Hjørundfjord kulturvernlag -> Kulturminne -> Dørhengsle frå gamle Hjørundfjord kyrkje.
Kulturminne
Dørhengsle frå gamle Hjørundfjord kyrkje.
(Lagt inn 20.08.2005 - 18:45 av Ivar Svein Mo
endra 16.12.2005 - 00:02 av Tor Eirik Trandal) Lest 5107 gongar

Kjenner du nokon som kanskje vil interessere seg for dette innlegget?
Tips ein venn om denne artikkelen

0 kommentarar


Doerhengsle_til_doer_paa_gamle_hjoerundfjord_stavkyrkjeDørhengsle frå gamle Hjørundfjord kyrkje som vart riven i 1881.

Denne dørhengsla frå den gamle Hjørundfjord kyrkja som vart riven i 1881 er teken vare på av Anne Margrethe Ville Steinsvik, og er eit eksempel på korleis smedar og handtverkarar har kome frå Europa for å ta oppdrag.Vi veit ikkje noko om kven som er smed her, men at her har vore kunskapar som er overført frå Europa, er vel ikkje noko tvil i.


Img_0410_doerhengsla_til_domkyrkja_i_schwerin Etter ein ferietur i Tyskland og i byen Schwerin fann eg denne dørhengsla på den storslagne domkyrkja der.
Om likskap på kyrkjedørhengslane på Sæbø og i Schwerin er vel kanskje noko i
Tyskarane "leverte" både før og etter reformasjonen dugande handtverkarar
til Norge - ikkje minst innan kyrkjebygg og utsmykking. Berre innan
stavkyrkjebygging var vi rimeleg sjølvforsynte med kompetanse. I
Trøndelagsfylka er det tydelege spor etter slike i dei gamle kyrkjene -
også i Nidarosdomen. Domen sjølv trakk mange dugane europearar (mest tyske - også på grunn av gruveekspertisen som trongs på Løkken og Røros) oppover.

Desse påtok seg mange oppdrag utover på bygdene der mykje framleis er
synleg.

20.08.05 Ivar Svein Mo

Doerhengsle_til_doer_paa_gamle_hjoerundfjord_stavkyrkje


Skriv kommentar:
Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av sidene med å klikke HER.

Rapportering av feil på sida