Hjørundfjord sogelag
Årsskrift 27
Årsskrift 26
Den store hesteferda
Årsskrift 25
Dei gamle orda innst i "Hjørundfjåra"
Kulturvandring - 03
Årsskrift 24
Årsskrift 23
Årsskrift 22
Alle årsskrifta
Den historiske kvervelvind
Bildeprosjekt
Om sogelaget
Kontakt

 

Føreord
Føreord

Frå Hjørundfjord er utgjeve av Hjørundfjord sogelag. Det er eit årsskrift som kjem ut i desember kvart år.

Sogelaget ønskjer med årsskriftet å ta vare på minne frå farne tider, skape interesse for fortida og knyte band mellom folket før og no.
I år har skriftstyret valt song og musikk som hovudtema for årsskriftet, og det viste seg å haste med å samle inn mykje av dette stoffet. Det eksisterer lite skriftleg kjeldestoff om musikalsk aktivitet i bygdene våre, og ein må oftast lite på det munnlege tradisjonsstoffet. Derfor vil nok dette årsskriftet vere ei viktig kjeldesamling for song- og musikklivet i Hjørundfjord i førre århundret. Etter kvart har skriftleg dokumentasjon på aktivitetane vorte betre - med godt førde møtebøker og fyldige årsmeldingar.

Årsskriftet streifar innom dei første trallarane og omtalar dei første pionerane med musikkinstrument. Vi møter eldsjelene i musikklivet - desse som legg ned ei ufatteleg mengde tid og krefter for å få songkor og musikkgrupper til å fungere. Vi møter einaren som etter kvart inntok dei største scenene ute i Europa. Gleda over høgtid med vakker song og musikk har gitt rike fellesopplevingar og kvild frå kvardagsstrevet.

Tidlegare årsskrift har hatt artiklar med song- og musikktema før m.a. i Frå Hjørundfjord nr.7: "Frå ein tidarbolk då korsongen blømde i Bondalen" av Arthur Gjerde, i Frå Hjørundfjord nr. 8 : "P.M. Gjærder og Ole Ville" av Terje Aarset og i Frå Hjørundfjord nr. 15 : "Bondalen Hornmusikk 50 år" av Jarle Walseth.

Tradisjonen tru har skriftstyret teke inn artiklar om hendingar som har runde år. Gunnar Ellingsen fortel om den politiske aktiviteten i Hjørundfjord for hundre år sidan medan underteikna fortel frå året 1951. Dette året kjem dei siste utdraga frå dei omfattande dagbøkene til Jørgen Hustadnes - desse har vore særleg populære - og vi har kome nær ei tid som var. Artikkelserien "Kai-kulturen i Hjørundfjord" held fram. Torbjørn Urke har no kome til Saltre.
Ei hektisk tid er slutt, og vi kan atter ein gong presentere eit nytt årsskrift. Noko kunne og burde ein vel gjort annleis, og nye idèar vart det ikkje tid til å følgje opp. I sluttfasen vert det oftast altfor lite tid, punktum må setjast, skal ein halde tidsfristane og nå julehandelen. Så må ein vel også nemne at redaktøren nok har eit "ringe gehør" for musikk, for han makta aldri å spele seg inn i Bondalens Hornmusikk og måtte levere inn althornet. Heldigvis har skriftstyret mange med kompetanse i song og musikk. Korrekturarbeidet er som før. Skriftstyret vurderer kvar artikkel for seg sjølv, og vi set pris på dialektnær uttrykksmåte.

Det er ofte vanskeleg å sjå framover når eit prosjekt er avslutta. Denne gongen, ved byrjinga av eit nytt århundre, er det truleg naturleg å ta utgangspunkt i "det raske århundret" - århundret med ei teknologisk utvikling ingen hadde kunne tenkt seg. Korleis møtte hjørundfjordingane denne teknologiske revolusjonen?

Til slutt står att å takke alle som tek del - med stoff, bilete og teikningar. Takk også til årsskriftkjøparane! Ei ekstra takk må gå til utflytta hjørundfjordingar som tydeleg viser at dei støttar dette kjeldeinnsamlingsarbeidet. Skal ein atter makte å greie eit nytt årsskrift, må vi rekne med støtte frå dykk alle.

For skriftstyret
Jarle Walseth, redaktør

Ansvarleg for sidene er: Johs. Halland