkte heimlengten til utflytta hjørundfjordingar, for i Hjørundfjord sløkkjest lys kvart år.

Vi har nett hatt eit sekelskifte, og vi kan sjå attende på "det raske århundret" med ei teknologisk utvikling som i stadig akselerande tempo endra menneskelivet. "Amerikanarane har kanskje bruk for telefonen, men vi har det ikkje, vi har nok bodberarar," proklamerte William Preece, teknisk sjef for det britiske postvesenet, i 1976. Også til den avsidesliggande Hjørundfjorden kom dei ulike nyvinningane, og vart møtt med tru og mistru - og undring.

Hovudtema for årsskriftet er å vise den eventyrlege utviklinga som hundreåret gav, samt fortelje om tankar og kjensler det vekte med "uskjønelege" oppfinningar som sprengde dei fleste førestellingar i eit praktisk folk. At vatn kunne brukast til å skaffe lys, var vanskeleg nok å forstå. Endå verre var det å tenkje seg at det var mogleg "å høyre" heilt frå Frankrike til Øye. Vi kjem også inn på konsekvensar den nye tida fekk for innbyggarane og grendene kring om i fjorden vår. Temaet er følgjeleg svært vidt, og stofftilgangen har vore upåklageleg. I det utselde årsskriftet Frå Hjørundfjord nr.1 handlar hovudartikkelen om strandgarden Strandabøen og den usedvanleg utviklingsorienterte eigaren, Paul Viddal. På Strandabøen var dei tidleg ute med det meste. Dette stoffet må trykkjast på nytt, så alt tyder på at vi må til att med same tematikk minst ein gong til.

Denne gongen vart det ikkje plass til dagbokstoff, men allereie neste år vil vi prøve å følgje opp denne populære tradisjonen. Elles har skriftstyret med gjengangarar som Hjørundfjord for 100 år sidan og Kai-kulturen i Hjørundfjord. Denne gongen har vi kome til kaia på Ytre-Standal. Ruvande i dette årsskriftet er artikkelen til Egil J. Nordang som gjev eit levande tidsbiletet frå oppveksten sin på Moane tidleg på 1900-talet, før den teknologiske utviklinga skaut fart.

Korrekturarbeidet har vorte utført på vanleg måte. Kvar artikkel er vurdert individuelt, og skriftstyret har stor sans for den munnlege uttrykksmåten. Denne gongen opnar forresten årsskriftet med ein perspektivrik artikkel på bokmål om malaren Joachim Frich og nokre av motiva han malte i Hjørundfjorden i 1845.

Denne sommaren såg det lenge mørkt ut for årsskriftet. Vêret var så umåteleg fint! Heldigvis berga haustregnet skrivedugnaden vår. Eit nytt produkt frå Hjørundfjord sogelag er hermed klart for sal, og tradisjonen tru når vi julesalet. Skriftstyret hadde nok ønskt at fleire artiklar kom inn tidlegare, slik at vi betre kan få til m.a. god geografisk fordeling av stoffet, meir tid til å finne relevante bilete, og meir tid til å finpusse det innkomne stoffet.

Vi må sjå framover mot nye prosjekt og nye årsskrift. Gledeleg er det å registrere at stadig nye artikkelskribentar dukkar opp og deltek i skrivedugnaden. Dugnadsånda i fjorden er velkjend, og denne har vist seg særleg sterk i lag og organisasjonar. Tema for komande årsskrift vert henta frå den omfattande lagsverksemda i fjorden, truleg ungdomslagsrørsla.

Skriftstyret takkar alle medarbeidarar og årsskriftkjøparar. Skriftstyret møter ei imponerande velvilje. Saman kan vi realisere nye årsskrift for komande år.

For skriftstyret
Jarle Walseth, redaktør

Ansvarleg for sidene er: Johs. Halland