Hjørundfjord kulturvernlag -> Lokalhistorie -> Raset som utsletta Rise 19 februar 1968
Lokalhistorie
Raset som utsletta Rise 19 februar 1968
(Lagt inn 05.07.2005 - 23:29 av Ivar Svein Mo
endra 23.12.2005 - 12:01 av Tor Eirik Trandal) Lest 6037 gongar

Kjenner du nokon som kanskje vil interessere seg for dette innlegget?
Tips ein venn om denne artikkelen

0 kommentarar


dagnylesskildringDet var kulturkveld på Rise i Bondalen den 30.6.05, og temaet var dei harde livsvilkåra og dei mange rasulukkene Hjørundfjordfolket har måtte tole opp gjennom åra, med fokus på raset som utsletta Rise i 1968. Dagny Riise Heggestad las eit stykke som faren Knut J.Riise hadde skrive om den dramatiske hendinga då Korsafonna kom og sletta det gamle Riisetunet, morgonen 19.februar. Knut var forhindra i å møte denne kvelden sjølv, men Dagny las stykke til ei lydhør forsamling. Du kan sjølv lese stykke her.

Bilete frå kulturkvelden finn du i bildegalleriet.


Ein uhyggjeleg morgon.

Den som var oppvaksen i det gamle Risetunet fekk alltid høyre om Skondalsfonna, om kor stor den gjekk i 1935. Om vassglopet i 1923. Og om kor ofte den gjekk før den tid. Og om då den kom som kramfonn , sakte sigande fram etter marka og stoppa 30 alner frå Simaløda. Dei rakk å love vekk ei kvige til misjonen eller kyrkja, om løda vart spart.

Utsikt over Rise og Sæbø

Vi høyrde også om Korsen, som kunne gå så fort som eit skot, om han kom som mjellfonn.

Men det var ingen som var så gamle at dei hugsa at Korsafonna hadde gått ned på flata.

Ein gong hugsa eg likevel at han Larsa Ole sa at han gamle Sima Edvard hadde sett ein gong at den hadde gått så langt heimover at han ikkje likte retninga. Hadde det vore mykje meir snø kunne den ha truga husa meinte han.

Likevel var det rekna for å vere trygt å bo på Rise. Det var mest snakk om kor farleg det var å gå mellom Rise og Sæbø i fonnfare.

Som 2.og 3. klassing gjekk eg på skule på Bedehuset. Og då hadde vi skyss med drosje når fonnfaren var på det verste. Det var så vanskeleg å snu bilen i Risegarden i all snøen, at han Lyshagen rygga den eine vegen. Og det tykte eg var ekstra spennande. ”Du får fylgje med fonna du”, sa han, og rygga så det ulte i gearkassa.

Eg var mange gonger skuffa over at Skondalen aldri hadde gått når eg stod opp om morgonen.

Vi tykte det var utruleg å høyre om at den mange gonger hadde gått bortover flata, og langt borti Øyane. Men vi fekk visst aldri oppleve det, trass i harde snøvintrar.

1968 starta nokså rimeleg, med lite snø i januar. Det var først i februar det tok til å lave ned med snø.

Søndag den 18. februar om kvelden fylgde eg han Bjørn Urkegjerde til Ørsta. Eg gjekk av på Mo for å besøke Helga, som seinare vart kona mi. Bjørn skulle også på på damebesøk, og seinare hente Ansgar, far sin.

Då dei seinare på kvelden plukka meg opp hadde det snøa så mykje at eg aldri hadde sett maken til brøytekantar.

Han Ansgar var emmisær, og var på veg heim att frå oppdrag i bynære strøk, så han hadde lagt litt om på dialekta. ” Du store all verden ka sne, det får ikkje gå vel med sånne mengder”, sa han.

Dei sette meg av på Rise, og køyrde vidare mot Sæbø. Det gjekk om lag 10min, då kom dei fram att og fortalde at dei hadde køyrdt seg fast i Skondalsfonna som hadde gått over vegen framanfor haggarden.

Etter ei stund kom brøytebilen. Det var Henry Vatne som køyrde, og vi stoppa han og sa kva som hadde hendt. Bjørn og eg vart med i brøytebilen og fekk slepa bilen til Bjørn laus frå fonna. Bjørn og Ansgar prøvde då å køyre Moasida heim att, men kom etter ei stund tilbake til Rise, fordi vegen var stengd av ei fonn der også.

Brøytebilen rygga seg fram til Rise, men der var det ikkje mogleg å snu. Bjørn og eg køyrde difor fram til Karl Holen for å få han til å måke snuplass.

Minnesteinen og trappa på gamle Rise

Snøen lava ned i store mengder heile tida. Den var så merkeleg laus, det fanst ikkje binding mellom snøkorna. Den rann som fin pellets om ein prøvde å måke den.

På den korte tida sia brøytebilen hadde køyrdt, til vi var på veg frå Holen til Rise att, tok nummerskiltet nedi snøen og kasta den bak på frontruta, så det var nesten ikkje råd å sjå. Og for første gongen i mitt liv var eg verkeleg redd då vi køyrde forbi under Korsafonna.

Bjørn og Ansgar kom seg ikkje heim att og måtte difor overnatte hos oss i Larsagarden. Ansgar fekk seg ei seng i kammerset, som var i heimste enden av huset. Bjørn skulle ligge i stova til bestemor, som nettopp hadde flytta på aldersheimen. Den var i fremste enden av huset.

Vi sat lenge oppe utover natta. Henry Vatne var i lag med oss i påvente av at snuplassen vart måka. Vi snakka mykje om fonnene som var venta å gå, også om Korsen. Men vi var ikkje inne på tanken om at det var fare for husa.

Då Henry kom seg avgarde gjekk vi alle å la oss.

Knut J. Riise fortel om Korsafonna

Både Arne, bror min og eg skulle ta arbeidsbussen til Ørsta dagen etter. Arne skulle på skule, og eg på jobb på Bjørdalssmia.

Vekkjarklokka ringde som vanleg klokka 6. Men etter så få timar med søvn var eg heilt i svime, og eg bestemte meg for å ta 9 bussen i staden. Mor og Arne var dei einaste som stod opp så tidleg.

Eg hadde sovna til att, men vakna brått av at det bles så det ulte. Huset tok til å riste.

Det er rart kor mykje eg rakk å tenkje på den korte tida. Det skulle då ikkje blåse tenkte eg. Det er Korsen som kjem! Eg tok begge hendene kring hovudet for å verje meg. I det same vart det eit kraselyd, som om ein braut av stort tre. På eit sekund vart det uhyggjeleg stilt. Senga mi hadde rausa i hop og eg låg på golvet i kolmørkret.

Eg kom meg opp og prøvde å finne klede å ha på meg. Brått høyrde eg far som ropte og banka i døra ut mot loftgangen. Eg fekk opp mi dør og hadde tenkt å famle meg ned gjennom lofttrappa. Der var berre hard snø.

Alvoret tok til å gå opp for meg. ”Ho mor di og han Arne e nok ferdig, dei va komne ne på kjøkenet”, sa han far.

Anny og Mariann, systrene mine var også komne på føtene. Anny var hysterisk, og snakka om dei nedpå kjøkkenet. Mariann var heilt stille.

Brått var det som om det brann på utsida av huset. Det var han Sima Edvard med eit kjertelys, som stod på utsida. Det var ikkje å fatte at han stod utfor loftglaset. Men det var berre å stige ut igjennom glaset og nedpå fonnbreden. Sjølv om det var nokså mørkt såg eg med ein gong at Lensmannshuset var vekk. Det var heit uverkeleg. Berre fonnbrede der huset hadde stått. Eg kunne ikkje forstå, men trudde aldri at eg drøymde. Magen min vart berre ein stor stein.

Lukta av svidd furutømmer sat i nasen, og det kjende eg i vekevis etterpå.

Men det verste var ropa nedafrå snøen under huset. Det plaga meg lenge.

Det var ein fortvila gjeng som stod heimanfor huset vårt og høyrde på ropa utan å ha noke å hjelpe oss med mot den knallharde fonnbreden.

Pe Knut var også komen no. Han fortalde at han heldt på å måke snø, og var komen midt oppi garden då han høyrde Korsen stakk ut.

Det var som om det lyste framfor fonna. Då den traff Korsabrua og fremste Storenakken slo den seg voldsomt ut i breidde og han forstod at det ikkje kunne gå vel. Han snudde seg og gjekk fort mot huset. Fonnvinden tok han att, og spada han hadde i handa mista han. Han fekk tak i rekkverket på trappa i det same han høyrde braket frå husa frami garden som vart tekne. Foket var så tett at han var sikker på at deira hus også hadde reist. Etter ei stund såg han at huset stod likevel, og det såg uskada ut.

Vi prøvde å kome på kvar vi kunne finne noke å hjelpe oss med, men det nytta ikkje. Alt var kome under fonnbreden. Ropa frå snøen høyrde vi framleis. Vi måtte ha hjelp, og det fort om nokon skulle reddast.

Eg veit ikkje kven som kom på at vi måtte springe etter hjelp. Vi trudde nokon måtte forstå at det hadde hendt noke forferdeleg. Men vi var langt frå sikker.

At det var eg som måtte springe var det aldri noke tvil om. Så eg melde meg med ein gong. Eg var 20 år og den sprekaste av oss. Men det skulle verte ein hard tur, for eg visste at Skondalen hadde mykje på lager, sjølv om den hadde gått ein del. Ski fanst heller ikkje, så det vart å vade.

Det var rein flaks at eg hadde skiskoa mine oppå romet mitt, men eg hadde ikkje ikkje kome på å knyte reimane, og eg tok meg heller ikkje tid til det. Dei slang kring leggane så lenge eg greidde å fylgje vegen. Men snart traff eg fonnbreden frå Skondalen. Laussnøen var ikkje så verst der heller, men då fonnbreden tok slutt kom eg for langt opp mot Bakkane og eg fann ikkje att vegen.

Eg måtte nesten symje i over 2meter snø. Dette i tillegg til redselen for at Skondalen skulle kome, gjorde at eg masa meg heilt ut. Eg tenkte at kjem den no, då er det slutt både for meg og dei som trengde hjelp.

Då eg temmeleg forkomen kom innpå vegen eit stykke framanfor kyrkja, forstod eg at eg kom til å greie det. Men eg greidde knapt å forstå at den neste fonnbreden eg kom frampå var takfonna frå kyrkja. Den hadde gått over kyrkjegardsmuren!

Det einaste eg tenkte på slutten var at eg måtte få på brannsirena, som stod plassert oppå muren i prestehagen. Men først prata eg med Einar Frøland som stod og måka snø. Eg spurde om ikkje han hadde høyrdt noke. Han sa at han ikkje forstod at det var noke gale.

Det fanst ikkje krefter att, men eg måtte få slått på brannsirena og varsla fleire. Men så utsliten som eg var kom eg ikkje opp og fekk tak i brytaren. Som ved eit under starta sirena av seg sjølv. Det var nok Einar som hadde varsla dei på på telegrafstasjonen. For der også fanst brytar til sirena .

Det kom etter kvart folk uti glasa. Og eg hugsa godt at eg sa til dei at Lensmannsgarden og Årsetgarden var heilt utsletta og at der ikkje kunne finnast liv.

Eg kom meg til slutt bort til doktorkontoret og banka på som ein villmann. Doktor Ljones kom nokså fort, og då først hadde eg fullført det eg hadde tenkt på vegen nedover, og kunne roe meg ned. Men i magen min kjendest det ut som der var ein stein.

Eg gjekk bortil Sæbø att, og nokre få hadde allereide gått framover langs riksvegen. Det hadde no vorte bra lyst.

Eg hugsa kor fortvila eg vart då Oskar Sæbø stilte seg i vegen og nekta folk å gå riksvegen under Skondalsfonna. Det var for farleg, sa han. Men eg høyrde framleis ropa om hjelp frå snøen, inni meg.

Dei måtte då gå langs Bondalselva på ski, og det vart ein omveg og tok lenger tid. Eg hadde tenkt meg fram att, men eg let meg overtale til å verte med doktorfrua heim att. For dei andre såg nok kor tilstanden var hos meg. Eg har forstått i ettertid at eg var i kraftig sjokk.

Fru Ljones tok seg av meg og prøvde å få i meg mat. Men det var ikkje råd å få ned ein bit. Eg hadde meir lyst å gråte. Men eg kunne ikkje det heller.

Då meldinga om at dei hadde funne mor og Arne i live, kunne eg knapt tru det. Og då dei sa at dei fleste i Lensmannsgarden var i live, trudde eg at det var ei mistyding. Det var for utruleg når eg hugsa korleis det såg ut.

Det hadde klårna opp og sola skein då eg gjekk framover mot Rise like over middag. Eg gjekk etter vegen langs ei hardtrakka rås. Eg såg straks spora etter meg sjølv i laussnøen, ca. 5meter frå vegen, der eg hadde kava om morgonen,

Eg såg kråkeflokken som lukta innmaten etter dyra som dei heldt på å slakte. Eg møtte kjende og ukjende. Der var folk over alt. Nokre var blodige etter slakting av dyr. Det hadde også kome til journalistar frå aviser og radio.

No først såg eg at huset vårt låg midt på riksvegen. At løda vår var vekk. Eg såg også at deler av Årsethuset var flytta borti Øyane, og loftet på lensmannshuset låg nesten inntil Pehuset.

Eg forsto at her kom eg aldri meir til å kunne bu.

Sola heldt på å gå ned og det vart iskaldt.

Inni meg også.

Men endå kunne eg ikkje gråte.

 

Rise, 20. juni 2005 Knut Riise


Skriv kommentar:
Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av sidene med å klikke HER.

Rapportering av feil på sida