Hjørundfjord sogelag
Årsskrift 27
Årsskrift 26
Den store hesteferda
Årsskrift 25
Dei gamle orda innst i "Hjørundfjåra"
Kulturvandring - 03
Årsskrift 24
Årsskrift 23
Årsskrift 22
Alle årsskrifta
Den historiske kvervelvind
Bildeprosjekt
Om sogelaget
Kontakt

 

Føreord
Innhaldsliste
Føreord

Fyrste tanken om denne boka kom på den tida vi dreiv Skjåstaddalen Bondekvinnelag, og medlemmane i fellesskap skulle samle gamle ord frå Storfjorden. Det var ikkje so enkelt som den evige optimisten trudde, laget tok til å dabbe av og det "kokte ut i sode".

Eg hadde etter kvart teke til å skrive opp ord og setningar som no og då "datt ned i haude" på meg, særleg var det når Einar og eg arbeidde i fjøsen at orda og setningane kom fram og dermed tok eg til å skrive lappar av kraftforsekkar. Dei låg og slong her og der, og etterkvart gjekk eg over til å skrive på mjølkeromsveggen, som fekk eit morsomt mønster til romet vart pussa opp og orda overmala. Dermed måtte dei samlast og skrivast på andre ting. Av ymse grunnar har det gått mange år, men endeleg har eg fått samla meg so det vart ei bok.

Sidan eg tok til å samle på ord, eg trur det måtte vere på 70-talet, har dialekten endra seg mykje, og vi ser tydeleg kor fort orda vert utviska. Eg har teke med ord som mange av oss brukar enno, men tek vi ikkje vare på dei no, vert det snart ingen som hugsar dei.

Folk som flytta frå bygda for 12 - 15 år sidan, snakkar mykje betre dialekt enn dei fleste som bur i bygda no. Når dei som flyttar ut tek vare på dialekta si, så burde også vi som bur her gjere det. Vi burde vere stolte av bygda vår og dialekta vår, og gjere vårt til at når me kjem andre stader og snakkar, kan folk høyre at vi kjem frå Storfjorden ein stad, og at vi er stolte av det. Dialekta er som ein bunad, og ein bunad ber ein med stoltheit.

So må eg vel sei litt om kva slags grunnlag eg skriv på: Eg er fødd, oppvaksen og har levd nesten heile mitt liv her i bygda, så eg er voven inn i denne forunderlege veven av ord.

Då barndomsheimen min var i Erkegarden på Åkre, er kanskje eldste læremeisteren min ho gamle Bakke-Anna. Ho var fødd på Åkre i 1853, og døde då eg var 15 år, i 1948.

Elles trur eg at eg har med meg ord og uttrykk frå det meste av Storfjorden.
Det er litt vanskeleg å vite kvar orda, uttalen, seiemåten og betydninga kjem frå, etter kvart. Farfar var frå Åkre, men levde mange år i Morkja, der vaks også far opp. Verbestemora mi kjem frå Kalneset, og der kjem vel inn litt Finnes / Leira ord og vendingar. Mor var frå Bondalen, så kanskje eg er prega litt av det, også, mens mora hennar att kom frå Åkre.

No har eg levd mitt liv på Saure sidan 1960, og har lært meg deira dialekt. Særleg svigerfar Sivert, som var fødd i 1898 og døde i 1996, trur eg hadde forandra dialekta si lite, og han brukte dei gamle orda og seiemåten i daglegtalen sin.

Nokre vil kanskje ikkje vere einige i tydinga av alle orda, men ikkje alle ord vert oppfatta eller tyder det same på kvar gard eller kvart tun. Det kan vere små nyansar eller ei anna tyding. Dialekta er slik som naturen, der er følelsar og stemningar som ikkje går an å få på trykk, og vi brukar gjerne orda der vi sjølv føler dei høyrer heime.

Likedan er det ord som vert eller vart brukt andre stader i landet som før vart brukte her, men er i ferd med å forsvinne.
Eg har prøvd å ikkje bruke meir enn eit dialektord på kvart døme, men somme tider freistast eg til å "gløyme" det for å få fram seiemåten (stemninga). Seiemåten kan for mange vere like interessant som orda.
Eg håper at denne rettleiinga og desse døma kan vere til hjelp når de skal lese dette. Det gjeld både for dykk som kjenner dialekta, og for dykk som ho er framand for.

Til slutt vil eg gjere klart at dette ikkje er meint som noka fagbok eller lærebok. Dette er ei samling av ord, og litt filosofi og tankar, av ei heilt vanleg bondekjerring og 6-barns mor.
For meg har det vore kjekt å arbeide med desse orda og seiemåtane, kjekt å gå tilbake i tida og minnast den som sa det og den som sa det, sjå dei fyre meg og høyre korleis dei snakka. Eg har fylgt generasjonane heilt fram til no og skulle ynskje at de som har levd ei stund kunne få same opplevelsen, likedan at de som er unge kan ha glede av orda, leike dykk med dei og finne fram nokre som de kan bruke. Og for dykk som ikkje kjenner dialekta, vil eg ynskje at de kan finne noko interessant, kvar på dokkar måte.

Så vil eg takke "dei gode hjelparane" mine som har gjort sitt til at denne boka kom ut. Jarle som tok til å setje orda med gramatikk inn på data, Vigdis som tok over, har hatt det meste arbeidet med dette og har fullført det. Torbjørn Urke har vore ein god rådgjevar og blant anna hjelpt til med lydteikna der det trengs, og Einar som har vore med og mint meg på orda i dagleglivet. Tom - Erik er musikaren i familien og har sett notar til barnesongane.
Tusen takk til kvar enkelt av dykk.

Saure, april 2003, Bertha Saure

Ansvarleg for sidene er: Johs. Halland