Hjørundfjord kulturvernlag -> Lokalhistorie -> Julegrisen - Ei juleforteljing frå gamle Rise i Bondalen
Lokalhistorie
Julegrisen - Ei juleforteljing frå gamle Rise i Bondalen
(Lagt inn 20.12.2005 - 16:25 av Tor Eirik Trandal
endra 04.01.2006 - 18:43 av Tor Eirik Trandal) Lest 4973 gongar

Kjenner du nokon som kanskje vil interessere seg for dette innlegget?
Tips ein venn om denne artikkelen

0 kommentarar


/jul-mistel

Denne fortejinga har også vore eit tidlegare innslag i MøreNytt si juleutgåve og Knut J. Riise er ein god mann å spørje når heimesida treng stoff til jul. Denne skildringa frå gamle Riise var ei heilt vanleg oppleving for gutungar, og alle måtte være med å slakte etterkvart, men vart skjerma av dei vaksne for å sjå på sjølve avlivinga. Borna var oppvaksne med slakting og var dermed betre forbudd enn i dag, men barnesinnet var nok følsomt den tida også, og ikkje alle takla like bra dette med slaktinga.

Håper denne artikkelen med Knut J.Riise sin forteljarkunst kan gledje ung og gamal som les den.


 

 

Som på dei fleste andre gardar skulle det slaktast gris til jul. Og frå vi var temmeleg små prøvde vi å lure oss til å sjå på, men dei vaksne passa godt på, så det vart mest berre grisehylet vi fekk med oss. Ikkje før grisen var komen på skoldefjøla fekk vi nærme oss.

Det året eg fylte 12,  i 1959, bestemte han Larsa Ole at eg skulle vere med på slaktinga.

 Grisen i Lensmannsgarden skulle takast først. Det var forresten 2 stk, men det var den første som vart slakta eg huskar.

Ho mor rista på haudet når han Ole brynte opp ein kniv til meg kvelden før, men det var lite ho kunne gjere. Å legge imot det han Ole hadde bestemt var nyttelaust, så ho ga seg på det. Ho forsto nok at no skulle odelsguten herdast.

Det var bra med snø, men mildveret hadde gjort at den hadde sokke saman. Den  natta fraus det på og det vart temmeleg kaldt. Og dagen etter var det allereide skaresnø. Å springe  på skaren var noke av det likaste eg visste. Men i dag var det ingen leik, det var blodig alvor!

Vi  var i alle fall godt hjelpa, der vi drog mot lensmannsfjøsen. Det var tre vaksne og 3-4 gutar, der eg var den yngste. Ein steinslede vart framdregen og gjort klar ut for grisefjøsdøra.

Paktaren i lensmannsgarden var griseeigar og sjef. Men det var han Ole som sette på trynevida.( Eit tynt tau som det var spleisa ei lykkje i enden på). Denne vart nytta som strypelykkje rundt overkjeven på grisen. Han Ole drog lystig åt og grisen hylte så det gjekk gjennom merg og bein. Då snudde han seg å mylte (smilte lurt) mot oss. Han kosa seg når vi heldt attfor øyrene.

Paktaren tok fram øksa då grisen var komen ut til steinsleden. Ole drog i trynevida og grisen stritta imot og hylte endå verre. Då fekk han ei slag av øksehammaren i haudet så den gjekk over ende, og det vart brått stilt. Paktaren tok fram kviven og stakk. Då sparka den så snøen dreiv og dei låg over den og meinheldt. Dei heldt eit gammalt vaskefat som blodet rann oppi og  han far rørte i blodet så det ikkje skulle levre seg. Han Ole hadde fortalt meg om dette kvelden før, så eg visste kva som skulle skje. Men eg kjende at eg vart kvalm av heile greia og måtte snu meg vekk. Det var som om dei andre vart utydelege for meg.

 Grisen slutta endeleg å blø og dei tok vekk fatet. Det var nok det som så vidt berga meg frå å svime av, for det var like før, det kjende eg på meg.

”Det va kje mykje blod som kom ta nå, du va kje borti bogjin vel”, sa han Ole. Paktaren såg berre olmt opp, og sa ingenting.

Grisen vart velta oppå sleden og vi drog den mot eldhuset. Men av og til kom det ein slags snorkelyd frå den. Dei vaksne såg berre på kvarandre og sa at han stilna nok snart. Den låg i alle fall heilt roleg.

Eldhusdøra vart opna og det var full fyr under koparkjelen i grua. Vassdampen slo mot oss og kulden ute.

 Dei tok no straks til å ause varmevatnet oppi ein stor bryggjeså. Eg visste at grisen skulle oppi for at busta skulle losne. Det hadde eg sett på før.

 ”Det e veksande måne og flødande sjø, så vil ikkje busta gå i dag då veit ikkje ej”, sa paktaren.

Men det var noke rart med grisen,som no var dregen innpå golvet. Den snorka endå. Sjølv om den var lenge stille mellom kvar gong, men den rørte seg ikkje. Han Ole tok kniven og pirka innpå auga på den og sa at den blinka endå. Han prøvde også med kniven inni stikkholet uten at  det kom ut meir blod.

Det var lenge sia han far hadde sagt at vatnet var akkurat 69 grader. Paktaren som hadde stått for stikkinga, sa at grisen e daude og at vi måtte få den oppi karet før vatnet kolna.

Alle mann tok tak i grisen som kjendest heilt daud ut, og langa den oppi karet.

Det var då det bokstaveleg  vart liv i lensmannseldhuset, såpass at eg har huska det sidan.

Grisen livna opp att!  Den gjekk som ein kvennakall oppi såen, så varmevatnet og dampen stod som ei sky kring oss. I rein panikk var det nokon som opna døra så kulden slapp inn, og endå mindre såg vi.

Ole snubla i ei vedaskide og heldt på å gå på haudet i grua. Han snudde seg olmt mot han far og sa:” Sette du krokfot mæ din bøvel”.

Det var sikkert ikkje mange sekunda grisen sparka, men alt var så uventa at dei fleste tapte heilt fatninga ei lita stund.

Så  vart det heilt stilt. Eg såg at han far var full av lått og snudde seg vekk og la ei vedaskide under kjelen.

Eldste sonen til paktaren stod ved døra. Han greidde ikkje å halde seg, han lo først forsiktig. Men så sprakk han heilt og lo høgt. Faren kom brått rundt skoldarfjøla og skulle ta han, men han kom seg ut i ei viss fart. Han sprang lett oppå skaren, medan faren braut delvis gjennom, så han måtte gi seg etter få meter.

Endeleg fekk dei samla seg såpass at det vart tenkt på grisen som låg i karet. Dei fann ut at busta gjekk, så det var berre å få han oppå fjøla å starte skåldinga.

Det var trongt om plassen og tett mellom knivane. Og vi fekk streng beskjed om å ikkje skjere kvarandre.

Stemninga var endå laber i eldhuset. Han far likte godt ein spøk, men eg merka at han var forsiktig med kva han sa til dei to andre.

 Det var då eg kom til å reise kniven for mykje med eggen mot griseryggen. Ei stor flenge vart resultatet. Eg kjende kor eg kolna inne i varmen.

Hadde det endå vore vår gris! Eg såg fort opp, men ingen såg ut til å ha oppdaga noko. Det vart lite skålding etter dette. Eg vart meir oppteken med å prøve å trykkje att flenga. Men same kor eg trykte så glei den opp att. Til slutt heldt eg over med den eine handa, og lest skålde med den andre.

Ingen sa eit einaste ord. Men eg var ikkje god i magen der eg stod. Til slutt så hang grisen endeleg i taket etter bakføtene. Og dei andre gjekk og skulle avlive den siste. Men eg vart att ei stund, og stod der og trykte saman flenga.

Det gjekk  nok bra med den siste grisen. For eg kan ikkje eingong minnast om eg var med på skåldinga eingong.

Men om kvelden då vi ungane var ute og leika oss, lurte eg meg inn att i eldhuset med lommelykt og såg på flenga, og no tykte eg den hadde minka.

Vi er nok ikkje dei einaste som har opplevd at ein bogstukken gris har ”livna” i skåldekaret. Det var vel meir refleks enn bevisst reaksjon, og det var nok ikkje mange sekunda det stod på heller. Men sekunda går seint i slike høve, og mykje hende på kort tid.

Han far mintest og snakka ofte om han Ole som tapte fatninga og trudde at han  sette krokfot. Og han som berga seg på skaresnøen.

Eg huskar like godt flenga i griseryggen. Sjølv om 45 år har gått.

 

Av Knut Riise.

 


Skriv kommentar:
Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av sidene med å klikke HER.

Rapportering av feil på sida