Hjørundfjord sogelag
Årsskrift 27
Årsskrift 26
Den store hesteferda
Årsskrift 25
Dei gamle orda innst i "Hjørundfjåra"
Kulturvandring - 03
Årsskrift 24
Årsskrift 23
Årsskrift 22
Alle årsskrifta
Den historiske kvervelvind
Bildeprosjekt
Om sogelaget
Kontakt

 

Årsskrift 27
Årsskrift 27

Denne gongen er det småindustrien som er hovudtema i årsskriftet.

Rundt om i bygdene var det mange handverkarar som starta opp med småindustri. Nokre få dreiv relativt stort og sikra arbeidsplassar til fleire, andre skaffa seg sjølv ei inntekt til å føde ein familie.

Nokre trong ei biinntekt å skøyte på ein liten gard for såleis å skaffe seg eit levebrød. Det viste seg raskt at vi her har ei stoffmengde som gjer det umogleg å få med alt i eitt tidsskrift. Fleire artiklar om temaet ligg derfor ferdiggjorde på vent til neste årsskrift.

To andre tema var det også naturleg å gje ei meir omfattande dekning dette året. Unionsoppløysinga i 1905 og Hjørundfjord kyrkje sitt
125-årsjubileum i 2005.

Vil du kjøpe årsskriftet så skriv til Hjørundfjord sogelag v/Jarle Walseth, 6165 Sæbø, eller send e - post til: jarle.walseth[krøllalfa]tussa.com. Årsskrift 27 er på 262 sider og prisen er 150 kr.

Ansvarleg for sidene er: Johs. Halland