Hjørundfjord kulturvernlag -> Prosjekt -> Synfaring på Øggarden på Norangshol, i Norangsdalen (17.sept.2004)
Prosjekt
Synfaring på Øggarden på Norangshol, i Norangsdalen (17.sept.2004)
(Lagt inn 02.06.2005 - 17:11 av Ivar Svein Mo
endra 15.07.2005 - 17:07 av Tor Eirik Trandal) Lest 4090 gongar

Kjenner du nokon som kanskje vil interessere seg for dette innlegget?
Tips ein venn om denne artikkelen

0 kommentarar


Verkstad Verkstaden/industribygget er prega av at det har vore lite vedlikehalde siste 30 åra, men er ikkje direkte i forfall og det er mykje bra, men her trengst ein innsats i å sikre taket og tette knuste ruter som ei fyrste hjelp. Maskiner og inventar er ein kulturskatt med eigenproduserte maskiner som vitner om teknisk innsikt og sparsemd, som det var på Sunnmøre på den tida og som la grunnlaget for den velstanden som vi har i dag.

Med på synfaringa av verkstaden som høyrde til Lars K. Norangshol(f.1884-d.1973), var desse med:

Frå Kulturvernlaget, Helge Nordang og Ivar Svein Mo Frå Øggarden, Olav Norangshol(yngsteson til Lars K.Norangshol, f.1924), Lars Jarle Norangshol(barnebarn til Lars.K, f.1944) og Tor Bjørn Sværen(svoger til Lars Jarle)

Vi møtte Olav på den gamle steinbrua over riksvegen, ca.kl.9.15. Dette var ein vellukka plass, for dette var ei av hjartesakene til Olav, og han orienterte oss om at han hadde lagt press på Vegvesenet så dei hadde sett i gong restaurering på brua, som stend der i dag som ein kulturskatt og kunstverk.

Verkstaden sett frå baksida 

Fotograf:Ivar Svein Mo
Dei to andre kom no til og vi gjekk ned mot verkstaden/saga/kraftverket ned med elva. Verkstaden er bygd av bl.a. gamle stova på tunet i 1919, med vasshjul til drivkraft for sag og andre maskiner. Her var det grovkløyvsag og det vart produsert glas, dører og tropper ved sidan av stolar, bord, senger, kjerrehjul, rokkar og vevstolar. Lars K. Norangshol var også tømrar, så han var med å sette opp stover rundt omkring.

Skovlehjulet som var brukt den gongen er av stål og ligg utanfor verkstaden mot elva, nedegrodd. Hjulet kjem frå spinneriet i Volda og hadde diameter på Ø186cm, navboring ø8,5cm. Hjulet såg ut til å være i god stand. Verkstaden fekk elektrisitet i 1940 med ein likestraumsgenerator på 4kw, overskotstraumen var selt til naboene. Denne vart erstatta med ein vekselstraumsgenerator i 50 åra, som stend intakt i dag på 30-40 kw med hastigheits/spenningsregulator. Utstyret såg ut som det var i god stand, men vassinntaket og røra såg noko medtekne ut.

Sirkelsag, høvlemaskin, kombinert
dimensjonshøvel og fres

Fotograf: Ivar Svein Mo 

Vi gjekk no inn for å synfare sjølve verkstaden. Det fyrste som møtte oss var ei kløyvsag med ein solid benk som stod på betong-fundament.Inn i sjølve verkstaden var ein del gjenstander som ikkje høyrde til, men etterkvart som vi greidde å orientere oss, så fann vi eit snikkarverkstad som var i inntakt med høvlebenkar, høvlemaskin, dreiebenk, sirkelsager, bandsag, kombinert dimmensjonshøvel og fres, bormaskin og mykje handverkty og maler av alle slag. Reimdrifta frå vasshjulet var også på plass, med frihjul.

Verkstaden/industribygget er prega av at det har vore lite vedlikehalde siste 30 åra, men er ikkje direkte i forfall og det er mykje bra, men her trengst ein innsats i å sikre taket og tette knuste ruter som ei fyrste hjelp. Maskiner og inventar er ein kulturskatt med eigenproduserte maskiner som vitner om teknisk innsikt og sparsemd, som det var på Sunnmøre på den tida og som la grunnlaget for den velstanden som vi har i dag.

Tv. Generatoren som var innsett i 50 åra
Th. Hastigheitsregulator for turbin. Regulator ser ut til å være i brukbar stand

Fotograf:Ivar Svein Mo

Vi gjekk opp i tunet etter vi hadde sett det vi ville i verkstaden og fekk omvisning i stabbur og smia, og her var mykje interessant, og vi vart imponert. På stabburet vart me vist ein trådnystemaskin med sveiv laga i tré, elektrisk rokk, elektrisk kinne, vevstol produsert på garden, div. utstyr i forbindelse med veving, hespetré, oljelampar og utstyr i forbindelse med kornhausting. Tilslutt fekk me kome innom smia, her var det ikkje belg i smiavlen nei, men heimelaga turbin med trødehjul. Turbinen gjekk fint, så her har nok fagfolk vore og laga turbinblada med stor nøyaktigheit av den finaste material som garden kunne gje. Der fanst ein del smiverkty, som ambolt, smitenger av ulike slag, men noko som fekk vår merksemd var ei skrustikke produsert på Frøland av Skule Ole.

Vi vart mottekne av Lars og Olav på ein fin måte og dei viste at dei kunne historia si og fagkunnskapane var imponerande.

Vi hadde ein kjekk dag og ei svært interessant visning av Øggarden på Norangshol. Det einaste som vi ikkje fekk sjå var åndene som hotell Union har avla fram i verkstaden, men det var vel litt utanfor Olav og Lars sitt område, og åndene har vel eit anna tidspunktet i døgnet dei er aktive.

 

Helge og Ivar


Skriv kommentar:
Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av sidene med å klikke HER.