Kulturminne

Her kjem vi etterkvart til å legge ut artiklar om kulturminne...

Jobrua på Fram-Frøland
(Lagt inn 10.12.2006 - 15:05 av Ivar Svein Mo
endra 10.12.2006 - 15:47 av Tor Eirik Trandal) Lest 6583 gongar, 0 kommentarar

Froe

Laurdag 25.nov.arrangerte Hjørundfjord kulturvernlag dugnad på den gamle kvelvingbrua som går over

Brattelva mellom dei to Frølandsgardane Ner-Frøland og Fram-Frøland. Brua er bygd i 1892.

Jobrua over Brattelva er markert med raud pil. Jogarden på Fram- Frøland til venstre for pila.Kvistad i forgrunnen.

 


Les heile artikkelen >>

På jakt etter kulturminne i Nøvedalen på Aklestad/Holen
(Lagt inn 15.09.2006 - 00:41 av Ivar Svein Mo
endra 15.09.2006 - 10:20 av Tor Eirik Trandal) Lest 5481 gongar, 0 kommentarar

VegeSøndag 3.september vart det tur til Nøvedalen for å finne den gamle Ursætra i lag med Aklestad og Holen...... 

Les heile artikkelen >>

Der ingen skulle tru nokon kunne bu.
(Lagt inn 08.06.2006 - 11:07 av Ivar Svein Mo
endra 10.12.2006 - 14:05 av Ivar Svein Mo) Lest 3262 gongar, 1 kommentar

Tunet Renden låg på andre sida av Rekkedal og ein skulle tru at vinterstida var det ein farleg plass å bu, men det var det ikkje ser det ut til.......

Les heile artikkelen >>

Postkort ca.1960. er parti frå Leknesdalen i Hjørundfjord
(Lagt inn 12.09.2005 - 00:10 av Ivar Svein Mo
endra 15.12.2005 - 23:59 av Tor Eirik Trandal) Lest 4886 gongar, 0 kommentarar

Motiv_fraa_hjoerundfjorden_ca.1960
Takk for tipset til Alf Kjell Mo på Vartdal.

Felles sætra til Leknes og Urke som er fotografert av ein ukjendt fotograf før krigen.(klikk på bilete for å få full størelse)

Les heile artikkelen >>

Dørhengsle frå gamle Hjørundfjord kyrkje.
(Lagt inn 20.08.2005 - 18:45 av Ivar Svein Mo
endra 16.12.2005 - 00:02 av Tor Eirik Trandal) Lest 4994 gongar, 0 kommentarar

Doerhengsle_til_doer_paa_gamle_hjoerundfjord_stavkyrkjeDørhengsle frå gamle Hjørundfjord kyrkje som vart riven i 1881.

Denne dørhengsla frå den gamle Hjørundfjord kyrkja som vart riven i 1881 er teken vare på av Anne Margrethe Ville Steinsvik, og er eit eksempel på korleis smedar og handtverkarar har kome frå Europa for å ta oppdrag.Vi veit ikkje noko om kven som er smed her, men at her har vore kunskapar som er overført frå Europa, er vel ikkje noko tvil i.


Les heile artikkelen >>

Postkort ca.1960. parti frå Hjørundfjord?
(Lagt inn 08.07.2005 - 00:56 av Ivar Svein Mo
endra 16.12.2005 - 00:03 av Tor Eirik Trandal) Lest 2797 gongar, 4 kommentarar


Dette bilete skal være frå Hjørundfjorden, men kvar er det frå i fjorden?

Er det nokon som kjenner til det så skriv ein kommentar, send ein epost, eller skriv i gjesteboka.

Les heile artikkelen >>

Gamle – Rise og modellen
(Lagt inn 16.06.2005 - 21:12 av Ivar Svein Mo
endra 15.07.2005 - 16:59 av Tor Eirik Trandal) Lest 3609 gongar, 0 kommentarar

Dette er ein modell av det gamle Risetunet, som låg framme i dalen ein kilometer frå Sæbø.

Tunet var eit stortun, samansett av 5 bruk.  Der var fleire hus som høyrde bruka til, som ikkje syner på modellen.

Gravfunn syner at det har vore gard der frå før vikingtida.Tidleg om morgonen den 19.februar 1968 vart tunet rasert av ei stor snøfonn, som knuste og delvis øydela 17 bygningar.

Av dei 20 menneska som var i tunet då, vart 11 nedgravne i store snømengder, av desse miste 3 livet.

Les heile artikkelen >>

Rapportering av feil på sida