Partnerskule

 

 
Miljølære
På skulen vår har biotopane Sæbøfjøra og Lisjeelva blitt brukt mykje i miljølæreundervisninga. Her har elevane i ungdomsskulen gjort mange undersøkingar. 

Nettverk for miljølære og vannprogrammet, har vore til stor hjelp i undervisninga. Her finn vi ferdige undervisningsopplegg, og i tillegg kan vi legge observasjonane våre inn i ein felles database. Link til alle registreringane vi har gjort i Lisjeelva og i Sæbøfjøra finn du her: Registreringar - Sæbø skule


Dyr og planter i og ved Lisjeelva
10. klasse har arbeid med dyr og planter i og ved Lisjeelva. Ein av elevane, Daniel, har laga ein internettpresentasjon av nokre av dei dyr og planter ein kan finne.

Lisjeelva
Bekken Lisjeelva ligg like attmed skulen.  Denne bekken har ein  sentral plass i naturfagundervisninga i ungdomsskulen.

Elevane har gjort fleire registreringar i elva. Dei har så lagt registreringane inn i vannprogrammet sin database. I tillegg har dei og lagt ut rapportar frå undersøkingane på nettsidene våre.

Vår partnerskule - hauptschule Oberwesel
I nokre år har vi samarbeid med ein tysk skule om miljøundersøkingar i elvar og bekkar. Her kan du lese meir om den tyske skulen og om prosjektet.

Sæbøfjøra
Kvart år vert det gjort nye undersøkingar i Sæbøfjøra. Klassene undersøker planter og dyr i fjøra, søppel, inngrep i strandsona osv. 

Registreringane vert, slik som for Lisjeelva, lagt inn i databasen. I tillegg vert det laga elevrapportar.

 
Ansvarleg for sidene: Oddny Flugekvam og Johs. Halland
Sist oppdatert: 09.01.05