Hjørundfjord kulturvernlag -> Arrangement -> Geitabonden ved Hjørundfjorden
Arrangement

Geitabonden ved Hjørundfjorden
(Lagt inn 03.04.2006 - 11:39 av Tor Eirik Trandal
endra 30.04.2006 - 12:38 av Ivar Svein Mo) Lest 6065 gongar

Kjenner du nokon som kanskje vil interessere seg for dette innlegget?
Tips ein venn om denne artikkelen

0 kommentarar


På vestsida av Hjørundfjorden, like ved Standal, ligg garden Stavset med kjende aner attende på 1600-talet. Der mange flytter ut, har Svein Stavset bygd opp ein veldrive geitagard som kombinert med turisme, gir livsvilkår for familien.

Jonsokkvelden, i regi av Dei Nynorske Festspela, inviterer Svein og Hjørundfjord
kulturvernlag til kultur- og opplevingstreff på Stavset. Den gamle garden, tindane og
fjorden gir ei unik ramme om eit program med innblikk i drifta av ein moderne geitagard,
soger frå livet pågarden og fjorden, litt song og diktlesnad, og ikkje minst spanande lokale retter mellom dansande flammar frå Jonsokbålet.




Jonsokkvelden inviterer Linda og Svein Stavset til kulturkveld i gardstunet
på Stavset. Dei forteller om korleis ein familie lever på ein middels
geitagard ved den værhard fjorden med dei ville tindane ragande over husa.
Dei fortel og om tidlegare generasjoners liv på garden.
 Linda_og_svein_stavset_thumb.jpg

Kulturkvelden opnar med at Hjørundfjord kulturvernlag ønskjer velkomen.
Svein Stavset fortel om kvardagslivet på garden i dag, om moderne
gardsdrift basert på geitehald og kva han har gjort for å marknadstilpasse
buskapen til prissystem og kvalitetskrav. Han vil og formidle korleis dei
levde tidlegare på garden før vegen frå Festøya kom. Stavsetskulen som var
internatskule for born frå Hjørundfjordgrendene, vert også omtalt. Det vert
også høve til å kome inn på skulen og sjå klasseromma, sengelofta, husmora
sine rom m.a. Det vert matservering med ein tradisjonsrett frå garden.
Overraskingar med omsyn til drikke kan ein rekne med.
 stavset_april_2006
 
 Etter historiane, korte vandringar i eit gamalt og godt vedlikehalde
kulturlandskap, vert det høve til å nyte kvelden vidare ved fjordkanten der
Jonsokbålet brenn.

Velkomen til Stavset både med båt og bil Jonsokkvelden 23. juni kl. 18.00.





Skriv kommentar:
Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av sidene med å klikke HER.

Rapportering av feil på sida