Bryllaup og reise i krigen.                                            Tilbake

Mormora mi Martha Brekken (83) er sentral i dette prosjektet fordi ho gifta seg og flytta nordover under krigen. Ho gifta seg med Helge Magnus som opprinneleg kom frå Lofoten. Seinare flytta dei til Bodø.

Bryllaupsfest i krigstida.
Dei vart vigde i Ørsta kyrkje, 6.mai 1944. Dei skulle bli via av presten i Ørsta, men han måtte fare vekk, så dei fekk ein vikar, fortalde mormor. Etterpå hadde dei fest i Bjørdalsbakken. Der hadde dei ei 35-40 gjestar. Av dei gåvene ho fekk hugsar ho berre ein. Det var at ho fekk 6 skeier, 6 gaflar og 6 knivar. Elles fekk ho berre pengar og sånt. Kjolen ho hadde på seg var laga av silkestoff og den lånte ho av ei i Volda. Til mat hadde dei fiskepudding til forrett. Til middag hadde dei oksesteik. For å få oksesteik måtte dei gøyme vekk ein okse. Kvar gong tyskarane kom for å telje kor mange dyr dei hadde, gøymte dei oksen oppe på fjøsloftet. Der gav dei han litt mat og drikke. På denne måten fekk dei oksesteik til bryllaupsmiddagen. Dei avslutta måltidet med ein sviskedessert. Etter bryllaupet var det dans i løda til onkelen til mormora mi. Der serverte dei noko dei kalla "brudegraut". Brudegrauten var rømmegraut og det siste måltidet i bryllaupsfeiringa. Til brudegrauten fekk alle kameratar og venar i Bjørdalsbakken kome.

"Så bryllaupet gjekk bra sjølv om det var matmangel?", spør eg. "Ja, ein kan eigentleg ikkje seia at vi som budde på gard hadde matmangel. For vi hadde no poteter, korn og mjølk. Det var i byane det var verkeleg matmangel", svarte ho.

Ei ekkel reise under krigen.

"Kor tid flytta de? Korleis var reisa?" "Vi reiste den 9. Mai 1944, berre tre dagar etter bryllaupet. Då reiste me til Ålesund og tok hurtigruta til Lofoten. Det var ein veldig ekkel tur fordi det var under krigen. Ho hadde stopp i Sandesjøen, og der vart det kystalarm. Det vil seia at dei innpå land hadde fått beskjed om at det var noko farleg ute i havet slik at hurtigruta ikkje fekk gå vidare. Og då vart me liggande heilt inne i Sandesjøen til den var over. Og i Bodø måtte me skifte hurtigrute. På den hurtigruta fekk me ikkje gå opp på dekk, men me måtte sitje nede i båten. Etter ei lita stund kom dei ned og sa at me skulle ta på oss livbelta og kome opp på dekk. Og der måtte me stå resten av turen. Og så vart me stoppa midt utpå Vestfjorden for det var ein tysk konvoi. Då måtte hurtigruta stanse og helse med eit flagg. Deretter fekk mevidare til kaia i Stamsund. Og der gjekk me i land. Då hadde vi stått oppe på dekk med livbelte på i heile fire timar. Og då vi kom i land, vart vi frakta i bil til heimstaden til Helge. Då hadde Helge fått seg jobb i Bodø, og eg var att i Lofoten til vi fekk oss ein hybel. Eg var i Lofoten frå mai-44 til byrjinga av 45. Då for eg heim til Bjørdalsbakken. Eg kom meg heim i ei fiskeskøyte. Krigen var slutt akkurat då eg kom meg heim," fortel ho.

Krigens kvardag.

"Korleis fekk du vite at det var krig? Korleis merka du krigen i kvardagen?" "Krigen byrja då eg budde i Bjørdalsbakken. Då jobba eg i Volda. I Volda vart det innkalling til militæret, og det var ein båt innom kaia i Volda og henta dei som skulle i krig. Eg merka ikkje krigen på anna måte enn at eg visste at det var andre som styrde landet. Vi fekk heller ikkje vite noko om det som skjedde i utlandet. Nokre hadde ulovleg radio, men det var sjelden vi torde og høyre på det i frykt for at tyskarane kanskje kom. Eg hadde også ein onkel som var styrarein ungdomsskule på Finnsnes. Tyskarane tok over den skulen, og onkelen min blei sendt i fangeleir. Der vart han mishandla. Han vart slått i hovudetmykje at han til slutt mista synet. Men då krigen var slutt, slapp han ut att. Og gardsbruket gjekk som før berre at vi måtte dyrke meir korn."

André