Arrangement

Kulturvandring
(Lagt inn 17.08.2005 - 00:09 av Ivar Svein Mo
endra 25.08.2005 - 20:13 av Tor Eirik Trandal) Lest 3797 gongar

Kjenner du nokon som kanskje vil interessere seg for dette innlegget?
Tips ein venn om denne artikkelen

0 kommentarar


Populært med Molaup og Trandal

Kulturvandringa til Trandal og Molaupen komande søndag ser ut til å verte ei folkevandring. Soge- og kulturvernlaget gler seg over oppslutninga og ynskjer gjerne at folk melder frå kvar dei går ombord.

Kontaktpersonar: Torbjørn Urke og Ivar Svein Mo.

Alle er velkomne.


Roedhette_014

Det ser ut til at det vert både folkevandring og kulturvandring til Molaupen og Trandal komande søndag. Sjøl om kulturvandringa vart kunngjort utan krav om påmelding, strøymer påmeldingane inn frå folk som vil sikre seg både skyss og mat. Interessa for denne turen har vore så stor at sogelaget ser no at påmelding kan vere greitt. Alt tyder på at det vert ekstraturar med skyssbåten ”Rødhette.”

Hjørundfjord Sogelag og Hjørundfjord kulturvernlag har fått med seg brørne Arne, Kjell og Birger Rønning som omvisarar på Molapen. Rønning-brørne har vokse opp på Molaupen der foreldra dreiv gard frå 1940 til garden vart fråflytta i 1955. Garden hadde då gjeve livsgrunnlag for folk i fem hundre år.

 

Molaupen_i_50aara_oppretta_og_korrigerrt
Bilete frå Molaupen 1952
Men Molaupen var veglaus og baud på vanskar for born som skulle på skule. Syskjena på Molaupen gjekk på skule både på Stavset, Trandal og Urke. Molaup- og Strandabøfolket vart utsett for ei stor tragedie då ein båt med skuleborn på veg til Stavset internatskule kollsigla i april 1919. To menn og to skuleborn omkom. (Jf Hjørundfjord: Gard og ætt 3 s. 22.)

Seinhaustes 1971 var Molaupen på nytt utsett for uovervinnelege naturkrefter då sju hjørundfjordingar omkom. Det var gardbrukarar som var på bukkesanking og det var ikkje minst bergingsmenn som vart tekne av snøras.

Men Molaupen hadde blide dagar òg. Kjell Rønning f. 1943, lærar i Valldal, skriv interessant om oppveksten på Molaupen i Hjørundfjord Sogelag sitt årsskrift 2003. Der var ikkje lange 17. mai-tog. Men geitene, særleg kjea var med på leiken, skriv Rønning i sin leseverdige artikkel.

TRANDAL

På Trandal er det Sverre Måseidvåg som står for omvisinga medan Frank Storeide lovar rjomegraut på Christian Gaard. Måseidvåg er oppvoksen på Trandal og kjenner både folk og land. Han orienterer både om Nes, Trandals-gardane og Rynningen.

Alt i 1902 var Trandal industrialisert då ”Trandals Foderfabrik” kom i drift. Måseidvåg fortel vidare at sjøl om Trandalsfolket ikkje hadde veg, var dei både kulturopne og yrkesmessig utadvende. Bygda fostra både fiskeskipperar og ishavsskyttarar.

Den frodige Trandaldalen var kjærkomen for gardbrukarane og der var grøde nok til at folk ute frå øyane kunne leige seg sommarbeite. Turistane fann tidleg fram til Trandal. Openheim skriv i boka ”New Climbs in Norway” at han er imponert over skulestellet i Norge. At ei så lita grend som Trandal har ein folkeskule for alle, viser at Noreg er lenger framme enn England, skriv Openheim som slett ikkje likte rjomegrauten han fekk på Trandalsætra sommaren 1897, men flatbrødet på Trandal minnest den engelske turisten med glede.

Frank Storeide byd på rjomegraut, og den manglar korkje rosiner eller kanel. Hadde Openheim no levt, skulle han berre ha smaka grauten! Sogelaget held fram at dei spanderer gratis fjordskyss og subsidierer grauten og ynskjer folk velkomne til ei gild kulturvandring komande søndag.

Avgangstidene for skyssbåten ”Rødhette” vert kunngjort med lysing i avisa torsdag. Då det ser ut til at det kan verte mykje folk, må båten gjere ekstraturar, det gjer han snøgt, men dei oppsette avgangstidene kan verte litt seinka i høve til det som er oppsett i lysingane. Og dei som ringjer og spør om folk skal gå frå Molaup til Trandal, så er svaret at ”Rødhette” syter for skyss.

Det er fint om folk melder frå kvar dei vil gå om bord i skyssbåten. Elles finn folk informasjon på nettsidene til Hjørundfjord kulturvernlag på:www.hjorundfjord.no/kulturvernlaget.

 

16.08.05 Torbjørn Urke


Skriv kommentar:
Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av sidene med å klikke HER.

Rapportering av feil på sida