Hjørundfjord kulturvernlag -> Arrangement -> Kulturvandring på austsida av Hjørundfjorden
Arrangement

Kulturvandring på austsida av Hjørundfjorden
(Lagt inn 09.08.2005 - 11:11 av Ivar Svein Mo
endra 25.10.2005 - 20:29 av Tor Eirik Trandal) Lest 2790 gongar

Kjenner du nokon som kanskje vil interessere seg for dette innlegget?
Tips ein venn om denne artikkelen

0 kommentarar


Kulturvandring på austsida av Hjørundfjorden til Trandal og Molaupen Søndag 21.august

Det vert omvisning og friluftsgudsteneste på Molaupen og videre med omvisning og rjomegraut å få kjøpt på Christian Gaard på Storeide/Trandal.Hjørundfjord Sogelag spanderer fjordskyss med "Rødhette" frå Viddal kl.10.30, Leknes 10.50, Sæbø 10.55,Trandal 11.00 og Standal 11.10.

Kontaktpersonar:
Torbjørn Urke tlf.700 66 957 mob.906 75 253 epost:torbjorn.urke@hivolda.no
Ivar Svein Mo, Tlf.902 03 236 - epost: mosveise@tussa.com


Hjørundfjord Sogelag i samarbeid med Hjørundfjord kulturvernlag reiser til austsida av Hjørundfjorden på kulturvandring den 21.august. Trandal og Molaupen er målet. Det vert også frilufts-gudsteneste med sokneprest Øygard på Molaupen.

-Lokalkjende folk, Arne og Kjell Rønning vil vise rundt på Molaupen, og det same vil Sverre Måseidvåg gjere på Trandal. Arne og Kjell har vakse opp på Molaupen og Kjell, fødd 1943 er lærar i Valldal. Kjell skreiv ein artikkel i Sogelagets årskrift nr. 25 i 2003 (side 224-232), som vi anbefaler folk å lese. Sverre Måseidvåg er fødd på Trandal og har vore lærar på Stranda, Ørsta og rektor på lærerskulen i Volda.

Hjørundfjord Sogelag spanderer fjordskyss med "Rødhette" som samlar folk frå inste og yste Hjørundfjorden.-Ja dei som bur i Ålesundområdet vil og lettvint kunne verte med på denne Hjørundfjord-turen. Etter omvisning og matykt på Storeide/Trandal fører "Rødhette" folk heimatt.

Vi har fått mange henvendelser frå interesserte om turen og viss vret vert høveleg, så må ein rekne med ekstraturar for båten.Skulle båten gå full (43stk.) frå Viddal, vil den gå rett til Molaupen.Vi har ikkje sett noko krav om påmelding, men for å kunne planlegge turen ville vi sette pris på at så mange som råd kan melde seg på med antal, og kvar dei går på. For Frank Storeide vil det vere ein stor fordel og få vete kor mange han skal koke graut til.

Vi ber folk merke av datoen, og vi vil i den nermaste framtid kome med oppdaterte opplysningar om kulturvandringa både her på heimesida, og i pressa.Vi har som mål at alle som vil ta denne turen skal få plass, men ekstraturar og litt forsenking i tidsplanen må vi rekne med, men dersom alle gjer sitt beste så skal vi få det til. Det er lettvint og greit å melde frå med SMS eller epost, men vi snakker gjerne med folk.

Kontakt personar Torbjørn Urke. Tlf.700 66 957 mob.906 75 253 epost:torbjorn.urke@hivolda.no og Ivar Svein Mo, Tlf.700 40076 mob.902 03 236 - epost: mosveise@tussa.com

Besøk oss her så skal du få fortløpande informasjon.

Bilete frå kulturvandringa i bildegalleriet.


Skriv kommentar:
Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av sidene med å klikke HER.

Rapportering av feil på sida