Kulturminne
Der ingen skulle tru nokon kunne bu.
(Lagt inn 08.06.2006 - 11:07 av Ivar Svein Mo
endra 10.12.2006 - 14:05 av Ivar Svein Mo) Lest 4171 gongar

Kjenner du nokon som kanskje vil interessere seg for dette innlegget?
Tips ein venn om denne artikkelen

1 kommentar


Tunet Renden låg på andre sida av Rekkedal og ein skulle tru at vinterstida var det ein farleg plass å bu, men det var det ikkje ser det ut til.......

Her ser ein Renden som ligg beint under storfonna i Geitgjølet som gjekk som ei knipetong forbi tunet og over elva ein snørik vintersdag.

renda_var_fonnsikker

(Klikk på bilete for å forstørre)
Foto Martin Rekkedal ca.1915 

Frå Rekkedal gjekk ein krøtergjeil over til nordsida av Videtjønnelva og til gamlevegen. Renden låg ovanfor gamlevegen og den siste som budde der var Renda Lars. I nedre kant av bilete til høgre ligg gamleskulen på Rekkedal.

Huset vart flytta og er oppatt bygt i Årskogane av Tore J.Årskog og brukast i dag til gjeste hus.


Kommentarar

Ei lita historie (11.12.06 kl. 23:16)
Bestemor, Karoline (Kalla) (f.Rekkedal)Aarskog fortalde meg denne historia:
Når dei var born gjekk dei med mjølk frå Lida til meieriet på Rekkedal. Då gjekk dei forbi Renda.
Ein vinterdag gjekk systrene Kalla, Johanne og Josefa med mjølk. Då dei kom til Renda kom "skomakar Lars" ut og sa:"Bie no tause". Lydige som dei var sette dei seg på mjølkespannene og bia (venta). "Skomakar Lars" stappa pipa og såg oppover fjellsida. Då løsna fonna, og det gjekk ei stor kramsnøv fonn. Det bles felt rundt dei, og dei vart noko forstøkte (redde).
Når fonnrøyken la seg kveikte han pipa og smatta nokre gonge. Så nikka han, såg på jentene og sa: "No kan de gå", nikka til dei, snudde og gjekk inn att.
Jentene gjekk då vidare, vod fonnbreen og fekk levert mjølka. Så gjekk dei heimatt same vegen, og vod begge fonnbreane.
Han "Skomakar Lars" var døv, men forstod mykje - fortalde bestemor.
Historia gjorde sterkt inntrykk på meg.

Eg har og vorte fortalt at Kari Holen med fleire overnatta på Renda ein gong. Då dei vakna hadde fonna gått, utan at nokon av dei hadde merka det. Truleg noko spesielt å oppleve - kanskje ho vil dele historia?
Eva Aarskog

Tips ein venn om denne artikkelen