Skotet på Kommunehuset   Tilbake

Skotet på kommunehuset. Kva skjedde?
To tyskarar hadde rømt frå ein fangeleir på Vigra. Dei stal ein færing og kom seg til Hundeidvika. På Hundeidvika leigde dei ein motorfæring og kom seg til Leknes, og det var stor kuling på fjorden. Dei tok inn med han Johan Leknes, og han såg at dei var væpna, for dei heldt på å pusse geværa. 

”Var han Martinus lensmann igjen då?” 
Ja, og då vart nazilensmannen Sevald Vik avsette. Han Johan Leknes gav beskjed til  Martinus og han gav beskjeden vidare til Ålesund politikammer, og sende dei hjelp frå heimefronten i Ørsta. Der kom sju soldatar: Jon S. Vatne, Oddvin Vatne, Ingolf Hagen, Leif Øye, Harald Ose Velle, Ole Lundemo og Petter E. Krøvel.

På Bondalseidet bestemte dei seg for at han Jon S. Vatne skulle vere leiar for gruppa.
På Sæbø hadde Martinus tinga båt over til Leknes for å ta tyskarane. Men før dei fekk gjere det, såg dei ein båt som kom over fjorden, og dei var klar over at tyskarane var med der. Då var det å planleggje korleis dei skulle utføre arrestasjonen. Dei bestemte at dei ikkje under noko tilfelle skulle skyte først når dei visste at dei hadde våpen.  

Då dei kom, vart det bestemt at alle heimevernssoldatane skulle gå i dekning.
Nokre gjekk i dekning på Sæbø Ferdaheim, medan andre gøymde seg på kommunehuset og nokre på prestegarden, medan Martinus og John Riise gjekk ned på kaia for å møte dei. Då dei snakka med tyskarane, sa dei at dei ville melde seg for Heimefronten og lensmannen. Der var mykje folk rundt dei, og derfor bestemte dei seg for å gå inn ein plass.

Grunnen til at dei gjekk inn på kommunehuset, var at telefonen ikkje virka på lensmannskontoret. Derfor gjekk dei inn på forsyningsnemnda, men det viste seg at telefonen ikkje virka der heller, men det visste dei ikkje då. Ja, så gjekk dei inn på kommunehuset, og han John gjekk først med ryggsekkane.

Med det same Oddvin Vatne og Petter Krøvel kom inn, fall det fem skot. Dei andre som var tilstades var Martinus Riise, John Riise, det to tyskarane og vaskehjelp Randi Strandemann. John Riise fortalde historia slik:

 

Den eine tyskaren stod heilt stiv. Den andre hoppa rundt på golvet og ropte: ”Kven skaut? Kven skaut?”
på norsk. Samstundes hadde han blunka til den andre.Der var verken røyk eller våpen å sjå. Dei to tyskarane gjekk så inn på eit rom ved sida av. 

Far gjekk bort til vindauget og ropte på sokneprest Slåtten for å få han til tolk. Eg sa til far at tyskarane burde ta av seg kleda. Han stilte seg opp framfor tyskarane og kommanderte: Abkleidung! Den eine tok av seg kappa og leverte frå seg revolveren. Den andre tyskaren tok også av seg kappa, og det hang ein maskinpistol på brystet hans.  I det han gav teikn til den andre, stakk han handa i lomma og drog opp ein revolver.

Eg gjekk på han, men med det same vart revolveren fyrt av. Skotet gjekk forbi meg, men trefte far i mageregionen. Eg greip kring revolveren og pressa han inn mot tyskaren slik at han ikkje fekk trekt av. Han tok så opp maskinpistolen, men av ein eller annan grunn fekk han heller ikkje maskinpistolen til å fungere. I kampen mellom meg og tyskarane falt maskinpistolen på golvet.

Jon S. Vatne kom til og sparka han bort. Medan eg heldt tyskaren i akslane, skaut Jon S. Vatne han i underlivet. Den skadde tyskaren, som hadde fyrt av både mot Krøvel, Vatne og far, døydde seinare av skadane han fekk.
Den uskadde tyskaren prøvde å få att revolveren sin hos far. Men far gav han eit slag, så han gjekk over bordet og vart liggjande på golvet. Då fyrst sette far seg ned og sa at han var visst såra.

På grunn av ein telefonfeil tok det ei tid før dei fekk tak i sjukebil og meir folk.Han Petter Krøvel var medviten, og då skytinga heldt fram, klarde han å kome seg i dekning. Dette gjorde at dei andre ikkje var klar over kor skada han var, og det viste seg seinare at kulene hadde gått gjennom kroppen og ut gjennom kleda hans.
Med han Oddvin Vatne gjekk to av kulene også gjennom kroppen. Legane prøvde å operere bort den tredje kula som framleis stod i kroppen men greidde ikkje å fjerne ho.

Etter kampen vart Oddvin Vatne, Petter Krøvel og Marinus Riise ført til sjukehuset i Volda. Martinus Riise døydde av skadane fem dagar etter,altså den 16. mai.

”Kva tilstand var Martinus i dei fem dagane?”
Han var dårleg, men han var heilt medviten, og det gjekk an å snakke med han. Dei trudde han ville overleve, men det viste seg det at han Martinus døyde som sagt fem dagar etterpå. 

Dei to tyskarane som hadde sagt dei skulle slå seg gjennom alle hindringar vart med ein av fyrvesenbåtane i ekstratur til Ålesund for avhøyr. Den tyskaren som skaut skal seinare ha sagt i cella at det var synd han ikkje skaut fleire i denne kampen. Den andre tyskaren vart seinare sendt heim til Tyskland. 


Dette er eit bilde frå rekonstruksjonen av handlinga som vart laga seinare. Frå venstre: Randi Strandemann, Oddvin Vatne og Petter E. Krøvel. John Riise står framoverbøygd. Vidare lensmann Martinus Riise med Ola Vatne som statist, den tyske soldaten Berndt med ein politibetjent som statist og den tyske soldaten Penzien med P. P. Stokke som statist.

”Frå politihand har eg fått uttalt at inga drapssak i Noreg har fått ei så dårleg  etterforsking som denne, sa han John Riise. Kva vart meint med det?”  
Nei, det var fordi det var so mykje som skjedde og så mykje kaos etter krigen. Derfor vart det ikkje etterforska så godt som ei drapssak burde vore etterforska. Og så kan eg også seie at ein aldri har funne ut kva formål tyskarane hadde med turen til Sæbø. 

I kleda på den eine av tyskarane vart det funne eit kart der det var teikna inn reiserute frå Vigra til Hundeidvik, Trandal, Leknes og til Rise, der lensmannsgarden var merkt med raudt kryss. Alt tyder såleis på at det var planlagt ei eller anna ugjerning på lensmannsgarden på Rise. Men kva som skulle gjerast og kven som stod bak, er framleis ei gåte.

Tyskarane hadde visst noko seinare sagt i avhøyr at dei rømde fordi dei var redde for å verte sende til Russland. Og dei var tenkt å skaffe seg papir, sånn at dei kunne kome seg vidare. Men då var det no rart dei sa at det var gale dei ikkje fekk skyte meir.

”Artikkelen frå Møre Nytt, er den rett?”
Ja, det vil eg seie. For han John var no med, og han fortalde det til meg etterpå da sjølvsagt, og hadde ikkje han John kaste seg over tyskaren så hadde sikkert fleire blitt skotne.
Men det var no voldsomt av han Martinus å slå til han tyskaren slik at han miste fotfestet når han var så såra da. Men eg har no uniforma med skot i viss du vil ta bilde ta den da.


Uniforma til Martinus Riise, det som er merka med kvitt er der skotet trefte.
 Marius