Elevane
Uteskulekurs
Sykkeltur
Meieribesøk
Formingsutstillinga
Tinestafetten
Skidag 2004
Snøskulpturar
Førjulsaktivitetar
Lavvoplassen i nov.
Kom og dans
Fjelltur til Helgehornet
Fjelltur til Melshornet
Tv-aksjonen 6. og 7.kl
TV-aksjonen 1.,4.og 5.kl.
Arkiv
Skuleåret 2002/2003
Skuleåret 2001/2002
Skuleåra 1999 - 2001

 

 

Tur til Skårasalen
Fleire turplanar var klare ved starten av det nye skuleåret, men så var det dette med vêret då. Onsdag lova endeleg meteorologane bra vêr for torsdag, og vi bestemte oss for tur til Skårasalen for heile ungdomsskulen. [Les meir]

Leirskule på Runde
6. og 7. klasse var på leirskule på Runde siste skuleveka i juni 2004. Dette vart ei fantastisk veke for elevane med mange flotte opplevingar. Her var det fjelltur, båttur til Rundebranden, fisketur, tur i fjøra og ikkje minst underhaldning og diskotek om kveldane. [Les meir]

Kurs i uteskule
I tre dagar, like etter skuleslutt, var fire av lærarane på Sæbø skule på kurs i uteskule i regi av kultursekken. På kurset fekk vi rappellere, padle kajakk, skyte med pil og boge, bygge lavvo, tenne ild på steinaldervis, lære om reiskap frå steinalderen, lage mat på bål osv. [Les meir]
Sykkeltur og besøk i symjehallen.
Sist veke dro 8. og 9. klasse ut i verda. Onsdag var det gode vermeldingar og vi dro difor på sykkeltur til Lygnstøylvatnet. Som du ser av bilda hadde vi eit strålande ver og ein flott natur å sykle i. [Les meir]
Formingsutstilling 2004
Eg trur vi trygt kan slå fast at ein av dei flottaste utstillingane under årets Hjørundfjorddagar var elevane sin formingsutstilling.[Les meir]
Besøk på meieriet:
Tysdag 2. juni var 5.klasse ved Sæbø skule på omvising på meieriet i Ørsta. (TineMeierier). Dette kom i stand etter initiativ frå foreldre. Elevane fekk god orientering om produksjon m.m.,og omvising på dei ymse avdelingane. [Les meir]
Tinestafetten 2004
Den årlege Tinestafetten gjekk av stabelen på Ørsta stadion onsdag 26.mai. Sæbø skule stilte med lag i 6., 7., 8. og 9. klasse. [Les meir]
Ski i skulen:
Sæbø skule er med på Barnas Skiklubb sitt opplegg " Ski i skolen". Her kan du lese meir om aktivitetane på skulen vår og om opplegget: Barnas Skiklubb.
Ein vellukka skidag
Endeleg skidag igjen. Dette har elevane venta lenge på. Ifjor svikta snøen oss heilt, men tysdag og onsdag kom det så mykje snø at vi måtte prøve å få til skidag.
[Sjå bilete]
Vi er ute og lagar snøskulpturar
6. og 7. klasse nytta høvet rett før jul til å vere ute for å lage snøskulpturar. Snøen var ikkje heilt kram, men skulpturar greidde vi likevel å lage. Etterpå måla vi dei med vassfargar. [Les meir]
Glimt frå nokre førjulsaktivitetar
Fram mot jul vart det som vanleg stor førjulsaktivitet på skulen. Det var juleverkstad i 1. - 7. klasse og juleverkstad og turnering i u. skulen. I tillegg var det Luciatog, og sist men ikkje minst, framsyning på grendahuset. [Sjå bilete]

Stor aktivitet på lavvoplassen
Siste vekene har det vore finever og lavvoplassen har vore flittig i bruk av fleire av klassene på skulen. Mykje arbeid er gjort på den nye leirplassen og fleire klasser har laga seg mat på bålplassen.[Sjå bilete]

Kom og dans - kurs i sving
Sist veke vart det halde kurs i sving for elevane i 8. - 10. klasse. Elevane dansa i 6 timar leia av to profesjonelle instruktørar. [Sjå bilete]
Fjelltur til Helgehornet
1.-5.kl.+ nokre elevar frå 6.-7.kl.-hadde ein flott tur til Helgehornet torsdag 16. oktober.Vi tok buss frå Sæbø
kl- 09.30,og vart køyrde til Sollidalen der fjellturen skulle starte
[Les meir og sjå bilete]
Fjelltur til Melshornet
Endeleg vart det finevêr og fjelltur. For å få mest mogeleg sol vart turen for 6. - 9. klasse lagt til Melshornet.
[Sjå bilete]

Laga tombola - fekk inn 1385 kr til TV aksjonen
6. og 7. klasse støttar TV-aksjonen til Redd Barna.
Dei har jobba med Uganda og lært om korleis Redd Barna vil støtte skulegong for dei borna som har vanskeleg for å kunne gå på den ordinære offentlege skulen.[Sjå bilete]

Selde svele - fekk inn 1160 kr til TV-aksjonen
Elevane i 4. og 5. klasse inviterte med fadderborna sine i 1. klasse til å lage svele og selje til inntekt for redd Barna sin TV-aksjon.[Sjå bilete]

 
Ansvarleg for sidene: Oddny Flugekvam og Johs. Halland
Sist oppdatert: 28.01.05