Kulturminne
Gamle – Rise og modellen
(Lagt inn 16.06.2005 - 21:12 av Ivar Svein Mo
endra 15.07.2005 - 16:59 av Tor Eirik Trandal) Lest 4352 gongar

Kjenner du nokon som kanskje vil interessere seg for dette innlegget?
Tips ein venn om denne artikkelen

0 kommentarar


Dette er ein modell av det gamle Risetunet, som låg framme i dalen ein kilometer frå Sæbø.

Tunet var eit stortun, samansett av 5 bruk.  Der var fleire hus som høyrde bruka til, som ikkje syner på modellen.

Gravfunn syner at det har vore gard der frå før vikingtida.Tidleg om morgonen den 19.februar 1968 vart tunet rasert av ei stor snøfonn, som knuste og delvis øydela 17 bygningar.

Av dei 20 menneska som var i tunet då, vart 11 nedgravne i store snømengder, av desse miste 3 livet.

 Gamle - Rise

Sigmund Årseth f.1936. Rose- og kunstmålar med stor interesse for lokalhistorie og folkekunst minnest frå oppveksten på Rise i 1940-åra.

I mange hundre år var klyngetun det vanlege på Vestlandet, der det låg til rette for det. Desse tuna var som små landsbyar, der folk budde tett saman, og jordteigane var spreidde rundt i kring.

Etter utskifting vart desse småteigane samla til meir samanhengande gardsbruk. Det vart vanleg å flytte ut frå dei gamle stortuna, og me fekk den spreidde busetnaden me ser på bygdene i dag.

Denne modellen syner Rise slik tunet såg ut like etter krigen. Den sette også sitt preg på Rise. Tyske marinesoldatar marsjerte syngjande gjennom tunet. Største luftkampen her i landet gjekk delvis for seg over Risemarkane, om lag hundre fly deltok. Krigen kravde også to liv i Lensmannsgarden.

Sjølv om tre bruk vart utskilde frå gamletunet, var Risegarden eit typisk klyngetun, der fem bruk var samla i eit stort tun. Gamle gravfunn syner at det har vore ein gard på denne staden frå før vikingtida. I Bondalen, som i resten av Hjørundfjorden, sette snøfonner stengsler for kvar det var trygt å bygge og bu. Store-elva var også ei trugande flaumelv, som ofte gjorde stor skade, ho tok mellom anna kyrkja på Hustad.

Sjølv om Rise låg inneklemd mellom to store og trugande fonner, Skondalen nedanfor og Korsen framanfor, var der rekna som trygt. Men det var den sistnemnde fonna som tidleg om morgonen den 19. februar 1968 gjorde ein brå slutt på det gamle Rise-tunet. Ho sopte tvers over dalen i 400 m. breidde, 17 bygningar vart heilt eller delvis øydelagde. Av dei 20 menneska som var i tunet denne morgonen, vart 11 nedgravne i veldige snømengder og knuste hus. Tre menneske omkom, Hjørdis og Torstein Årseth og vesle Ivar Riise. Litt av tufta er teken vare på, og Risefolket har reist ein minnestein der.

I gamal tid var det sikkert mange fleire, men mindre hus som høyrde bruka til, men sjølv like etter krigen var der med større og mindre hus 52 tak å halda vedlike. Dette var fordelt på våningshus, løder, kårhus, stabbur, vedhus, gardfjøsar, naust, trodskot, pelsarhus, bårstova, hønsehus, brynnhus, kvennhus, sel og elvahus.

Noko av det som gjorde Risegarden til ein både praktisk og triveleg stad å bu, var uskrivne lover og skikkar. Alle måtte prøve å rette seg etter desse, og ein var avhengige av kvarandre med bytearbeid og dugnad. Arbeids-fellesskapet og festlege samvær skapte samhald og trivnad. Borna gjekk fritt ikring i heile garden og i alle hus, og det var eit særleg godt forhold mellom born og gamle.

Året vart inndelt i faste arbeidsbolkar. Vårvinne, slått, skurd, småhøyslått, potettaking, hoslått, trusking og maling av konn, veding og heimkøyring på snøføre, opphogging, saging og kløyving av vintersveden. Folk var sjølvhjelpte med det meste, så innimellom vinnene var det nylaging og vøling av alle slag. Hus, reidskap, båt og vegn, klede og skor, slakting og tillaging av mat og mangt anna.

Om vinteren var flestalle mannfolk ute på havet, det var torske- og sildefiske, anna sjødrift og fiskearbeid. I denne tida fall alt arbeid og ansvar for garden på kvinnene, også det økonomiske. Om slitet var hardt, var den utgamle arbeidsfordelinga sikkert med på å gje kystkvinnene eit likeverd og ein status som kvinner i innlandet og kvinner i land syd på kontinentet kunne misunne dei. Borna var tidleg til god hjelp.

Sæter hadde dei saman med Årskogane og Heimste-Holen, i Rognestøyldalen. Når alle krøter, stort og smått, vart jaga i ein flokk, seier det seg sjølv at det var eit stort og livleg fylgje, som for fram gjennom dalen. På sætra var det mest ungtauser som fjøsstelte. Det var tidleg opp og lange dagar, men det var også tid til moro og romantikk. Åfalleringja var særleg feit og gul der inne. Heime var dei kvitt krøtera i ein travel sumarsbolk. Dei som delte sæter, var også med i bedarlaget og gravarlaget.

Risefolket sette si ære i å vere fyrst ferdig med det meste av vinnearbeidet, så mykje av arbeidet  gjekk i kapptempo. Til slåtten kom mange heimatt og deltok, det var stor innsats og arbeidsglede. På Rise hadde dei og ein motivasjon, som særleg ungdomen sette pris på, men som var meir uvanleg på bygdene; det var strengt ordna arbeids- og fritid.

Sjølv i slåtten var det slutt med alt arbeid  seinast kl.20.00. Truleg nedervd frå katolsk tid, byrja  helga med laurdag og non klokka 16.00 då vart alt arbeid avslutta. Tunet vart raka og kosta, og dei kvitkalka troppene var vaska og skura. I Larsagarden la dei granbar på troppehella. Nyvaska og med reine klede gjekk ein ned til budene på Sæbø for å møtast på kaia når rutebåten kom. Helgearbeid kom aldri på tale, undataket kunne vere om det truga med ein floing i turrhøyet.

Middag var alltid kl.12.00 presis, og middagsykta varde til kl.14.00. I den tida sov dei eldre til middags, hestane beitte, og borna måtte leike lydlaust om dei heldt til på tunet.

Når naturen slo seg vrang eller andre ulukker hende, var lensmannen på Rise den fyrste som fekk varsel. Risekarane var då dei fyrste utkommanderte av "alle arbeidsføre menn med hakke og spade". Når Storelva i vassfløde reiv grande, måtte ein felle og legge ut stor-åre for å hindre elvabrot.

Liknande og effektiv og rask mønstring var det når ropet "sild i vikjine" gjekk. Notlaga kappast om å kome til fyrst. Med silda fylgde også storseiden. Denne kampen på hav og land sette sikkert sin svip på folkelynnet.

Bårstova i Lensmannsgarden var i tillegg til å vere eldhus, stabbur, verkstad for sledebygging og slikt, også garden sitt "samfunnshus". Der stod rennebommen som kjellene brukte. Om vintrane når karane var borte, vart det spunne og spøta, sydd og vove. På seinhausten var det bakstedag, då samlast alle kvinnfolka seg rundt det lange bakstebordet der og baka flatbrød og snikaløfse. Rundt i kjellarane sat karane og steikte, borna bar til og frå, og eimen av bakst låg søt over heile garden.

Eldste småtausa på garden hadde den gamle jonsok-brudepynten med fin krune og bringestykke til varvetle (oppbevaring). Vestlandet har enno ein sterk tradisjon med jonsokbryllaup, men lokalt har denne tradisjonen endra seg mykje i den seinare tid. Før var desse barnebrudlaupa ein so nær kopi av vaksnebrudlaupa som råd. Det var ei viss høgtid over dei, og finekleda måtte takast i bruk ein slik dag. 
Jonsok-brudlaupa vart haldne i ei løde, gjerne Sim-Ole løda, som borna sopa reint og pynta fint. Det var langbord oppe, med god mat, brus og telegramopplesingar, gjerne frå Kongen. I brøten gjekk songleikane føre seg, dei yngste lærde av dei eldste, og ingen vaksne hadde tilgjenge. "Brudefylgjet" gjekk i tog ned til rutebåten, brisingen vart kveikt og måtte ryke godt for å syne i den ljøse sumarnatta. Ein fekk vere oppe så lenge ein ville. Frå gamalt hadde drengjer og tenestetauser fri jonsokdagen. Syftesok vart feira med brising, og det var også vanleg pinseaftan.

Var det brudlaup i garden, var det vanleg at gjester fekk husrom i grannehus. Frå tunet gjekk dei samla i fylgje til kyrkja, ho var pynta med blomar frå Risehagane, gjerne frå raudetredet. Når dei kom ut att, var det salutt. Brøten i Larsaløda var veleigna til dans.
Borna var fødde heime,og alle på garden var glade når jordmor   Sigrid hadde hjelpt ein ny liten ein til verda. Grannekjerringane kom med sengamat. Vart den nyfødde livstrugande sjuk, kunne heimedåp kome på tale. Den siste dåpen av dette slaget var i 1945. Småtausene fekk tidleg ansvar med å passe på dei minste, men ofte var ei gamal bestemor god å ty til. Ho lærde borna mykje tradisjon, eit stort og veltilpassa ordforråd og ein stød  grammatikk med utgamle røter.

Ved gravferd vart det lånt myrt av dei i bedarlaget som måtte ha, og rispa eine vart strødd i tunet, som atter var fylt av folk. Med hest og kjerre vart båra førd til kyrkja i roleg gange.

Preikesundagane hadde dei eldre ugifte karane sin faste benk på galleriet, kar og kvende sat jamnast på kvar si side nede i kyrkja, karane til høgre.

Bytearbeid var vanleg, særleg ved slakting, og når den tunge vedahøggaren vart henta fram og spetta på plass. Med eit voldsomt rabalder vart dei store haugane med snårved høgd opp og kasta inn i vedhusa med stor kraft. Med mange hender i sving med å hjelpe han som mata høggaren vart det undagjort på ein dag.

Storoksen var felles, men for å hindre innavl, vart gjerne verar bytte i saude-blesminga.

Kvenda hadde sine kvendeforeiningar med sterk kaffi, påsmurd mat og kaker.

Når karane samlast, gjerne for å feire eit vellukka kvigejag, verasonking i ulende fjell,eller ei oppskåke, kunne  det vere i ein kjellar rundt ein ølså. I trivelege lag med song og søg, vart småe gnisningar sletta og gløymde slike kveldar.

Pe-gamle-stova stod lenge tom. Når Pe-prosten var heime, samla han gjerne Risefolket til andakt og fine samkomer der.
Julekvelden låg Risetunet som ei trygg øy mellom fonnfåren. Når Julaftasteika (sauderibba) var eta, gjekk born og ungdom frå hus til hus og song rundt juletredet. Ikkje minst i Pe-garden med ugifte syskjen, var dette høgdepunktet for kvelden. Fyrste juledag gjekk alle til kyrkje, gjerne ottepreike, men når dei kom heimatt, måtte ingen, sjølv borna, forlate sitt eige hus og lydest innom dei hine.

Jula 1967 var siste jula på gamle Rise. På nokre fåe sekund om morgonen den 19. februar 1968 vart Risegarden rasert av Korsafonna. Eit særmerkt og triveleg samfunn med eldgamle røter fekk ein brå slutt.

Eit nytt tun er bygd opp att litt lenger oppe i dalen mot vest.
Fonnulukker av dette slaget er altfor velkjende i Hjørundfjorden. Det er mange døme på det, men folk som har overlevd, eller nære skyldfolk, har alltid bygd oppatt på ein tryggare stad. Dette gjorde også Risefolket. To år etter ulukka var eit nytt tun reist litt lenger framme i dalen mot vest.

Mangt av det gamle gjekk tapt, men tradisjonen med samhald og godt samvær er vel teken vare på.

Må denne modellen av Gamle-Rise vere eit fint og synleg minne om eit triveleg lite samfunn og ei tid som var! 

                                                                       mai 2003 



Tips ein venn om denne artikkelen