Kvardagslivet under 2. verdskrig                          Tilbake
Solfrid Helene Vatne, mormora mi, var 15 år då krigen starta. Ho var nettopp ferdig med grunnskulen, og ho var det siste kullet som vart konfirmert før krigen. Ho var heime på garden, Reita, på Vatne og gjorde gards- og husarbeid.

Peder P.I. Vatne vaks også opp på Vatne i Åmdalen i  Gjerde-garden. Men då krigen braut ut var han i Nord-Noreg som fiskearbeidar, då var han 21 år.


Morfar og mormor.

Eg startar med å spørje dei om korleis dei fekk vite at Noreg var okkuperte av tyskarane. "Eg fekk høyre det på radioen," svarar morfar. Medan mormor seier at ho fekk høyre det gjennom folk heime i bygda.                                                  

"Krigen kom brått på, det var nifst. Eg hadde høyrt om Hitler, og at det var krig i Polen. Men at det skulle kome hit til Noreg, trudde eg eigentleg ikkje," fortel morfar. "Eg var ung og vart veldig redd," seier mormor.

Somme gøymde radioane sine
Få veker etter at krigen braut ut, bestemte tyskarane at alle radioar skulle inndragast. I Ørsta skulle alle radioane leverast inn til Møre folkehøgskule. Det var ein del som gøymde radioane sine, og tjuvlytta på dei. "Somme braut seg enda til inn på skulen og stal tilbake radioane sine," hugsar morfar.

Han fortel at radioane vart gøymde mange underlege plassar. "Presten i Ørsta gøymde ein radio inn i kyrkja, innafor alteret, ned under ei luke." Mormor held fram: "Ein dag fekk presten besøk av to kjende personar, Arthur Klæbo og ein til. Dei visste at presten hadde ein radio, og dei ville høyre nyheiter ifrå London. Han tok dei med seg inn, og opna luka. Dei la seg ned på kne og høyrde. Brått begynte presten å le. "Kva er det du ler av?" Dei syntest det var merkeleg at han lo då dei skulle høyre alvorleg nytt frå London. Så svara presten: "Eg ler av at det måtte ein verdskrig til for at de skulle bøye dokke på kne inn med alteret." 

Det fanst heller ikkje så mange aviser under krigen. Dei som vart utgjevne var nøye sensurerte av tyskarane. Det som stod i dei var ikkje alltid sant heller. Så det var ikkje så lett å få høyre nyheiter under krigen, men folk prata seg i mellom. 

Så eg spurte dei om dei visste noko om jødane: "Vi visste at Hitler ville drepe jødane," seier morfar. "Vi syntest synd på dei. Her var ingen fiendtlege haldningar mot dei. Her budde jødar her omkring også. Det var mange i Ålesund, nokre kom hit og selde ty," hugsar mormor.    

Festningsanlegg
Det var ikkje så mange tyskarar her i området. Den næraste tilhaldsstaden deira var på Berkneset. Der var mange. Dei hadde festningsanlegg med kanoner som dei skulle skyte fly og båtar med. Der var piggtrådgjerder og undergongar. 

"Det var ofte vi såg tyskarar her. Somme kom til fots og nokre kom med bilar. Og ein gong eg og Petter, bror min, sykla av stad og skulle snu høyet, trefte vi to-tre tyskarar. Dei heldt på å fotografere eller måle opp noko. Dei sa noko til oss også. Men eg var så redd at eg våga ikkje å svare, ikkje forstod vi kva dei sa heller. Men dei var vel eigentleg ikkje farlege." fortel mormor.       

Mat                     

Hyllene på butikkane vart etter kvart tomme for mat og andre varer. Det kom ikkje nye forsyningar. Så folk vart meir og meir oppfinnsame og laga stort sett det dei trengde sjølve. Det vart laga gjær, margarin, potetmjøl og mykje meir. Det ein kunne kjøpe var det rasjonering på. Det var slik at ein ikkje kunne kjøpe meir enn ei viss mengd.


Ei dreia fruktskål og ei sleiv.

Det var rasjonering på klede, sko og såpe også. Men såpe kunne dei også lage sjølve: "Vi kokte såpe av talg og feitt. Og kokte det lenge i vatn. Så blanda vi i salmiakk og kaustiskssoda. Dette vart stivt, og så skar vi det opp til såpestykke," fortel mormor. Såpa vart brukt til både vasking av klede og skuring av golv. "Og det var ikkje god lukt av såpa, vi brukte ikkje parfyme slik som i dag," legg morfar til.

Heldige var dei som budde på gard!
"Vi var heldige vi som budde på gardar. Vi kunne lage mat av eige avl. Vi hadde kyr, sauer, grisar og høns," poengterar morfar. Mykje byfolk ville vere i slekt med folk på landet å få seg litt mat," seier dei.

Dei dyrka poteter og korn. "Inn i storeelva på Vatne var fem kvennahus. Men etter ordre ifrå tyskarane, skulle lensmannen stenge dei slik at det ikkje gjekk n å bruke dei. Vi hadde ein snill lensmann, og han forsegla dei slik at vi kunne bruke dei utan at nokon merka det. Så då sat vi og mol kornet vårt om natta. Og tidleg neste morgon bar det heim. På den måten fekk vi oss mykje mjøl." fortel han. Av mjølet laga dei m.a. graut, så det åt dei mykje av. Det var også råd å få kjøpe litt mjøl på rasjoneringskortet, men det mjølet var dårleg. Ein kunne verken koke eller steike det.

Vi svalt ikkje, men måtte ete det vi fekk
"Det vi åt mest av var poteter, graut, sild, saltfisk, flatbrød, mjølk og litt kjøt," fortel dei. Kaffi vart det også slutt på i handelen. "Det fanst ei kaffierstatning, men eg drakk ikkje kaffi," seier mormor. Kaffierstatninga var bruna bønner som vart malne på kvern. Den var visst ikkje god. "Vi laga også noko som vart kalla surdeigsbrød. Vi gøymde eit stykke deig frå brødet og hadde det opp i den ny
e deiga. Dette vart eit surt brød," forklarar mormor.

Eg likte å sy
Mormor fekk symaskin då ho var 16år: "Det var ei handsymaskin, og den virka slik at ein dreg ei sveiv med den eine handa, då gjeng ho. Og så styrer ein stoffet med den andre."  Ho gjekk på eit sykurs under krigen. Det varte i åtte veker. Heile dagane, gjerne frå 8-9 tida om morgonen og fram til kl.15-16 eller lengre. "Eg likte å sy. Eg sydde alle kleda mine, og til både mor og naboar. Å sy klede til born var det eg likte aller best," seier ho. 


Handsymaskin  

"Sytråd kunne vi kjøpe på butikken, men ei stund var den veldig vei," hugsar ho. Og dei som hadde ull, kunne levere det inn på spinneriet i Volda. Og så fekk dei bytte til seg ferdig tynn tråd. I byrjinga fekk dei kjøpe litt stoff, men etterkvart vart det også tomt. Då måtte dei til å snu kleda og sy dei opp igjen. "Eg sydde opp igjen konfirmasjonskleda mine ettersom eg vaks og fekk meir former," fortel mormor. 

Dressane til mennene vart også spretta opp og sydde med vranga ut. "Min dress vart det," humrar morfar. "Dressane var ofte både falma og blankslitne men det var ingen skam, mennene hadde ofte mange bøter på buksene sine, somme kvinner hadde det på stakkane sine også," hugsar dei. 

Sko av kalveskinn                
Det var litt vanskeleg med sko under krigen. Dei skoa ein fekk kjøpe, kunne vere vevd av papirtrådar eller laga av fiskeskinn.


Ein veva nikkers som morfar brukte i krigsåra.

I Follestaddalen var det ein mann som laga trelappsko og trelappstøvlar. Han laga også damesko med trebotnar og kalveskinn opp på. Mormor hadde slike, og dei var faktisk fine. Ho hadde også kvite tysko, gummistøvlar og så brukte ho konfirmasjonsskoa sine med litt hel.  

Arbeid
"Eg var heimeverande då som no," seier mormor med glimt i auge. Ho gjorde gards- og husarbeid. Ho hadde ikkje systre så det blei ein del arbeid på henne. "Det måtte vere mykje folk på gardane den tida, det var ikkje så mange maskiner då som no."

Vinterstida vov og sydde ho mykje. Ho lærte seg også å spinne. I Reita hadde dei 4-5 kyr som mjølka heile året. "Frå eg var 11- 12 år hjelpte eg til, og då eg var 14 år, mjølka eg åleine." fortel ho.                                                                    

Kom oss ikkje heim
"Morfar, kan du fortelje om då du var i Nord-Noreg?" spør eg. "Eg var på Husøya i Senja som fiskearbeidar i 1940. Eg kom dit i januar. Meininga var at eg skulle kome heim før, men då krigen braut ut, vart kysten stengd. Så eg kom meg ikkje heim før til Jonsok.

Fisket vart også slutt då det vart krig, men dei fekk andre oppgåver. Først måtte all fisken stellast på land. "Vi fekk ikkje levere fisken, og derfor måtte vi køyre den ut på berga å leggje den ned til tørk. Slik at den vart klippfisk. Var det sterk sol eller mykje regn, måtte vi samle den saman slik at den ikkje vart brent," seier han.

Ein fem kronar ifrå 1939.
Vi hadde også rikstelefon som vi hadde vakt over, vi passa på linjene. Vi gjekk på ski ut på fjellet og såg at telefonlinjene var i orden. Det kom også rutebåt som vi måtte ta i mot. Den kom
av og til midt på natta. Den kom med både varer og folk.

Folk flykta
Byen Narvik vart teken dei første dagane av krigen. Etter det var gått ei tid, mobiliserte dei ei hær i Nord-Noreg med utanlandske krigarar, engelske og franske. Dei kjempa mot tyskarane og tok igjen byen.

Mange folk rømde ifrå Narvik, og ein del kom til Senja. Der fekk dei liggje i rorbuene fiskarane hadde budd i, for dei fleste fiskarane hadde reist heim. "Vi måtte hjelpe dei som hadde flykta til Senja, slik at dei fekk seg mat og senger," hugsar han.

På heimveg
"Då krigen omsider var slutt der oppe, var spørsmålet korleis vi skulle kome oss heim igjen. Vi tok rutebåten til Tromsø, eg og ein til. Der var ishavsskuter som venta på å gå heim, somme skulle til Sunnmøre. Vi fekk vere med ei slik skute til Ålesund."
"På båten måtte vi liggje på skift, det vart derfor lite søvn. Tyskarar kom ofte ombord i båten og kontrollerte at vi ikkje hadde våpen ombord. Då eg kom heim, var eg så trøytt og sliten at eg var glad eg fekk kvile meg ut," hugsar han.

Bygningsarbeid og dreiing
"Kva gjorde du vidare?" Han tenkjer seg om, og svarar at han var bygningsarbeidar i Sykkylven. Dei bygde ein husmorskule i Ørskog. Då den var ferdig, tok tyskarane den. Det var i 1941.
Etter det vart ikkje det meir bygningsarbeid, det fanst ikkje meir material.
Så begynte han å dreie. Det var mange som begynte å dreie på denne tida. Dreievarene selde dei til butikkane i Oslo, somme rosemåla dei, og det vart enda dyrare.

Ei rosemåla skål ifrå krigen sine dagar.
Fritid
"Kva gjorde de i fritida?" spør eg. "Eg var med i eit blandakor, morfar var også med der når han var heime," svarar mormor.
"Eg var også med i ei jenteforeining, den hadde samling ein gong i månaden," seier ho vidare.

Morfar fortel at dei elles gjekk mykje etter vegane og slong. Då trefte dei mange andre ungdommar. "Vi prata og lo, somme fann seg kjærestar," hugsar han.
Det var ikkje lov å arrangere festar og dansar på ungdomshuset. Men somme lurte seg til likevel, dei let vere å late igjen hempa på eit vindauge, og så gjekk dei inn der. 


Ei bursdagsgåve mormor fekk i 1943.

Vi reiste ikkje så langt
"Om vi skulle nokon stad, måtte vi som oftast gå eller sykle, så det blei mest til at vi heldt oss i bygda," fortel mormor.

Morfar fortel at det var ei mjølkerute til Ørsta. Mange folk var med den. Dei sat på mjølkespann opp på lasteplanet. Og når der var fullt, var det festa eit rør heilt bak på bilen. Der stod folk på berre ein fot. Det var helst ungdommar og menn som gjorde det. "Det var ikkje mykje snakk om bilbelte den gongen nei," smilar morfar.

Feiring i fleire dagar
"Mandag 7.mai klokka halv fem heldt vi på å arbeide som vanleg. Så kom det ein på sykkel med ei gladmelding: Krigen var slutt!!"
Dagen etter sykla ungdommane til Ørsta. Alle lo, gret og tok om kvarandre. Dei som spelte instrument fann dei fram og spelte. Dei gjekk i tog rundt i gatene og enda opp i kyrkja, der vart det halde gudstjeneste. Alle var glade og det var feiring i fleire dagar.  
Så var det å begynne og byggje opp igjen landet!

Lisa