Publikasjoner
Mange verdfulle kulturminne i Hjørundfjorden
(Lagt inn 30.05.2005 - 13:43 av Ivar Svein Mo
endra 15.07.2005 - 18:00 av Tor Eirik Trandal) Lest 3678 gongar

Kjenner du nokon som kanskje vil interessere seg for dette innlegget?
Tips ein venn om denne artikkelen

0 kommentarar


Klimaet tærer hardt på bygningar og reiskap her på Vestlandet. Likevel er det i Hjørundfjord, særleg inst i fjorden, ei unik samling av gamle bygningar og båtar. Ingen andre plassar i kystnoreg finst slik ein konsentrasjon. I boka ”Norske tømmerhus frå mellomalderen” av Arne Berg, finn vi fire slike tømmerhus i Møre og Romsdal der tre av dei soknar til Hjørundfjord. Det er stabbura på Raudstad, Fram-Saure og Skjåstad. Seinare er ein blitt klar over enda fleire bygningar med tidfesta detaljar heilt attende til 1550. Nemnast må då Bakkegarden på Åkre der ein finn eit heilskapeleg tun med fleire hus frå middelalderen. Den eldste grindløda i landet står her.

Hjørundfjord kulturvernlag har i dei ni åra laget har eksistert, samla inn nær 600 000 kroner til restaurering av slike kulturminne. Saman med Hjørundfjord sogelag og mange positive eigarar, har arbeidet med å ta vare på historia om folket og deira virke gitt resultat. Likevel står mykje att og desse laga saman med andre tiltakarar, vil ikkje rekke over alt. Det betyr at vi alltid vil miste ein del av minna våre – noko vi må akseptere som normalt.

Frå Stavberg setra i Norangsdalen 
Fotograf: Per Atle Røe
I denne samanheng kan vi først nemne seterkulturen der mange kulturminne snart er borte. 50 år er gått sidan tyngda av seterdrifta forsvann, og i vestlandsklimaet er dette lenge både for tak og veggar. Nokre sel er nennsamt restaurerte, andre er rehabiliterte til eit teneleg krypinn, nærast ei lita hytte, men det aller meste er rotna ned og berre murane er synleg. Slike murar er og kulturminne og kan gjerast synleg ved å fjerne litt småskog og kratt. Likevel er det naturen sin gang å ta mykje av det kultiverte attende over tid. Ikkje minst ser vi skogen som no er i ferd med å ta attende det gamle seterlandskapet. Saman med eigarar maktar kulturvernlaget å bevare berre ein liten del av denne bygningsmessige arven. Stavbergsetra kan nemnast som unnatak og som eksempel på ein rikdom som ikkje berre er lokal, men nasjonal.   Desse til saman sju sela på Stavbergsetra og sela på Urasetra i Norangsdalen er unike i nasjonal samanheng og noko av det mest verdfulle vi har frå denne setringstida.

Jorunn Hauge Moe på kvernhustaket på Holen 
Fotograf: Per Atle Røe

Av andre oppgåver kulturvernlaget har skaffa restaureringsmidlar til, kan nemnast kylne på Mo, vassag på Skjåstad, skogaløde på Urke, notanaustet på Bjørke, kvernhus på Holen og ikkje minst Bakkegarden på Åkre  I komande år vil Bakkegarden, notanaustet og vassaga ta det meste av arbeidskrafta, men laget vil likevel ta initiativ til nye engasjement langs heile fjorden der mange kulturminne ventar på å bli ”synleg”. Det er ikkje alltid det følgjer store kostnader med slik synleggjering som ikkje berre er ein fysisk oppgåve, men også å få folk til å bli nysgjerrige og besøke slike minne. I slik samanheng kan nemnast dei ruvande steinmurane til det gamle ishuset ved Stigane på Hjørundfjordstranda og gravrøysa på Årsneset som er ein solrik plass med ein imponerande utsikt inn og ut fjorden. Kor mange ørstingar veit om og har besøkt desse minna?

Sverre B.Bjørke, Jakob Finnes og Sverre Bjørke 
Fotograf: Per Atle Røe

Notanaustet på Bjørke er eit grindbygg 16 meter langt og over 100 m2 i grunnflate. Det vart av orkanen i 1991 lyfta opp og flytta ein til to meter tilsides. (bilete-Notanaustet før restaurering 2002) To dugande pensjonistar, Sverre B. Bjørke og Jakob Finnes, sto for arbeidet med å flytte det på plass att. Med enkle midlar, erfaring og godt mot drog dei store naustet attende og løfta det opp på fundamenta att.

Kulturvernlaget vil saman med eigarane søke å skaffe midlar gjennom Kulturminnefondet til å setje naustet i stand til romme ei samling av gamle trebåtar som det enno finst att nokre av. På Viddal har dei vore særs merksame på kor verdfulle desse gamle båtane er, slik at fleire er godt bevarte. Dei største båtane kunne ta både 10 og 12 gråkoller på veg over fjorden til strandsetrane, fortalte eigarane med eit godlynt smil. Ved å samle nokre av dei gamle båtane i naustet, vil dei kunne bli meir tilgjengelege for interesserte og slik gjere området enda meir attraktiv for turistar og andre besøkande. Det vil nok ta nokre år før dette er heilt ferdig, men laget har ca. 50 000 kroner i midlar til bruk inneverande år

Vassaga på Skjåstaddalen 
Fotograf: Per Atle Røe
Vassaga på Skjåstad er bygningsmessig restaurert, men vasshjul, sagbenk, slok og vasslaup står enno att. Laget vil i vår starte på vidareføring av dette arbeidet. Kanskje vil ein alt neste år kunne sage dei første stokkane der att, men då må vatnet frå elva leiast i ei 100 meter lang grov som må reinskast opp og plastrast på nytt for å få vatnet fram til saga og vasshjulet. Dette vasshjulet er nylaga og står på låven til Knut Saure og ventar på montering.

Nye oppgåver finst det eit utal av. Hjørundfjord kulturvernlag vil berre kunne ta seg av ein liten del av alle desse. Eigarane sin vilje og interesse for vern vil bety mykje i val av kva prosjekt laget vel å vere med på. Det er diverre slik at støtten til prosjekta berre dekkjer inntil 50% av kostnaden. Ofte vil tilskotet vere monaleg mindre og resten må finansierast frå andre kjelder der eigarane kanskje kan bida med penge- eller arbeidsinnsats. Omfattande dugnader er eit godt hjelpemiddel til å dekke inn eigeninnsatsen, men reine pengar må også til for å betale innleigde tenester og materialkjøp.

Trygve Finnes viser fram det nye 
vasshjulet til vassaga på Skjåstad. 
Fotograf: Per Atle Røe

Eit godt eksempel på framtidige oppgåver er snikkarverkstaden på Øggarden, Norangshol, som er ein verkstad med alt tilhøyrande utstyr, malar og mykje handverkty. Verkstaden er bygt i 1919, mellom anna av gamlestova på tunet, med vasshjul til drivkraft for sag og andre maskiner. Skovlehjulet som var brukt den gongen kjem frå spinneriet i Volda og hadde diameter på 186 cm. Her vart det produsert glas, dører og trapper ved sidan av stolar, bord, senger, kjerrehjul, rokkar og vevstolar. Maskiner og inventar er ein kulturskatt med eigenproduserte maskiner som vitnar om teknisk innsikt, men viser og ei sparsemd som var vanleg på Sunnmøre i den tida og som la grunnlaget for velstanden vi i dag har. (ekstra/reserve bilete- snikkarverkstaden ….. Øggard, Norangshol)
Av andre store oppgåver som ventar kan nemnast Strandabøen, husmurar og sjøveg på Molaupen, Stavsetskulen. Alle desse er særmerkte kulturminne frå Hjørundfjord som ikkje berre har lokal verdi.
 
Stavsetskulen 
Fotograf: Per Atle Røe
Eigarar som sit på verdfulle kulturminne bør kontakte kulturvernlaget for synfaring og registrering av desse minna slik at dei kan vurderast i høve til om restaurering har allmenn interesse i tillegg til den personlege. Offentleg støtte vil ofte vere vanskeleg å få dersom tiltaket ikkje har allmenn interesse. Midlane som er tilgjengelege innan fleire område, er på langt nær store nok til alle og det vert difor konkurranse om å nå fram med søknadane, det vil seie å ha så gode prosjekt at dei vert prioriterte.

                                                                                             


 


  Per Atle Røe 10.04.05



Tips ein venn om denne artikkelen