Kvardagsliv under krigen                                                         Tilbake

 Intervju med Ivar Skare

Morfaren min budde på Austlandet i Ås kommune då han var liten. Han var tre år då krigen starta og åtte då krigen slutta. Han sa at krigen eigentleg ikkje gjorde noko for familien, for han budde på eit småbruk der dei slakta seg ein kalv, gris eller ei høne når dei trengde mat.

Dei var med på ein revefarm og ifrå den fekk dei revefeitt som dei kokte såpe av. Dei åt både røvekjøtt og slakteavfall. Det var mykje som dei kunne ete men som ikkje var så smakfullt. Men kråke fanga dei i ein kråkegard som det heiter. Og så åt dei kråkene til middag. Det var noko av det beste dei fekk å ete. 

   Radioen på Ås

Under reveskura gøymde dei ein radio som låg ned i ei gammal revekasse som var heilt forsegla av blekk. Den vart nedgreven under eit revebur. Men den radioen visste Ivar ingenting om før etter krigen. Dei hadde radioen på låven i slutten av krigen. Ungane brukte å leike inne i løda, men om kvelden vart dei jaga ut av bestefaren for då skulle han høyre på radio. 

   Våpen lageret i Åmdalen

Heimevernet i Åmdalen henta våpen som kom ifrå England med båt til Rjåneset. Heimevernsfolka frakta våpna vidare i personbilar til ungdomshuset i Åmdalen. Dei gøymde våpna under golvet.

Der var både våpen og ammunisjon under golvet på ungdomshuset. Våpna dei gøymde var stenguns. Men dei hadde og 9mm pistolar. Stengun er ein maskinpistol som hadde 32 skot i magasinet som du kunne avfyre enkelt eller automat.

Forskjellen på enkel og automat er at når du ladar, så må du trekkje av etter kvart skot. Når du har automat ,kan du bere lade og halde inne avtrekkjaren. Då gjeng alle skota av på rad.

Han fortalde mange historier, men eg tek berre for meg ei av dei. Og den er litt kort. Då heimevernskarane skulle gøyme våpna som vart frakta ifrå Rjåneset til ungdomshuset i Åmdalen, kom ein annan kar som var medlem av NS og gjekk forbi. Sjølvsagt var heimevernskarane redde for at det skulle bli oppdaga at dei brukte ungdomshuset til våpenlager. Difor tok dei han inn på huset og sa til han: "Visst me høyrer eit knyst om dette me styre på med, så er du død" .Mannen vart så skremd av det han fekk høyre at han ikkje sa eit ord om dette så lenge krigen varte.

Livet i Hovdenakken.

Bestemora mi budde i Hovdenakken då ho var lita. Ho vaks opp på ein gard der dei både hadde hest, kyr, sauer og rev. Men bestemora mi ho var så lita under krigen derfor hadde ho ikkje arbeid. Men, dei som var litt eldre, måtte sele merra.

Dei fekk aldri nye klede. Dei måtte klippe sauen og kare, spinne og veve det på ein einskjefta vev. Ein skjefte vev var laga av heimespunne tråd. (Det var ein enkel måte å trede veven på). Oldemora mi som budde på Rekkedal, var ei sydame som leverte klede til folk i Bondalen, Åmdalen og Ørsta.

Dei laga alt ifrå ullstrømper til ullunderbukser. Bestefar seier at "det var skikkelege underbukser" ,ullgenser, ullhuer og ullvottar.

Oldemora mi var i frå Ålesund. Og slekta som budde i Ålesund brukte å kome om sommaren på garden.

Dei hadde ein radio på garden som dei hadde gøymd i ein sekk som låg under ein dunge med granbar, som var langt oppom huset. Dei som lytta var gardskarane og naboane i Nakken.

Det dei høyrde på var sendingar i frå London. Sendingane var på norsk. Han som snakka var Hartvik Kiran. Bestemor fekk ikkje vete kva han sa.

Dei som hadde radio på Rekkedal gøymde radioen i utmarka. Når bestefar skulle på skogen nokre år etter krigen, fann han ei antenne som var oppe i ei gran. Den trudde han var antenna til radioen.

Onkelen til faren min vart fødd under krigen. Då dei skulle døype han for dei heller til kyrkja i Ørsta. For på Sæbø var der ein nazi prest.

Torbjørn