Hjørundfjord sogelag
Årsskrift 27
Årsskrift 26
Den store hesteferda
Årsskrift 25
Dei gamle orda innst i "Hjørundfjåra"
Kulturvandring - 03
Årsskrift 24
Årsskrift 23
Årsskrift 22
Alle årsskrifta
Den historiske kvervelvind
Bildeprosjekt
Om sogelaget
Kontakt

 

Føreord
Føreord
"Frå Hjørundfjord" er utgjeve av Hjørundfjord sogelag. Det er eit årsskrift som kjem ut i desember kvart år, og eit hovudmål med skriftet er å knyte band mellom hjørundfjordingar før og no, og oppretthalde kontakt mellom hjørundfjordingane som er heime og dei som er einkvan staden ute i verda.
Hovudtema dette året er helse.

I skriftet møter vi det gamle bondesamfunnet - fattige og sjuke -og korleis dei taklar problema. Vi følgjer utviklinga fram til dagens situasjon i helse-Norge sett frå mange ulike synsvinklar. Vi møter dokteren i open færing i storm og rennefòk på fjorden, og jordmora på farefull utrykking forbi fonngyl. Så veit vi at stundom er ulukka ute, og påkjenninga for både dokter og folk vert nærmast ulideleg.

Årtusenskiftet er spesielt, og for hjørundfjordingane vart det ekstra gildt. Tre brør frå Herøy ga Hjørundfjord kyrkje ei mektig gåve - Christian III `bibel, ein bibel som tradisjonen kan plassere attende til kyrkja på Hustad. Like eins vart ein kunstskatt kjøpt attende til Hjørundfjord. Ragnar Standal fortel om desse storhenda.

Tradisjonen tru har også skriftstyret med gjengarar i årsskriftet; dagbokstoff, kai-kulturen i Hjørundfjord og Hjørundfjord for hundre år sidan.
Vi ønskjer alltid også å fange folkelivet og tidsmiljøet - og ikkje minst humoren i bygdene våre. Til slutt i årsskriftet finn vi artiklar som heilt ut tilfredsstiller desse siktemåla.

Korrekturarbeidet er også denne gongen utført på tradisjonelt vis. Kvar artikkel vert vurdert for seg sjølv, og skriftstyret har alltid hatt sans for dialektnær uttrykksmåte.

Så er igjen målet nådd, og eit nytt årsskrift ligg klart for sal. Det er alltid eit spørsmål om det er mogleg å oppretthalde den aktiviteten vi har hatt med dette arbeidet- særleg vert det vanskeleg når haustane vert så fine.
I alle fall vil underteikna på vegne av skriftstyret takke alle som har vore med i arbeidet på dette årsskriftet.

Ei ekstra takk til alle interesserte kjøparar som gjev inspirasjon til dette arbeidet. Så får ein vel prøve å kome i gang med neste prosjekt, og denne gongen må det vel verte eit eller anna om kommunikasjon -eller kanskje om musikklivet?

For skriftstyret
Jarle Walseth, redaktør

Ansvarleg for sidene er: Johs. Halland