Arrangement

Kulturvandring
(Lagt inn 20.08.2005 - 11:17 av Ivar Svein Mo
endra 25.08.2005 - 20:11 av Tor Eirik Trandal) Lest 4844 gongar

Kjenner du nokon som kanskje vil interessere seg for dette innlegget?
Tips ein venn om denne artikkelen

0 kommentarar


Turen går som planlagdt med avgong frå Viddal kl.10.30.For dei som melder seg på no med avgong frå Sæbø, vert det ekstratur kl.12.00, som går direkte til Molaupen og kjem dit når gudstenesta startar. Vérmeldingane er gode. Vi har folk som er påmelde som er frå barnevognstadiet og til eldre som komne godt oppi åra, så dette vert ei oppleving som mange vil hugse.

Ta med  eit godt sitje underlag.Ein termos og ein matbit vil kome godt med for det kan drage ut før me kjem til rjomegrauten på Christian Gaard, då her er mykje me skal sjå på.


Turen startar frå Viddal kl.10.30 og vert guida og fortalt av lokalkjendt person til Leknes, Sæbø, Trandal og Molaupen. Her vert fyrste pulje ilandteken og omvist av Rønning brørne. Båten gjeng då over til Standal og hentar dei som ventar der, og bringer dei over fjorden til Molaupen der dei får omvisning før gudstenesta tek til. No må båten retunere til Sæbø for ekstratur, for å hente dei som ventar på avgong kl.12.00.Desse vert frakta til Molaupen direkte til gudstenesta begynner, og får då omvisning etter den er slutt.

Dei som som var i fyrste pulje og dei som ikkje greier å gå omvisnig i Trandalgardane går no ombord og reiser sjøvegen til Storeide, med guiding frå sjøen. Dette er også ein fordel for Frank Storeide at ikkje alle kjem på ein gong. Videre må ein del planleggast på sparket ilag med Sverre Maaseidvåg kvar vegen går videre i omvisninga.

Det kjem folk frå alle kantar og det kan nemnast at ein person startar å køyre frå Valdres søndagsmorgon, for å nå gudstenesta på Molaupen.

Eit spørsmål som melder seg er om Frank Storeide har kapasitet å servere alle besøkande denne dagen, men er folk flinke å melde seg på så kan me få ei god oversikt. Det er ikkje utenkjeleg at me ut på dagen i dag må be folk om å ta med seg nistemat, men dette kjem me tilbake om så snart som me veit noko nytt.

Det er lurt for dei som har anledning å køyre til Standal å ta båten derifrå.

Torbjørn og Per Atle er ilag med Rønning brørne på Molaupen i dag og gjer klart, så det er ikkje sikkert at Torbjørn er å nå på telefonen. Kontakt då underteikna på telf:90 20 32 36

 

Sæbø/Kvistad 20.08.05

Ivar Svein Mo



Tips ein venn om denne artikkelen