Kulturminne
På jakt etter kulturminne i Nøvedalen på Aklestad/Holen
(Lagt inn 15.09.2006 - 00:41 av Ivar Svein Mo
endra 15.09.2006 - 10:20 av Tor Eirik Trandal) Lest 5548 gongar

Kjenner du nokon som kanskje vil interessere seg for dette innlegget?
Tips ein venn om denne artikkelen

0 kommentarar


VegeSøndag 3.september vart det tur til Nøvedalen for å finne den gamle Ursætra i lag med Aklestad og Holen...... 

 I vår søkte Hjørundfjord kulturvernlag om SMIL midlar til å restaurere den gamle Ursætra i Nøvedalen, men det var mange om beinet og Ursætra vart ikkje prioritert i denne omgong. Søndag den 3.september var underteikna styremedlem i Hjørundfjord kulturvernlag, invitert ilag med Aklestad -Holen for å delta i utgravinga av murane som står att.

Vi starta frå Holen kl.11.00 og det var regn, men temperaturen var fin og når ein er i godt lag så er det ikkje noko problem med litt regn. Vi gjekk opp gjennom den faste råsa til Nøvedalen og her var som alle andre plassar problem med igjengroing, men når ein har med lokal kjentfolk så er det ikkje vanskeleg å finne vegen.

Urse

Restane etter det gamle Urselet ligg opp i sida til Aklestad inn mot ein stor stein. 

 

Her_

Tufta var igjengrodd og her var mykje å ta tak i. 

 

Arve

Arve Svoren prøver liggeplassen og finn den godkjent under tvil. 

 

Dei_

Høgda på murane veks og fine heller i botnen kjem fram. Kjell Otto kan dette med å bruke spada. 

 

Matp

Det aller viktigaste med ein slik dag er den gode matykta og det sosiale.

 

Nils

Nils Aklestad og hunden tok ein tur innom på veg heim etter ei helg i Nøvedalen. Nils fortalde om då faren Oddmund og Arnfinn Holen gøymde ein sigarett i selet under krigen og når dei kom at så hadde det vore lekkasje og alt var øydelagdt.

Dage

Dagens arbeid vert vurdert som vellukka og her skal meir gjerast.

F.v.Sigve Aklestad, Arve Svoren, Kjell Otto Holen, Margreta Aklestad, bak Jan Gunnar Aklestad og Laila Svoren. 

 

Dette var fint å få være med å delta i eit godt grannelag som var ut for å ta vare på eit gamalt kulturminne i Nøvedalen. Det var gjort litt arbeid på råsa, men her må meir arbeid gjerast skal framande folk finne fram, så alle kan få ta del i den flotte dalen. Om det ikkje lukkast å få noke offentlege midler i fyrste omgong, så er det berre å sette igong å rydde rås for å bevise i ein ny søknad at dette er eit kulturminne det er verdt å ta vare på, så snart som råd. Og beviset for at dette er viktigt for grunneigarane, håper eg  du les gjennom denne artikkelen.

Takk for ein fin dag i lag med gode naboar.

 

Ivar Svein Mo 

 


Skriv kommentar:
Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av sidene med å klikke HER.

Rapportering av feil på sida