Miljølære
Lisjeelva
Smådyr h - 03
Registreringar h - 02
Regsitreringar h - 01
Smådyr h - 01
Vassføring h - 01
Historien til elva
Bruer
Kvernhusa
Fiske
Kart over elva
Kart over utløpet
Kloakksystemet

 

 
Lisjeelva

Bekken Lisjeelva, i skulen sitt nærområde, har ein  sentral plass i naturfagundervisninga i ungdomsskulen. Elevane har gjort seg kjende med elva og gjort fleire registreringar. Mellom anna har dei målt vassføring, pH, leita etter smådyr, registrert bruar og kvernhus. Rydda søppel, samla fiskehistoriar og laga kart.

Alle registreringane er ført på skjema frå vasspermen og  lagt inn i vassprogrammet sin database. 


9. klassingar på leiting etter smådyr.

Smådyr og pH:
Kvar haust undersøker 9. klasse smådyra i elva. Hausten 2002 målte dei og pH fleire stader i elva. Resultat og rapportar finn du her: Registreringar hausten 2002

Historien:
Elevane har undersøkt litt omkring historien til elva.

Kart:
Elevane har laga tre kart over området. Eit kart over elva der tidlegare elveløp og kvernhus er merka av, eit kart over området ved utløpet av elva der bruene er merka av, og eit kart over kloakksystemet.

Bruer:
Over elva går ei rekkje bruer. Elevane har registrert dei med namn og bilete. Bruer

Kvernhus:
Arbeidet med å registrere kulturminne er såvidt starta opp. Til no er tre kvernhus langs elva registrert og undersøkt. På kartet over Lisjeelva er dei merka av slik:
1. Holekvennhuset 2. Årskogkvennhuset 
3. Storekvennhuset. 
I 1946, eit år etter at Årskogkvennhuset sist vart brukt, vart dette bilete teke.
Her kan du lese meir om kvernhusa og korleis dei er bygd opp: Kvernhusa

Fiske:
Vi har intervjua nokre som har fiska i elva opp gjennom åra: Fiske

 
Ansvarleg for sidene: Oddny Flugekvam og Johs. Halland
Sist oppdatert: 28.01.05