Publikasjoner


Svein Åm til årsmøtet i Hjørundfjord kulturvenlag.
(Lagt inn 16.03.2010 - 22:12 av Ivar Svein Mo
endra 16.03.2010 - 22:14 av Ivar Svein Mo) Lest 6916 gongar, 0 kommentarar

"storeSundag 21.mars vert det årsmøte i Hjørundfjord kulturvernlag
kl 17 på Grendahuset i Bondalen.I tillegg til årsmøtesaker kjem kjem journalist og forfattar  Svein Åm, han vil syne bilete, film og
fortelje om villaksfisket i Bondalen då fiskarane stod side om side ved
elvebredden. Alle er velkomene også ikkje medlemmar..


Les heile artikkelen >>

Årsmøte i Hjørundfjord Kulturvernlag.
(Lagt inn 25.04.2008 - 12:00 av Ivar Svein Mo
endra 25.04.2008 - 12:53 av Ivar Svein Mo) Lest 4133 gongar, 0 kommentarar

Fyrstkomande sundag  27.4.08 kl.15.00 vert det årsmøte i Hjørundfjord Kulturvernlag. Dette vert lagt til Bjørke, sidan det er i dette området laget har konsentrert seg om restaureringsoppgåver dei siste åra.Notanaustet 08


Les heile artikkelen >>

Kulturvernlaget 10 år
(Lagt inn 18.05.2007 - 22:50 av Ivar Svein Mo
endra 19.05.2007 - 00:05 av Ivar Svein Mo) Lest 4652 gongar, 0 kommentarar

Byggjemåten for hus, på vestlandet, endra seg lite i frå dei eldste tider og fram til sisteHjoe verdskrigen. Uthusa, bortsett frå fjøs og stall, var grindbygg (stavkonstruksjon), eller murde av gråstein. Stovehusa var bygde av timber. Etter krigen endra dette seg. Nye driftsformer og mekanisering av jordbruket, verka til at mange eldre hus miste sin praktiske funksjon og forfall. Mange såg vel faren for at mykje av kulturarven vår ville gå tapt, på kort tid. På bakgrunn av dette, vart kulturvernlaget skipa. Sjølv om berging av hus, skulle vere ei hovudsak, var skiparane samde om at arbeidsområdet til skulle femne vidt.


Les heile artikkelen >>

Mange verdfulle kulturminne i Hjørundfjorden
(Lagt inn 30.05.2005 - 13:43 av Ivar Svein Mo
endra 15.07.2005 - 18:00 av Tor Eirik Trandal) Lest 2838 gongar, 0 kommentarar

Klimaet tærer hardt på bygningar og reiskap her på Vestlandet. Likevel er det i Hjørundfjord, særleg inst i fjorden, ei unik samling av gamle bygningar og båtar. Ingen andre plassar i kystnoreg finst slik ein konsentrasjon. I boka ”Norske tømmerhus frå mellomalderen” av Arne Berg, finn vi fire slike tømmerhus i Møre og Romsdal der tre av dei soknar til Hjørundfjord. Det er stabbura på Raudstad, Fram-Saure og Skjåstad. Seinare er ein blitt klar over enda fleire bygningar med tidfesta detaljar heilt attende til 1550. Nemnast må då Bakkegarden på Åkre der ein finn eit heilskapeleg tun med fleire hus frå middelalderen. Den eldste grindløda i landet står her.

Les heile artikkelen >>

Rapportering av feil på sida