Intervju med Norvald Myrene                                                     Tilbake


Eg har intervjua morfaren min, Norvald Myrene, om kvardagslivet under krigen. Han budde 3 kilometer frå ein tysk leir som låg på Dragsund.

Det var eigentlig ikkje så mange forandringar som skjedde under krigen, og vi slapp heldigvis å flytte.
Det budde heldigvis ikkje nokon nazistar i grannelaget, men den tyske festninga låg då berre 3 km. unna. Så det vart ofte sett tyskarar på sykkeltur gjennom bygda. Det dei var ute etter var å kjøpe smør og egg.

Tyskarane oppførte seg svært høfleg og var svært vennlege, med eit par unntak. Som til dømes ein gong Garnesfolket var på veg heim frå møte i forsamlingshuset i Haddal. To soldatar som hadde drukke, ville hindre dei i å kome forbi. Då vart det vart brukt handmakt. Eit av krava for å kome forbi, var at alle måtte ta ein slurk av brennevinsflaska. Det store spørsmålet seinare, sa ein av sonene i familien, var: Drakk mor av flaska eller drakk ho ikkje? Det fekk vi aldri vete. Ein av Garneskarane rapporterte til den tyske sjefen om episoden, og soldaten vart sendt vekk til Austfronten.

Fritida.
Fritida vart som før. Vi gjekk på ski, sparka fotball, gjekk på fjellet og segla med færing. Men vi måtte lage både skia og fotballane sjølve. Fotballane var stort sett papirballar.

Informasjon.
Vi hadde Sunnmørsposten. Og i den sto det som tyskarane tillet å skrive, og då visste alle at det ikkje var heile sanninga. Radioapparata vart inndregne, så eigentlig visste vi svært lite om krigens gang. Men frontlinjene sto i Sunnmørsposten. Folk hadde gjerne store kart hengande heime, og der merka  ein av frontlinjene til kvar tid.

Skulegong.
Skulegongen var også som før krigen. Skulebøker var det ikkje noko vanskeleg å få tak, for papir var det ikkje mangel på i Noreg. Lærarane var skikkelige og gode til å lære frå seg. Faga vi hadde var nokså ulike viss du samanliknar med dei vi har i skulen i dag:
Faga den gongen var: Bibelsoga, katekisme, kyrkjesoge, rekning, skriving, diktat, attforteljing. soga, landkunne, naturfag, sløyd og handarbeid. Det var berre gutane som fekk ha sløyd, og jentene som fekk ha handarbeid. Vi gjekk på skule annakvar dag.
Skulevegen var ikkje så særleg lang. Til småskulen var det berre 30 meter, medan det  til storskulen var omlag 300 meter å gå.
Det var ikkje noko skuleskyss, så dei som budde lengst vekk måtte gå 6 kilometer. 

Mat.
Vi som var bønder hadde nok mat. Men vi dyrka ikkje mjøl til å lage brød av. Det var mangel på gjær, så ein måtte ofte bruke natron istadenfor. Det gjekk mykje i graut, for den var laga av sjølvdyrka havremjøl. Det var graut kvar kveld, noko det sikkert var i kvar heim. Elles vart det mykje tørrsild, spekesild og saltfisk.
Vi som var gardbrukarar hadde bra med mjølk og kjøt. 
Smør var stor mangelvare, så det vart brukt berre søst som pålegg i lange tider.

Klede.
Tøy til ytterklede var nesten uråd å få kjøpt. Ein skreddar i Dragsund sydde meg konfirmasjonsdress hausten 1944. Til for måtte mor ofre foret i ei av kåpene sine. Men systrene mine var flinke å strikke, både vestar, kofter, lange strømper og gensarar. Mor spann ulltråd. Ei kone som hadde strikkemaskin, strikka undertøyet åt oss.
Det var ikkje skikkelige sko å få kjøpt på fleire år. Så dei måtte vi bøte oppatt og oppatt.

Handel
Det var ein god del svartehandel. Det var eigentlig ikkje lov å selje noko.
Men der var også ein del profesjonelle svartehandlarar. Dei for rundt på bygdene og kjøpte ting, særleg matvarer, av bønder. Så reiste dei til byane og tettstadane og selde desse varene til skyhøge prisar.
Handelen på butikken gjekk som vanleg, men det var rasjoneringskort på alle matvarer og forbruksvarer. Dermed  fekk ein ikkje kjøpt så mykje som ein eigentlig hadde behov for.
På landhandelen heime brukte handelsmannen å klippe alle mjølmerka etterkvart som vi fekk nye kort. Så fekk vi kjøpe så mykje brødmjøl vi hadde behov for. Kveitemjøl var ikkje i handelen for andre enn dei som hadde små born.

                                                                                                   Andreas.