Her kan alle registrerte brukarar legge inn sine eigne artiklar. Det er gratis å registrere seg som brukar, og det gjer du på menyen til høgre.
Om du er usikker på korleis ein legg inn artiklar kan du sjå på hjelpesida vår. Der vil du finne informasjon om korleis ein brukar dei forskjellige funksjonane på denne nettstaden.
Vi håpar mange vil bruke denne sida.
Det var ein stor stas i bygda under jonsokfeiringa i 20-30 åra.Jonsokafta var det dei største borna som feira og dei minste måtte vente til jonsokedag. Vi legg ut eit bilete frå jonsokefeiringa på Kvistad i 1935. Det var Bertrand Kvistad, seinare Sveen som var den faste fotograf. |
Vi har ein artikkel frå nok ein skrivefør Knut i Bondalen - Knut Hustad. Han er frå Årset i Bondalen og ein kan ofte lese avisinnlegg både i Møre Nytt og Sunmørsposten som han har skreve.Ofte kan han være både refsande og vise liten nåde når han skriv og er ikkje redd ein debatt i pressa, men du verden kor god han er til å skildre opplevingar han har frå fjellturar og andre reiser han har gjordt. Denne artikkelen om botforar skreiv han i slutten av 2004 i ei avis og som mange hugsar. Her kan folk frå andre kantar og utanfor distriktet lese om botforar, og dei yngre kan få lære eit nytt ord. Han nemner i artikkelen den gode Hjørundfjordingen Jørgen Hustadnes som noverende botforbrukar, vi gjer oppmerksam på at Jørgen døde i begynnelsen av 2005 og var i fin form når artikkelen stod på trykk. God fornøyelse. |
![]() Denne fortejinga har også vore eit tidlegare innslag i MøreNytt si juleutgåve og Knut J. Riise er ein god mann å spørje når heimesida treng stoff til jul. Denne skildringa frå gamle Riise var ei heilt vanleg oppleving for gutungar, og alle måtte være med å slakte etterkvart, men vart skjerma av dei vaksne for å sjå på sjølve avlivinga. Borna var oppvaksne med slakting og var dermed betre forbudd enn i dag, men barnesinnet var nok følsomt den tida også, og ikkje alle takla like bra dette med slaktinga. Håper denne artikkelen med Knut J.Riise sin forteljarkunst kan gledje ung og gamal som les den. |
Knut J. Riise har gitt oss løyve å legge ut denne artikkelen om sine barndomsminne frå gamle Riise som han skreiv i eit juleutgåve til Møre Nytt. Han vil dermed kunne glede lesarar som var utanfor avisa sitt område å kunne få lese denne gode skildringa frå ein gut sitt syn på den lokale maten som var i 50åra. Knut er ein meister å skrive og her kan lesarane få lese lokal utrykk som er for "Bondala". Dei som hadde tilgong til fjorden og kunne få fisk til matauk, hadde det godt i matvegen, men kvar og ein kunne ynskje seg eit litt meir variert kosthald, så dette kunne være alvorleg nok for ein gutunge. |
Bilete frå kulturkvelden finn du i bildegalleriet. |