Miljølære
Lisjeelva
Smådyr h - 03
Registreringar h - 02
Regsitreringar h - 01
Smådyr h - 01
Vassføring h - 01
Historien til elva
Bruer
Kvernhusa
Fiske
Kart over elva
Kart over utløpet
Kloakksystemet

 

 
Vassføring hausten 2001

Her ei gruppe i gang med å måle straumfart

Her kan du lese:

Rapport frå gruppe 1 

Rapport frå gruppe 2

Metoden vi brukte

Registreringane i databasen 

6.september var elevane i 9. klasse i Lisjeelva for å måle straumfart og rekne ut vassføring. Dette er ei tverrfagleg oppgåve der elevane får bruk for både matematikk og naturfag. Elevane får bruke det dei har lært i matematikk til å løyse ei praktisk oppgåve, og samstundes får dei vere ute i naturen.

Hausten 2000 vart det og gjort slike målingar i elva. Då hadde elva ca. 20 l større vassføring pr. sekund. Vi lurte litt på kvifor det var mindre vassføring i haust. Det hadde jo regna mykje meir i haust enn i fjor haust. Etter litt diskusjon fram og tilbake kom vi fram til at særs lite snø i fjella, pga. lite snø i vinter, måtte vere forklaringa. 

Etter målingane drog vi fram til skulen sin leirplass og grilla pølse. Dei to gruppene i 9. klasse har no laga rapportar frå målingane. I tillegg er resultata lagt inn i vasspermen sin database. 

Ansvarleg for sidene: Johs. Halland

 
Ansvarleg for sidene: Oddny Flugekvam og Johs. Halland
Sist oppdatert: 28.01.05