Hjørundfjord kulturvernlag -> Lokalhistorie -> Emissærtøfler – artikkel nr.1291. (Ein hyllest til botforen)
Lokalhistorie
Emissærtøfler – artikkel nr.1291. (Ein hyllest til botforen)
(Lagt inn 12.01.2006 - 00:19 av Ivar Svein Mo
endra 12.01.2006 - 00:22 av Ivar Svein Mo) Lest 5761 gongar

Kjenner du nokon som kanskje vil interessere seg for dette innlegget?
Tips ein venn om denne artikkelen

0 kommentarar


Vi har ein artikkel frå nok ein skrivefør Knut i Bondalen - Knut Hustad. Han er frå Årset i Bondalen og ein kan ofte lese avisinnlegg både i Møre Nytt og Sunmørsposten som han har skreve.Ofte kan han være både refsande og vise liten nåde når han skriv og er ikkje redd ein debatt i pressa, men du verden kor god han er til å skildre opplevingar han har frå fjellturar og andre reiser han har gjordt.

Denne artikkelen om botforar skreiv han i slutten av 2004 i ei avis og som mange hugsar. Her kan folk frå andre kantar og utanfor distriktet lese om botforar, og dei yngre kan få lære eit nytt ord. Han nemner i artikkelen den gode Hjørundfjordingen Jørgen Hustadnes som noverende botforbrukar, vi gjer oppmerksam på at Jørgen døde i begynnelsen av 2005 og var i fin form når artikkelen stod på trykk.

God fornøyelse.


Emissærtøfler – artikkel nr.1291. (Ein hyllest til botforen)

 

Høge, låge, svarte, brune, grå, skinn, kunststoff, gore-tex osb., osb.  Vala er mange, men svært så vanskelege når ein skal kjøpe vintersko.  Difor trengjer spørsmålet seg på: Kvar har botforane blitt av?

 

Botforen

Det å få på seg eit nytt par botforar når kulden kom var kort og godt ubeskriveleg.  Kanskje kan det samanliknast med det å kome sveitt opp på ein fjelltopp ein litt kjølig og våt haustdag, vrenge av seg alt  på overkroppen og så få på seg ei rein, tørr, og kleiefri ulltrøye. Det må berre prøvast. Ja, med nye botforar og strekkbukse kunne ein nesten tillate seg å sjå på det  motsette kjønn – sjølv om ein på den tida knapt nok var interessert i jenter.

 

Den nemnde botforen, hadde si storheitstid på 60 – talet.  Den var laga av eit svart gabardinstoff, hadde eit kvitt ullfòr (– heilt sikkert ekte). Skoen hadde glidelås i front og den hadde  ein unik gummisole – den var tross alt produsert av støvel- og skoprodusenten Viking.  Solen var dregen litt oppover lesten.  Forståeleg nok var skoen svært populær.  Skobutikkeigar Bjarne Opsahl hugsa den så godt at han framleis veit artikkelnummeret -  nr. 1291.  Det bør nok òg nemnast at skofabrikkanten Romika også tok til å produsere botforar, men Viking sin var best!

 

To variantar

No var det også ein annan type av botforen på marknaden. Ordet botfor kjem forresten frå fransk og tyder stor støvel/utanpåstøvel. La oss – av praktiske årsaker - kalle denne 2. varianten av botforen for utanpåstøvel sjølv om mange noko feilaktig kalla den kallosje. Også desse utanpåstøvlane var svarte og litt høge men dei hadde  ei spenne på utsida av skoen i staden for ein glidelås i front. Den store skilnaden på dei to botfortypane var at i den 2. varianten stakk du ikkje berre foten nedi, men foten med ein sko på.

 

Når du skulle på ein eller annan fest, møte, basar eller kort og godt ein stad der du måtte vere i pussen (no tenkjer eg sjølvsagt i klesvegen), ja, då var det berre å ha på seg dress og bestesko - bestesko som sjølvsagt var nypussa med Kiwi skokrem, børsta og så polert med ein ullsokk og gjerne mor si nylonstrømpe til slutt. Så var det berre å stikke skorne ned i desse utanpåstøvlane – og vips så kunne du gå ut i all slags vintervèr og likevel kunne ein imponere med skopussen når ein kom fram til dit ein skulle.  No nemnde eg fest, men eg tvilar på at dei som skulle på dans på Idavollen på 50- og 60 talet brukte slike utanpåstøvlar.  Sleik i håret og utanpåstøvlar passa ikkje i lag – eller tek eg feil?

 

Emissærtøflar.

På folkemunne var etter kvart – av naturlege årsaker - desse botforane/utanpåstøvlane kalla emissærtøflar.  Like sikkert som den svarte mappa med bibel, salmebok og manuskriptet til talen var under eine armen, hadde emissærane utanpåsko anten dei skulle på møte på bedehuset, eller juletrefest på forsamlingshuset. Når ein nemner juletrefest, er det sikkert mange av den litt eldre ungdommen som  hugsar desse botforane der dei stod på rekkje og rad langs ein vegg ute i gangen eller under hattehylla.

 

Loppemarknad

Mange er framleis heilfrelste på desse utanpåstøvlane(kallosjene) sjølv om desse  ikkje er i handelen lenger.  Men Hjørundfjord sin ambassadør i Oslo, Jørgen Hustadnes, visste råd. For ikkje mange år sidan fekk han kjøpt seg eit nesten ubrukt par – av alle stadar på ein loppemarknad på Oslo sin beste vestkant.  Takka vere ein mann som likevel ikkje fekk gravleggjast i sine nesten ubrukte botforar, fekk altså Jørgen – via omvegar – fatt i desse utanpåstøvlane. Ikkje alle har vore like heldige..

 

Minussider.

Men tilbake til dei fantastiske botforane som vart brukt til vintersko – Viking kalla dei forresten i tillegg snøsokk. Dei kunne nok ha sine minussider – sjølv om dei var best i minusgrader.  Glidelåsen i front vart gjerne litt treg etter kvart.  Men ekspertane visste råd: Vaselin vart brukt, men helst skulle ein bruke kjertelys av juletretypen.  Nokre drag over glidelåsen og dei var god som nye.

 

Heller ikkje likte botforane seg i det som bestemor kalla blåstøde – snø og sørpe.  Dei vart gjerne litt våte og etter opptørking fekk dei  ei karakteristisk kvit saltrand. Impregnering frå ei sprayboks hadde nok gjort underverk, men dette vart lite brukt.  Ein kan undre seg kvifor for drivgassen på sprayboksene kunne ikkje øydelegge ozonlaget den gongen –  ozonlaget var  kort og godt ikkje oppfunne. I alle høve nemnde ikkje lærarinna mi – jau, det heitte  framleis lærarinne på 60-talet – noko om ozonlaget.

 

 

Ja til kallosjar.

Nei, det seier seg sjølv at eg ikkje fekk botforar til julegåve i år heller i all den dag skoen ikkje er til sals, men berre vent.  Om ikkje mange år er minst ein vegg i ei kvar skoforretning igjen nærast tapetsert med botforar.  I mellomtida får vi nøye oss med kallosjar – det som heiter kallosjar på rett.  Dette er ein praktisk  gummisko som ein trer utanpå besteskorne. Kallosjane sit så godt på skoen som ein… Ja, dei sit veldig godt.  Eg veit ikkje om det er rett å bruke desse kallosjane om ein skal sjekke damer, men for alle andre; dei er i handelen – i alle høve hos Sko Olsen i Volda. Og berre så det er sagt – dei er på moten igjen i Oslo.

 

Godt nyttår.

 

Helsing

Knut Hustad.

 

Takk til:

Bjarne Opsahl - skoekspert

Tor Olsen - skobutikkeigar

Jørgen Hustadnes – noverande botforbrukar

Jarle Walseth – tidlegare botforbrukar.  (Og redaktør av ”Frå Hjørundfjord”, som framleis ikkje har omtalt botforen)

Viking Fottøy AS v/Annett Løken

 

 

 


Skriv kommentar:
Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av sidene med å klikke HER.

Rapportering av feil på sida