Fulle av forventning starta elleve elevar frå 10.kl., to lærarar, seks foreldre og to besteforeldre turen med nattbuss fredag 12.september 2003. Morgonen etter møtte vi resten av reisefølgjet vårt ved Tangenåsen skule på Nesodden, og deretter starta den lange bussturen mot Polen.
Ein tur med Aktive Fredsreiser er ei litt annleis reise:
Ei reise for å lære om den andre verdskrig og dei lidingar menneska i konsentrasjonsleirane blei utsette for.
Ei reise for å skape forståing for kor viktig det er å motarbeide haldningar som ikkje er basert på respekt for dei grunnleggjande menneskerettane.
Ei reise for å oppleve andre byar og land.
Ei reise for å møte menneske og kulturar, språk og historie.

Vi reiste ikkje ut i Europa berre for å bli kjent med menneska sine destruktive krefter. Det er også viktig å ha fokus på kultur og kreativitet, vise menneska sin skaparevne - fredsvilje og evne til glede.
Ei reise med Aktive Fredsreiser er ei reise for livet!

Etter at vi kom heim har vi brukt reisa som utgangspunkt for eit tverrfagleg prosjekt,
der elevane har jobba med ulike tema. På desse nettsidene kan du lese om resultatet av prosjektet.

Ei reise med alvor:
Er menneska vonde?
Ei reise for å oppleve:
Kreativitet - Kultur
Ei reise i historie:
Den kalde krigen- Berlin
English version. A traveller's report.