Hjørundfjord kulturvernlag -> Lokalhistorie -> Harde førjulstider på Rise for 45 år sidan
Lokalhistorie
Harde førjulstider på Rise for 45 år sidan
(Lagt inn 20.12.2005 - 16:22 av Tor Eirik Trandal
endra 26.12.2005 - 13:31 av Ivar Svein Mo) Lest 5151 gongar

Kjenner du nokon som kanskje vil interessere seg for dette innlegget?
Tips ein venn om denne artikkelen

0 kommentarar


Knut J. Riise har gitt oss løyve å legge ut denne artikkelen om sine barndomsminne frå gamle Riise som han skreiv i eit juleutgåve til Møre Nytt. Han vil dermed kunne glede lesarar som var utanfor avisa sitt område å kunne få lese denne gode skildringa frå ein gut sitt syn på den lokale maten som var i 50åra. Knut er ein meister å skrive og her kan lesarane få lese lokal utrykk som er for "Bondala". Dei som hadde tilgong til fjorden og kunne få fisk til matauk, hadde det godt i matvegen, men kvar og ein kunne ynskje seg eit litt meir variert kosthald, så dette kunne være alvorleg nok for ein gutunge.

            Det var ikkje enkelt å vekse opp i Larsagarden på Rise og ikkje like fisk. At mor mi kom frå Hustadneset gjorde det slett ikkje enklare.” Ka du trur han hadde sagt han bestefar din inn på Hustadnesa om han såg kor du grine på naså ta dinnja goe fiskja”, sa han Larsa Ole nesten kvar gong  eg sat og togg og kvidde meg for å svelgje . At nokon kunne like svineriet! Tenkte eg mang ein gong. Støtt vart eg minna på alle som likte fisk på Riise. Kjell Arne i Årsetgarden likte mykje bedre fisk enn kjøt sa dei. Det trudde eg sjølsagt ikkje på. Frammi Sledala var dei fortvila for dei ikkje hadde ferske fisk, sa han Ole. Dei kunne vere glade dei slapp, sa eg til han. Då vart han sur. Han tolde mykje meir av bror min. Og eg var ikkje i tvil om grunnen til det.” Ja, du e like han du heite ette,”sa han Ole, når han Arne ville vere med på sjøen, eller når han åt opp fisken sin.

Arne var tynn og bleik. Eg var langt bedre i hald. Det kom nok av at eg vart ein meister å livnære meg langsmed. Når dei vaksne la seg ned til middag, var eg  attmed brødskuffa, sjøl om det var strengt forbode for ein som ikkje åt opp maten sin.

            Mandag var det klippfisk, eller saltfisk. Tirsdag var det også oftast fisk. Onsdag var det fersk fisk. Kanskje hadde eg måtta vore med å drage garna også. Det hende vel at torsdag var fri for fisk, men trygg var ein aldri. Fredag var det sjølsagt fisk. I verste fall kunne det vere steikt sild. Når eg kom frå skule kunne eg lukte silda langt ned i Pebakken. Eg håpte sjølvsagt at det kom frå Sima eller Lensmannsgarden, men håpet var oftast ute straks eg kom inn i bislaget.

             Laurdagane var det ein pust i bakken, for då var det graut. Oftast havregrynsgraut. Ikkje akkurat festmiddag det heller. Men søndagane var fiskefrie. Likevel har eg eit låkt minne om ein søndag ho mor ropte oss til middag, og det var steikt sei. Fisk på ein søndag! Sa eg, heilt på gråten. ”Det e no seibiff, det lika no du”, sa ho med eit skikkeleg løfsefjes. Steikt fisk var trass alt litt lettare å få ned. Men søndagsmiddag, nei!

 Når eg i dag kjem inn på ein kafe, der det står seibiff på menyen,  tenkjer eg alltid: Det e bøvels til biff!

            Kveldane var det også fisk. Men då var det brødskiver attåt, så då var det overkomeleg. Men kvar kom så all fisken ifrå? Jau, far min var på sildefiske, eller arbeidde på fiskebedrift i Skarbøvika om vinteren. Der arbeidde onkelen min heile året. Han kom med sekkevis med klippfisk og torskenakkar som dei sa. Den fordømte klippfisken!

            Larsa Ole, som var bror til bestefar min, han dreiv sjøen heile tida, og drog til gards. Det lukta fisk i kjellaren til ei kvar tid. Og mor var nok under hardt press for å servere fisk. Prøvde ho med for eksempel brennsut, var han sur og sa:” Det e so heitt at bikkjå ha kje ete det en gong”

 

Ut på hausten var det slakting. Det førte med seg litt forandring for både meg og kattane. Dei levde stort sett av fiskerask etter alle fiskemåltida våre. Og var sikkert godt matleide dei også.

 Dei sat og passa på under slaktinga, som foregjekk ute i tunet. Dei sat klar og venta på veraballane, som var stort sett det einaste som ikkje vart nytta. Far og Ole berre heiv dei bakom seg, og etter å ha rulla på seg litt grus,  kleppa kattane dei, og sprang bratte i nakken opp gjennom tunet for å nyte eit skikkeleg måltid.

            Eg gledde meg over blodpølse og anna godt som fylgje av slaktinga. Snart hang måren under låvebrua til turk. Der var eg også og forsynte meg etter fiskemiddagane. Var den ikkje skikkeleg turr, ja så steikte eg på spidd i omnen på romet mitt.

            Så ein dag då det leid fram mot jul, var eg ein tur på stabburet. Den nydelege lukta av nyrøykt sauderibbe, eller julaftasteik som vi sa, slo mot meg. Dei to sidene hang litt vanskeleg til. Men eg var opp på stabburet og tenkte og naut lukta fleire gonger. Men ein dag i middagstida, etter eit måltid med påstråla blålonge, slo eg til.Med kniven på tvert i kjeften, klatra eg opp på utsida av den lafta hjørna til innstabburet. Då nådde eg akkurat tak i steikja. Det var inga lammeside som hang der. Det var av eit vakse dyr , så nokre forsiktige snitt ville knapt merkast. Det smakte i alle fall godt. Og snart var verste svolten stilt. Så eg klatra ned att og fekk kniven på plass. Men det gjekk ikkje lenge før eg var der att. Ein gong vart eg nesten avslørt. Eg høyrde trappehella ga lyd frå seg. Eg stod musestille då mor strauk forbi under meg, henta ein klippfisk, og for ut att like fort. Då fekk eg meg ein kjipp. Men det var snart gløymt.

Men det vart likevel ikkje skikkeleg fart på det før eg inviterte Arne og Martinus med på smaksprøver. Eg klatra som vanleg opp med kniven på tvert i kjeften, og dei var tydeleg inponerte over det dei såg. Og snart stod dei under og fanga kjøtsneider, og gapte som trastaungar.

         Eg skar dugeleg av kjøtet .  Og snart sat vi oppå romet til Arne og meg og spidda kjøt på varmen i den opne omnsdøra. Nydeleg smakte det! Men no tok det til å vise stygt på sidene. Eg hadde måtta svinga kniven inn mellom sidebeina. Så no såg den sida som var lettast å nå tak ut som skjeringane som gryta i grua hang i. Då tok eg til vitet og slutta med ettermiddagsmåltida.

       Så leid det heilt inn i jula, eg hadde nesten heilt gløymt sidene på stabburet. Plutselig ein dag kjem Ole inn på kjøkkenet og set augene i meg . ”E det du so he skamskore julaftasteikja hass Vefall!!” Det snørar seg i hop i halsen, så eg får så vidt fram, ”Ej visste ikkje at det va hass Vefall”.

        Verda rausar i hop for meg. Eg ser for meg han snille Vefall, som kjem med sjokolade og appelsiner.

 Alltid hadde han med seg eit kvart når han kom på sykkelen for å besøke far, og prate. Då vart det 5 minutt, sjølv om det var i hardaste slåtten. No er alt øydelagt.

Eg ser at han far også er fortvilt. ”Ej veit ikkje om ej tore å vise hånå kor du he fere åt.” Eg prøver å fordele litt av skulda på Arne og Martinus, men det hjelper så lite. Eg er heldig som ikkje får juling.

  Dagen etter kjem Vefall. Han er der når eg kjem frå skulen, for eg kjenner att sykkelen hans som står støtta attåt trappa. Eg snik meg opp på romet mitt og er livredd for det som må kome.

  Det går ei god stund. Eg høyrer at far og Vefall ler slik dei brukar. Eg har nesten begynt å håpe at han fer sin veg, då det bankar på døra. Det er like før eg stryk med av skrekk. Døra går opp og Vefall står der. Han ser sikkert kor det står til med” kjøtskjeraren”, for han held på å le seg ihel.

Eg vert ufatteleg letta. Tenk, han er ikkje sint ein gong! ”Det er nok att til både meg og Solveig.” Seier han. Eg får så vidt stotra fram at eg ikkje visste det var hans. Tenk hadde alle vore så snille som han Morten Vefall!

 Seinare laga han dikt om Risegutane som åt opp julaftasteika hass Vefall. Berre Larsa Ole kunne ikkje gløyme kva eg hadde gjort. Arne høyrde lite og inkje, for han likte fisk.

 

Dette hende på slutten av 50 talet. Eg hadde håpa at diktet skulle finnast, for far min fekk det av Morten Vefall. Men det har nok kome bort. Men minnet om hendinga vil likevel fylgje hovedmannen livet ut.

 

 

Knut  Riise


Skriv kommentar:
Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av sidene med å klikke HER.

Rapportering av feil på sida