Hjørundfjord kulturvernlag -> Publikasjoner -> Årsmøte i Hjørundfjord Kulturvernlag.
Publikasjoner
Årsmøte i Hjørundfjord Kulturvernlag.
(Lagt inn 25.04.2008 - 12:00 av Ivar Svein Mo
endra 25.04.2008 - 12:53 av Ivar Svein Mo) Lest 3880 gongar

Kjenner du nokon som kanskje vil interessere seg for dette innlegget?
Tips ein venn om denne artikkelen

0 kommentarar


Fyrstkomande sundag  27.4.08 kl.15.00 vert det årsmøte i Hjørundfjord Kulturvernlag. Dette vert lagt til Bjørke, sidan det er i dette området laget har konsentrert seg om restaureringsoppgåver dei siste åra.Notanaustet 08


Hjørundfjord Kulturvernlag har drive aktivt restaureringsarbeid sidan 1997, og fleire prosjekt er alt ferdige, medan andre prosjekt krev fleire år med restaureringsarbeid før ein kjem i mål.

Bakketunet på Åkre, Notanaustet på Bjørke og Vassaga i Skjåstaddalen kjem under den kategorien.

På Åkre vert det no arbeidt med midtre røykstove der delar av golv og sylstokk vert restaurert.

 

Notanauste og det gamle steinnauste
Notanaustet og det gamle steinnaustet. Notanaustet er under restaurering. 

I Notanaustet er murane og vóren sett i stand og dei to heimste roma i grindbygget vert bordkledde etter at banda og spikarslaga er på plass. Det er teke vare på dei gamle båtborda og desse skal nyttast ilag med nyskorne órebord.

Ut over sommaren vil vi arbeide vidare med vassaga på Skjåstad der slóket no står for tur. Vasshjulet er alt på plass.

 Jobrua på Frøland Elli
 Jobru på Frøland vart restaurert.

Ellingsfjøsen i Kvistaddalen stend 

for tur for å verte restaurert 

 
Bondalen. Kvelvingsbru og sommarfjøs.
Sist sommar vart kvelvingsbrua på Fremre Frøland gjort i stand. Denne brua er vel verdt ei vitjing.

I 2008 er det planlagt å starte på Ellingfjøsen på Kvistad. Kulturverlaget er innvolverte i begge desse prosjekta, i hovudsak med hjelp til med å skaffe midlar.

Kulturvandring.
Sundag 17. august vert det kulturvandring att. I år er den planlagt til Skår. Det vil verte meir informasjon om denne i august og Kulturvernlaget vil sette opp båt i samband med vandringa. I 2007 var vandringa på Steinnes og med stor oppslutnad. Desse vandringane er samarbeid med Hjørundfjord Sogelag.

Medlemstal.

Talet på medlemar har vore stabilt på omlag 120 dei siste åra. Styret i Hjørundfjord Kulturvernlag ynskjer seg fleire medlemmar. Administrasjonskostnadane er svært låge, kontigenten går til direkte restaureringsarbeid.  

Heldigvis er det høg kontinuitet i styret i Kulturvernlaget og det gir god oversikt over eksisterande og nye oppgåver.

Dugnadar.

Laget har ein del dugnadsarbeid som må gjerast no i sommar. Kan du tenkje deg å hjelpe til der nokre timar ein kveld, ta kontakt med Per Atle Røe per.atle.roe@tussa.no eller Kjell Arne Årseth k-aarset@online.no

 

Visning av gamal film.

Årsmøtet tek til med synfaring på Notanaustet kl 15 på sundag. Derette flyttar vi oss til Haukly, ungdomshuset på Bjørke. Der vil vi vise ein film frå 1940 til 1960-åra frå Ytre Hjørundfjord. Årsmøtet vert avvikla der.

Bjoe
Bilete frå Bjørke ein tidlg vårdag 19.04.08. Her er det verdt eit besøk.

Ta sundagsturen til Bjørke.

Årsmøte er høgdepunktet kvar år for laget, og det vert sal av varm mat, kaffi og kaker, så legg sundagsturen til Bjørke og ta middagen der. Vi vil sette stor pris på å verte vitja av folk frå alle kantar og Bjørke ligg sentralt i høve til Austefjord og Voldaområdet. Medlemmane våre er frå alle kantar av landet og du treng ikkje å være medlem for å ta turen til årsmøte. Vi er stolte av laget vårt, og vil gjerne vise fram arbeidet vi held på med.

 

Synnøve Rekkedal Hill

- styreleiar i HK-


Skriv kommentar:
Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av sidene med å klikke HER.

Rapportering av feil på sida