Hjelp

På denne sida har vi samla ein del spørsmål vi trur kan kome opp med tanke på medlemsbetingelsar og brukarkontoar. Vi håpar dette kan være til nytte for dykk som har spørsmål om informasjon som ellers kan være vanskeleg å tilegne seg uten å ta kontakt med oss direkte. Dykk er likevel velkomne til å kontakte oss dersom dykk har spørsmål som ein ikkje finn svaret på her, eller om ting kan være uklart forklart.

Innhaldsliste:


Litt om dei forskjellige brukarkontoane
Medlemskap i Hjørundfjord kulturvernlag Funksjonar for brukarar av nettstaden


Litt om dei forskjellige brukarkontoane:

Superadministrator (Til toppen)
Denne brukaren har høve til å endre innhaldet på samtlege sider på kulturvernlaget sine websider, og kan også endre innhaldet på andre sine innlegg, også andre superadministratorar. Det er med andre ord ingen begrensningar for denne brukaren. Personar som har denne statusen har ei sentral rolle innenfor administrasjon og vedlikehald av nettstaden. Du kan også registrer deg som brukar i bildegalleriet og leggje inn bilete du syns høver seg for det innhaldet vi formidlar.

Administrator (Til toppen)
Ein administrator har høve til å legge til og endre tekst på alle sider der ein kan finne ei legg til/rediger-lenke i høgre hjørnet. Unntaket er sider som er sentrale i nettstaden si oppbygging og struktur og som er ein del av heilheitsbildet til nettstaden. Ein administrator kan ikkje endre på andre brukarar sine artiklar/innlegg. Du kan også registrer deg som brukar i bildegalleriet og leggje inn bilete du syns høver seg for det innhaldet vi formidlar.

Brukar (Til toppen)
Som brukar av kulturvernlaget sin nettstad har du høve til å skrive innlegg på "Lokalhistorie" og kan endre dine eigne artiklar om du skulle ha behov for det. Ein brukar kan ikkje endre på andre brukarar sine artiklar/innlegg. Du kan også registrer deg som brukar i bildegalleriet og leggje inn bilete du syns høver seg for det innhaldet vi formidlar.

Registrering på bildegalleriet (Til toppen)
Det er diverre ikkje høve til å nytte samme brukarnamn og passord på bildegalleriet som på kulturvernlaget sine sider. Du kan også registrer deg som brukar i bildegalleriet og leggje inn bilete du syns høver seg for det innhaldet vi formidlar. Bildegalleriet er ein global funksjon for Hjørundfjordportalen og krev eige passord. Eit brukarnamn og passord kan enkelt opprettast med å gå inn på bildegalleriet og finne registreringslenka i høgre hjørnet eller med å gå inn på fylgjande adresse: http://www.hjorundfjord.no/gallery/register.php?gallery_popup=true

 

Medlemskap i Hjørundfjord kulturvernlag

Kva kostar det å være medlem? (Til toppen)
Årskontigenten for medlemskap i Hjørundfjord Kulturvernlag er for tida kr. 100,- pr.år. Merk: Medlemsskapet gjeld til det vert oppsagt.

Kva inneber det å være medlem? (Til toppen)
Som medlem i laget har ein stemmerett på årsmøtet og kan verte tillitsvalgt. Du har også høve til å skrive artiklar og kome med anna informasjon på heimesida vår.

Korleis vert eg medlem? (Til toppen)
Dette kan du gjere på fleire måtar. Du kan nytte registreringsskjemaet på "Bli medlem". Du vil då få ein e-post med medlems- og innbetalingsopplysningar. Om du ikkje har høve til å nytte dette registreringsskjemaet kan du òg ta kontakt med oss direkte. Synnøve Rekkedal Hill er kontaktperson for medlemsskap, og hennar kontaktinformasjon finn du på denne lenka

Eg er allereie registrert som brukar men ikkje medlem, må eg då ta kontakt med dykk for medlemsskap? (Til toppen)
Nei, du kan logge inn på sida før du registrerar deg, eller skrive inn din brukarkonto-informasjon i felta for å markere at du ikkje treng ny brukarkonto. Om du er innlogga vil dette skjemaet være ferdig utfylt for deg. Når skjemaet er sendt vil du få tilsendt ein bekreftelse. Det som skjer vidare er at du vil få ein e-post frå Synnøve Rekkedal Hill med informasjon om betaling. Når vi ser betaliga har kome inn på vår konto vil vi aktivere din nye brukar.

Kva goder har eg som medlem framfor å være brukar? (Til toppen)
Som medlem er du med å støtte opp under det arbeidet vi gjer i Hjørundfjorden. Det er restaureringar og bevaring av kulturminne som ellers ville ha gått tapt. Du vil også automatisk få ein eigen brukarkonto med status som medlem. Denne brukarkontoen er litt meir eksklusiv enn ein vanleg brukar. Du har med denne kontoen tilgong til å legge inn innlegg på fleire stadar enn "lokalhistorie".

Funksjonar for brukarar av nettstaden

Innlegging av artiklar (Til toppen)
For å legge inn ein artikkel må du først være innlogga på sidene. Deretter kan du trykke på lenka til den sida du vil legge inn eit innlegg på. På alle sider du kan legge til eller endre innhald vil du finne ei gråfarga linje øverst i til høgre på sidene. Denne linja inneheld enten "rediger" eller "legg til innhald" eller begge to alt ettersom rettighetene dine tilseier at du har lov. På sider du ikkje finn denne linja, har du heller ikkje lov å legge inn innlegg. MERK! Du kan alltids redigere og slette dine eigne innlegg dersom du ynskjer det. Om du ikkje veit korleis dette gjerast kan du ta kontakt med dei ansvarlege for sida.

Eg tør meg ikkje borti artikkelsystemet, men eg vil legge inn ein artikkel. Kva gjer eg? (Til toppen)
Om du ikkje er fortruleg med det artikkelsystemet vi har lagt ut her, men likevel har ein artikkel du gjerne vil ha publisert på denne nettstaden kan du sende artikkelen med bilete enten med e-post, eller med brevpost. Vi tek gladeleg imot alle artiklar. Om du sender med brevpost og legg ved bilete, husk å skrive ned adressa di slik at vi kan sende bildeoriginalane tilbake til deg.

Eg vil endre brukarinformasjonen min (Til toppen)
For å endre brukarinformasjonen din må du være innlogga på nettstaden. Dette gjerast enkelt med å trykke på lenka under namnet ditt på høgre side av skjermen. Du kan også trykke på denne lenka for å finne sida


Det vil med tida komme fleire svar på spørsmål dykk måtte ha på denne sida.
Send oss gjerne ein e-post!

Rapportering av feil på sida