Historien til Lisjeelva:

For lenge sida veitte bøndene i nedre Bondalen ei elv frå Holeelva, slik at det vart nok vatn til m. a. kvernhusdrift for nedre Holen, Årskog, Rise og Sæbø.

Denne elva vart på Årskog kalla Kvennagrova. Rise og Sæbø kalla elva Lisjeelva. Fleire små bekkar sirla inn i Lisjeelva, av dei to noko større, Videgrova og Bakkeelva (også kalla Pilsåkergrova).

Denne siste småbekken vart kanalisert etter bytet mellom Prestegarden (Sæbø) og Rise og fekk der namnet Haggardselva. 


 Foto av Årskogkvennhuset teke i 1946.

Haggardselva og Videgrova rann begge nedi Lisjeelva. I 1968 gjekk Korsafonna, og gamle Rise vart øydelagt. Nye Rise vart gjenoppbygd i Feirøyane, og det vart bestemt at Videgrova skulle gå direkte i Bondalselva nedom nye Rise. Kvennagrova vart på same måte veitt ut i Bondalselva framom nye Rise.

Dette skjedde i 1986-87. dermed vart store delar av den tidlegare Lisjeelva turrlagd. Lisjeelva no har dermed berre det vatnet som høyrde til Haggardselva.