Arrangement

(Lagt inn 19.05.2005 - 17:25 av Ivar Svein Mo) Lest 2650 gongar

Kjenner du nokon som kanskje vil interessere seg for dette innlegget?
Tips ein venn om denne artikkelen

0 kommentarar


Avgang frå Sæbø kl. 17.00 med retur seinast 18.45

Hjørundfjord kulturvernlag inviterar til båttur inn Norangsfjorden og Storfjorden som inste del av Hjørundfjorden heiter. Dette er naturmessig den mest kontrastfylte del av fjorden med grøne grender og toppar opp til 1600 moh. Inst i fjorden ligg Bjørke og i området her finst mange gamle bygningar som er unike for heile Vestlandet m.a. ei gamal handelsbu og ei naustrekke med svært gamle naust. På Finnes ser ein klyngetunet på ein rimeleg fonnsikker plass under dei kvasse fjella. Turen går med Rødhette, fjorden sin overbygde skyssbåt, og inkluderar røynd guiding der historier og viktige hendingar vert formidla.


Kultur og natur i Hjørundfjord

I samarbeid med ”Dei Nynorske Festspela” innbyr Hjørundfjord kulturvernlag tilreisande og lokale gjestar til ein fjordtur med Rødhette og kulturkveld på Rise. Fjordturen startar frå Sæbø og går inst i Hjørundfjorden der ein kan oppleve både Norangsfjorden, Storfjorden og grendene der frå sjøsida. Etter denne turen vert det muleg å få fleire inntrykk frå naturen og kulturen i Hjørundfjord då laget arrangerer kulurkveld på Rise, tunet som vart utsletta av snøfonna i 1968. Her får du del i historiske hendingar og folkelivet der fjorden og fjella gir ei sterk ramme med eit sterkt innhald.

Program

    • Opning med Hjørundfjordkvintetten
    • Velkomsthelsing av Synnøve Hill
    • Prolog av Martinus Rise
    • Gamal salme frå Hjørundfjord ved Ragnar Standal
    • Fjella fjorden, hendingar å minnast ved Jarle Walseth
    • Allsong - Titt eg minnast ein gamal gard
    • Rise, garden og folket ved Sigmund Årseth
    • Allsong med Hjørundfjord kvintetten - Dei gamle fjell i syningom
    • Avslutningsnummer med kvintetten
    • Matøkt
Tider og prisar.

Fjordtur med Rødhette kr 100,- Avgang frå Sæbø kl 17.00, retur dit seinast 18.45
Kulturkveld på Rise kr 200,- Start kl 19.00 varer i ca 2 timar, inkl. varmrett

Samla billett for begge arr. kr 250,-


Billetsal i Aasentunet, på Bellingen og http://www.billettluka.no/aasentunet


Skriv kommentar:
Tittel:

Kommentar:

Du kan registrere deg som brukar av sidene med å klikke HER.

Rapportering av feil på sida