Hjørundfjord kulturvernlag -> Publikasjoner -> Svein Åm til årsmøtet i Hjørundfjord kulturvenlag.
Publikasjoner
Svein Åm til årsmøtet i Hjørundfjord kulturvenlag.
(Lagt inn 16.03.2010 - 22:12 av Ivar Svein Mo
endra 16.03.2010 - 22:14 av Ivar Svein Mo) Lest 5924 gongar

Kjenner du nokon som kanskje vil interessere seg for dette innlegget?
Tips ein venn om denne artikkelen

0 kommentarar


"storeSundag 21.mars vert det årsmøte i Hjørundfjord kulturvernlag
kl 17 på Grendahuset i Bondalen.I tillegg til årsmøtesaker kjem kjem journalist og forfattar  Svein Åm, han vil syne bilete, film og
fortelje om villaksfisket i Bondalen då fiskarane stod side om side ved
elvebredden. Alle er velkomene også ikkje medlemmar..


Villaksen som
forsvann.

Til årsmøtet sundag kjem journalist og forfattar  Svein Åm, han vil syne bilete, film og
fortelje om villaksfisket i Bondalen då fiskarane stod side om side ved
elvebredden.


Mellom anna har Åm ein 9 minutt film frå Sæbø på tidleg
70-tal, som syner laksefisket og elles folkelivet på Sæbø, Mange har nok ikkje
sett den.


Styret i Hjørundfjord kulturvernlag håper at mange kjem og
får med seg dette foredraget, filmen og bileta av Svein Åm.


Elles har Hjørundfjord kulturvernlag har hatt svært aktivt
år i 2009.


 Bakketunet


Kulturvernllaget har siste åra arbeidt med restaureringa av
Bakketunet på Åkre. Delar av tunet er datert tilbake til mellomalderen og er
automatisk freda, difor har Hjørundfjord kulturvernlag fått midlar frå
Riksantikvaren til dette arbeidet.


Notanaustet.


Notanaustet på Bjørke er omlag ferdig restaurert så langt
som planane er til no. Der har bygdafolk lagt ned hundrevis av dugnadstimar.
Til sommaren i samband med Dei Nynorske Festspela skal Kulturvernlaget ilag med
Festspela ha tilstelling der, då kan alle som ynskjer få sjå resultatet av
arbeidet vårt.


Sommarfjøs i
Kvistaddalen.


Til våren startar restaureringa av sommarfjøsen som ligg ved
inngangen til Kvistaddalen. Her har vi fått ein del midlar frå fylket, og vi
har ansvarleg handverkar på plass. I tillegg skal miljøet rundt fjøsen fram att
i dagen.


Stavset
internatskule.


På Stavset arbeidar kulturvernlaget med å få til ei
restaurering av  internatskulen. Dette
arbeidet er i startgropa, vi kjem til å samarbeide med grunneigarar. Skulen er
faktisk spesiell i landsmålestokk. Vi i kulturvernlaget har kun greidd å finne
fram til ein annan internatskule for småskuleborn i Sør-Norge, den ligg i Vest
Telemark.


Slikt restaureringsarbeid tek tid, men greier vi å skaffe
midlar, er målet å ha skulen restaurert til 100- årsmarkeringa i 2015.


Kaffi og noko attåt.


Vel møtt alle medlemmar og ikkje medlemmar!


 


Synnøve Rekkedal Hill


-styreleiar-


Skriv kommentar:
Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av sidene med å klikke HER.

Rapportering av feil på sida