Hjørundfjord kulturvernlag -> Arrangement -> Kulturvandring på Hjørundfjordstranda.
Arrangement

Kulturvandring på Hjørundfjordstranda.
(Lagt inn 16.08.2006 - 18:15 av Ivar Svein Mo
endra 16.08.2006 - 23:49 av Ivar Svein Mo) Lest 4403 gongar

Kjenner du nokon som kanskje vil interessere seg for dette innlegget?
Tips ein venn om denne artikkelen

0 kommentarar


 

Komande sundag vert det kulturvandring på Hjørundfjordstranda. Det er ei åreviss tilskiping med kulturvandring ulike stadar i Hjørundfjorden, og Kulturverlaget og Sogelaget skiftar om å stelle den til.Sist år var det den velukka turen til Molaupen med 3-400 deltakarar. Viss véret vert lika bra i år venter vi mykje folk også i år.

 


Komande sundag vert det kulturvandring på Hjørundfjordstranda. Det er ei åreviss tilskiping med kulturvandring ulike stadar i Hjørundfjorden, og Kulturverlaget og Sogelaget skiftar om å stelle den til.

Hjørundfjordstranda sett frå Molaupen web

Hjørundfjordstranda sett frå Molaupen.

 

I år er det Ytre Hjørundfjorden ein skal verte betre kjend med. Oppstart er på Bratthein kl. 11 på sundag. Ein vil gå til Skarbøen med stopp på Øyra, og vidare til Saltre skule der det vert ei kort andakt.

 

Fangeleir

Saltre skule var nytta som fangeleir under krigen. Synnøve Årskog vil fortelje frå den tida. Der var både polske og russiske fangar.

Kanskje vert det lagt fram handarbeid som dei polske fangane laga under opphaldet.

Det vert utstilling av gamle bileter på Saltreskulen.

 

Vidare vil ein gå / bruke bil til Stigane eller Årsneset. ( alt etter véret)

Kulturverlaget stiller med minibuss, slik at sjåførane kan verte bringa tilbake til bilane sine. På den måten vert det ikkje for langt å gå i slengen.

Den totale avstanden frå Brattheim til Årsneset er omlag 5 km.

Rjomegraut

Det vert sal av rjomegraut, kaffi og kaker. Véret avgjer kvar det vert.

Ta på gode sko, og kle etter véret.

Ferja går frå Sæbø kl 08.50. Det kan verte ein fin tur, ferja har salong oppe no, til Standal, som start på vandringa.

Elles møter ein opp på Brattheim.

Kari Årsnes kjem til å vere vegvisar godt hjelpt av andre kjentfolk frå Hjørundfjorden..

 

 

Hjørundfjord kulturvernlag

Synnøve Rekkedal Hill


Skriv kommentar:
Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av sidene med å klikke HER.