Fjellturar
Photo: Gunnar Wangen
Vi har ein fantastisk vill og vakker natur rundt oss på alle kantar, og det er ikkje skryt!
Mange kjem til Norangsdalen for å gå i fjella her.
Slogen er kanskje det mest kjende fjellet (1564 moh), og frå "Knutegarden" er det berre 10 min å gå bort til Slogeråsa.
Tid: ca 4 timar opp (frå Øye) og 3 timar ned.
Delvis bratt og krevjande terreng.Må ha godt fottøy."Knutegarden" er eit glimrande utgangspunkt for mange fjellturar, her er det berre å velge og vrake.
Andre flotte fjell er tildømes:
- Jakta (1588 moh)
- Smørskredtind (1631 moh)
- Brekketind (1571 moh)
- Saksa (1073 moh)
- Skruen (1584 moh)
- Råna (1586 moh)
- Kvitegga (1717 moh)
- Stålberghornet
- Keipen
Patchellhytta(DNT),Habostadalen.(23 sengeplassar)
Tid: 3 timar opp og 2 timar ned.
Start: Øye - Skylstad eller Stranda.
Noko krevjande. Godt fottøy.
Du kan legge opp til krevjande turar, eller gå etter merka trimløyper rundt i bygda vår,og inne i Norangdalen er det fint å vandre etter "gamlevegen" frå Urasetra og inn til Hjellskredvatnet. Vi gjev gjerne råd ved val av fotturar i "Sunnmørsalpane" og omegn, eller kanskje ein biltur i distriktet.
Foto: Gunnar Wangen

