Hjørundfjord kulturvernlag -> Publikasjoner -> Kulturvernlaget 10 år
Publikasjoner
Kulturvernlaget 10 år
(Lagt inn 18.05.2007 - 22:50 av Ivar Svein Mo
endra 19.05.2007 - 00:05 av Ivar Svein Mo) Lest 4741 gongar

Kjenner du nokon som kanskje vil interessere seg for dette innlegget?
Tips ein venn om denne artikkelen

0 kommentarar


Byggjemåten for hus, på vestlandet, endra seg lite i frå dei eldste tider og fram til sisteHjoe verdskrigen. Uthusa, bortsett frå fjøs og stall, var grindbygg (stavkonstruksjon), eller murde av gråstein. Stovehusa var bygde av timber. Etter krigen endra dette seg. Nye driftsformer og mekanisering av jordbruket, verka til at mange eldre hus miste sin praktiske funksjon og forfall. Mange såg vel faren for at mykje av kulturarven vår ville gå tapt, på kort tid. På bakgrunn av dette, vart kulturvernlaget skipa. Sjølv om berging av hus, skulle vere ei hovudsak, var skiparane samde om at arbeidsområdet til skulle femne vidt.


Ti år er ikkje so lang tid, men den lange lista av prosjekt som har vore handsama på styremøta, syner at det er aukande interesse for å ta vare på det gamle. Lista viser og, at sjølv om mange gode tiltak må stå ”på vent”, so er ogso mykje gjort. Plassen her gjev ikkje rom til ein detaljert gjennomgang. Det blir meir som ei grov oppramsing, der me tek til på Hjørundfjordstranda, og går rundt fjorden.

Kvernhuset på Årseneset, der me hjelpte til med finansieringa. På same garden, vart ei gravrøys rydda for skog, og me har hatt to dugnadar på det gamle selet på Hjellane. Det sistnemnde har vore naudløysingar, med pressening på taket. Dersom dette selet skal bergast, lyt ein snarast kome i gang med arbeidet.

I Bondalen har me gjenreist ei kylne (turking av malt), på Moane. Me har hjelpt til med dugnadsarbeid på røykstova i Jogarden, på Frøland. Jobrua (gamal kvelvingbru), på same garden, vart vølt i haust.


Jobr
Jobrua på Frøland

Like eins dugnad og hjelp til finansiering på Heimste-Holen, der kvernhuset er sett i god stand.

Kver
Kvernhuset på HeimsteHolen

Ellings-gardfjøsen på Kvistad, er under arbeid. Største innsatsen har nok vore i Storfjorden (innerste delen av Hjørundfjorden). Notanaustet på Bjørke, som bles ned av murane, står no trygt på plass.

Nota
Notanaustet på Bjørke 

Ny bordkledning, som erstatning for den som manglar, er no skoren, av lokalt trevyrke (or), og skal opp i år. Vassaga på Skjåstad, er so godt som ferdig restaurert med nytt vasshjul på plass.

Vass
Vasssaga på Skjåstad

Det største prosjektet, som ogso nærmar seg fullføring, er Bakkegarden på Åkre. Dette er eit unikt tun, med hus som kan daterast attende til mellomalderen.Her står den hittil eldste daterte grindløda i landet, der materialen vart felt i 1549.

 

 

 

Bakk
 Bakketunet på Bjørke 

 

Takka vere betydlege midlar frå Riksantikvaren, særs god hjelp frå fylkeskonservatoren, og ikkje minst, eit godt samarbeid med eigarane, so er tunet berga for framtida. I Norangsfjorden, har me sett i stand ei skogaløde, på Urke. Det ynda fotomotivet, Stavbergsetra i Norangsdalen, var eit av dei fyrste, og største prosjekta våre.

 

Stavbergsetra012
Stavbergsetra i Norangsdalen

Hjørundfjord kulturvernlag finansierte modellen av det gamle klyngetunet på Rise, som Magne Årseth laga (plassert på Sagafjord hotell). Modell av Risesetra er no under arbeid.

 

Me har sysselsett ei restaureringshandverkar i deltidsstilling, gjennom fleire år. I 1997, skipa laget til den fyrste kulturvandringa. Dette har vorte ein årviss tradisjon, i samarbeid med sogelaget. Dei fleste år har me hatt utstilling på Hjørundfjorddagane. Me har hatt fire tilskipingar, i samarbeid med Dei nynorske festspela.

Laget har fått inn ca. ein million kroner, på desse ti åra. Me vil nytte høvet til å takke alle offentlege instansar, verksemder og private for dette. Desse gåvene har so ført til ein omfattande dugnadsinnsats, som me sjølvsagt er like takksame for.

Årspengane er viktige for drifta av laget, og me vonar på god oppslutning frå gamle og nye medlemar.

Vel møtt til årsmøte på hotell Sagafjord, på Sæbø, laurdag 19.mai kl.19. Her vil me markere 10-års jubileet. Etter ein effektiv gjennomgang av dei vanlege årsmøtesakene, vert det festleg samvær med  underhalding og varm mat for dei som ynskjer det.

 
Kjell Arne Årseth, skrivar

 


Skriv kommentar:
Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av sidene med å klikke HER.

Rapportering av feil på sida